Seminar 15.mars: Eit nyskapande landbruk

11.03.2013
Fredag 15. mars arrangerar Oikos - Økologisk Noreg seminar om korleis landbruket kan møte utfordringar innan klima, miljø og helse, og samtidig vera ein attraktiv leveveg i eit moderne samfunn.

– Vi trur at nordmenn ynskjer meir påverknad på kva vi et, enten vi er bønder eller forbrukarar. Difor samlast vi for å lære, jobbe og diskutere samtidig, om det vi brenn for: berekraftig norsk mat. Vi gjentek suksessen frå i fjor med eit praktisk retta og spanande program, seier organisasjonsrådgivar i Oikos, Helene Austvoll.

Påmelding her! Last ned programplakaten her.

Seminaret er på Sogn Jord og Hagebruksskule 15.mars klokka 10.00-17.00. Det kjem over 70 miljø- og matinteresserte frå heile landet. Oikos - Økologisk Noreg, har også sitt landsmøte i Aurland same helg.

Helga opnar med eit viktig overblikk: Fredag 15. drar Oikos i gong seminaret ”Eit nyskapande landbruk”. Hit kjem blant anna Aksel Nærstad frå Utviklingsfondet.

Laurdagen fortsetjer med Aurlandseminaret, arrangert av elevane på Sogn Jord- og Hagebrukssule. Der kan du velje mellom ei rekke kurs: Ysting, kompost, garving av skinn, partering av kje, permakultur med Marianne Leisner, kokkekurs med meir. Laurdagen munnar ut i ein herleg festmiddag. På sundagen blir det foredrag og verkstadar som fokuserer på framtidas matproduksjon i eit grønt perspektiv.

Annonsører

Samarbeidspartnere