SJH takkar for støtte med kreativt økoeventyr

24.11.2015
Måndag 30. november er det opning av utstillinga “Eit økoeventyr” i Folkegalleriet på Aurlandsvangen, og i heile adventstida blir det fleire spanande attraksjonar å vere med på for både liten og stor.

Utstillinga «Eit økoeventyr» er Sogn Jord- og Hagebruksskule sin takk til lokalsamfunnet og alle støttespelarar som bidrog til at skulen vart berga i 2014.

Kreativt eventyr
– Det kjem til å være fleire artige attraksjonar som gjer det spanande å stikka innom fleire gonger i desember. Liten eller stor, her er det noko for ein kvar, seier Spira Svendsen som er elev ved Sogn Jord- og Hagebruksskule og var kampanjekoordinator for «Redd økoskulen!", hausten 2014.

Under opninga 30. november blir det ei kreativ framføring av økoeventyret, servering av økologiske godsaker og avsløring av utstillingas attraksjonar. Utstillinga vil vera open heilt fram til julafta, og i lokalet kan besøkande mellom anna sjå historia til dugnadskampanjen frå byrjing til slutt, både i bilete og tekst.
– Det skal vera tre søndagsarrangement med fokus på å gi noko tilbake til lokalsamfunnet her i Aurland, seier Spira.

Alle aldersgrupper er med
Skulen delar utstillingslokale til Folkegalleriet med Spiren barnehage, Eldrerådet og Husflidslaget. Dei har kvar sin søndag, og alle får sponsa mat og drikke av oss. Me ynskjer at alle aldersgrupper skal vera representert, seier Spira Svendsen.
Då skulen var i faresona for å bli lagt ned i fjor haust, kjempa venneforeininga, elevar, lærarar, politikarar og lokalbefolkninga for at skulen skulle overleva.  Kampanjen fekk oppslutnad i heile landet. Dette var svært viktig – om ikkje avgjerande – for at fylkestinget vedtok at skuleanlegget skal oppgraderast for 30 millionar kroner, og dermed at den einaste heiløkologiske skulen i Noreg fortset å utdanna agronomar i økologisk landbruk.

Takk for all hjelp
Mange faktorar har vore avgjerande i spelet om vidare liv for Sogn Jord- og Hagebruksskule. Utstillinga symboliserer ein takk til alle som på ulikt vis har medverka i kampen som førte til kampanjen “Redd Økoskulen”.
– Ein særleg takk til Aurland kommune som har bidrege med store investeringar og avgjerande innsats for skulen sin eksistens. Det er utruleg flott at kampanjen og skulen kan bli synleggjort i Folkegalleriet på Aurlandsvangen. Me takkar òg initiativtakarane til etableringa av Folkegalleriet og Siver Wangen som stiller lokalet kostnadsfritt til disposisjon, seier Spira og ynskjer alle gode SJH-vener vel møtt til utstillinga.

Kjelde: SJH.no
Illustrasjon: Faksimile av utstillingsplakaten

Annonsører

Samarbeidspartnere