Serveringa ved klimatoppmøtet var ein økologisk suksess

04.01.2010
Over 2/3 av dei 100 000 måltida som vart servert under klimatoppmøtet i København i desember var økologiske. Ein stor del av måltida var i tillegg vegetariske. Dermed ble det spart kraftig på kjøtet, som er den verste CO2-syndaren blant matvarene.

Klimatoppmøtet var ein god demonstrasjon på korleis ein kan få dei økologiske verdikjedene til å fungere når mange mennesker skal få servert mat som er produsert etter bærekraftige metodar.

 

Professor Bent Egberg Mikkelsen frå Aalborg Universitet har i samarbeid med rådgjevar i klimavenleg og økologisk mat, Birte Brorson, fulgt førebuingane til klimatoppmøtet godt. På bakgrunn av røynslene frå tidlegare arrangement, har dei sett på menyprofilen som vart lagt til møtet. Minimum 65 % av maten skulle vere økologisk, samtidig som ein ville ha "øko" og "fair trade" synleg på alle etikettar.


Professor Bent Egberg Mikkelsen: - COP15 har givet værdifulde erfaringer, som kan bruges ved fremtidige events både herhjemme og i udlandet.















Bent Egberg Mikkelsen


Mikkelsen og Brorson har også sett på store logistiske utfordringar knytt til dei tradisjonelle ideane om servering av mat og drikke. Det var nytt for kjøkenet på Bella Centeret å arbeide med og servere økologisk mat og drikke, og kaffi og te skulle også vere Fair Trade-merka. Under den travlaste dagen på møtet vart det sendt over 10 000 økologisk og biodynamisk frukt inn i møtehallane.


"Gjennomgangen vår viser at det er heilt avgjerande å tenke ambisiøst i forhold til miljø og klima frå starten av. Det er også viktig å starte planlegginga i god tid, og opplæring av alle involverte kjøkentilsette er avgjerande. Av hensyn til tilliten til forbrukaren og framtidige arrangørar er det også viktig å ha sertifisering på plass, også med omsyn til sporbarheit og evaluering", seier Bent Egberg Mikkelsen.



Les meire om saka her: http://presse.aau.dk/nyheder/4627487

Annonsører

Samarbeidspartnere