Skånemejerier lanserar klimavennlig mjølk

09.02.2011
Med mjølk frå gården Wanås Gods utanfor Kristianstad i Sverige lanserar no Skånemejeriene økologisk og klimasertifisert lett, mellom og standardmjølk. Dette meldar ICAnyheter.se. - Det sterke engasjementet på økologi og klima som me ser i Sverige er særs interessant, seier daglig leiar i Oikos- Økologisk Norge Reidar Andestad. Å stille klimakrav til mat på det agronomiske plan er viktig for å vise at landbruket er bærekraftig også på denne måten. Det er slik vi i Oikos meinar det også skal kunne gjerast i Noreg.

 

Bilete: Skånemejerier


Økologisk og klimasertifisert mjølk

 

Fokuset på økologi og klima er sterkt i Sverige, og no lanserar Skånemejerier økologisk mjølk som er klimasertifisert. Skånemejeriene er kjend for å jobbe aktivt med miljøspørsmål. - Matproduksjon og distribusjon står for 20-25 % av klimagassutsleppa i Sveriga. Dette gjer det ekstra spesielt å kunne tilby konsumenten eit lokalprodusert, økologisk og klimasertifisert produkt, seier kategoriansvarleg for Skånemejerier Henrik Lundgren til icanyheter.se.

 

Klimakrav i heile verdikjeda

 

Den største miljøpåvirkinga skjer i produksjonsfasen, og det er der klimasertifiseringen i første omgang har blitt utarbeida. Reduksjon av bruk av soja til fôr, energieffektivisering og redusert bruk av fossilt brensel er berre nokre av områda det jobbast me i sertifiseringa i Skånemejeriene. Innan slutten av desember 2012 skal resten av verdikjeda klimasertifiserast, med transport, foredling og emballasje, skriv icanyheter.

 

Gir konsumenten eit miljøvennlig val

 

Sertifiseringa er eit samarbeid mellom Skånemeijeriene, KRAV, Svensk Sigill og leiande ekspertat på klima, jordbruk og livsyklusanalysar. Saman har dei kome fram til reglar og vilkår for sertifiseringa av mjølka på Wanås Gods. Målet med dette er at produksjon og distribusjon av mjølka skal vere mest mogleg miljøvennlig, og at konsumenten skal ha moglegheit til å gjere eit miljøvennlig val.


Heller klimakrav enn klimakvoter

 

Klimakrav til matproduksjon er eit viktig virkemiddel for å redusere dei negative verknadane på klima og miljø som matproduksjon ofte her. Det seiar Reidar Andestad i Oikos- Økologisk Norge, og avsluttar med å gje si støtte til slike offensive tiltak innad i føretaka i staden for å, til dømes, kjøpe klimakvoter eksternt.

 

Annonsører

Samarbeidspartnere