Småbrukarlaget og Yara ga priser til økobønder

05.11.2014
Under landsmøtet til Norsk Bonde- og Småbrukarlag sist helg, blei Mat- og kulturprisen og Såkornprisen delt ut. Begge vinnarane driv økologisk. Oikos – Økologisk Norge gratulerar Fausko og Tjønnås med vel fortente prisar!

Den økologiske garden Fausko Skysstasjon i Tuv i Hemsedal (sjå under "historikk" på nettsida) vann Mat- og Kulturprisen for 2014. Prisen vart delt ut under landsmøtet til Norsk Bonde- og Småbrukarlag sist helg.

Lokal mat og kultur

Det er kunstgjødselprodusenten Yara og Norsk Bonde- og Småbrukarlag som står bak denne prisen, som skal bidra til auka bevissthet om det nære tilhøvet mellom lokal mat og kultur. Prisen er på 100.000 kroner.

– Det er overveldende, veldig gledeleg og utruleg inspirerande. Vi tek det til oss, og ein blir stolt på en slik dag, sa Knut Fausko, til Nationen. Fausko driv garden saman med ektefelle Astri Sudmann.

Har vist veg

- Folket på Fausko skysstasjon har gjennom mange år gått føre og vist veg, skriv juryen i si grunngjeving.

- Ved å ta i bruk mangfaldet av dei ressursar som garden har og funne tilbake til bondens tradisjonelle rolle som gründar, har dei fått til  verdiskaping i vid forstand.

Kreativitet for overlevnad

Fausko er i dag eit kulturmøte, eit møte med fjellbondekulturen, fjellgarden, den tradisjonsrike gjestegarden, utmarka og stølane, mattradisjonane, og folkekulturen gjennom segn, historier og folkemusikk. Å gjera kultur til levebrød handlar også om å vera aktør i ei moderne tid, der det å vera kreativ er ein føresetnad for å overleva.Såkornprisen 2014 fra NBS til Tjønnås økogard Foto Leonid Rødsten NBS

Såkornpris for nyskaping

Tjønnås økogard i Hjartdal er vinnar av Såkornprisen 2014. Såkornprisen skal stimulere til nyskaping i skjæringspunktet mellom lokal mat og kultur. Prisen er på kr. 25.000.

- Prisen går til ein familie på ein typisk telemarksgard, melder smabrukarlaget.no. - Med utgangspunkt i den lokale kulturen og eit mangfald av garden sine mange ressursar, synleggjer dei det nære forholdet mellom lokalmat og kultur på ein framifrå måte. Med foredling og servering av eigne råvarer, musikk og overnattingstilbod i tradisjonelle laftehus gjev dei unike og ekte tilbod tufta på både tradisjon og nyskaping.

Leiar for juryen var Svein Kostveit.

Kilder: www.smabrukarlaget.no

www.yara.no og Nationen


Om Mat- og kulturprisen

Norsk mat- og kulturpris skal:

Øke bevisstheten og kunnskapen om det nære forholdet mellom lokalmat og kultur i befolkningen

Fremme den brede kulturen knyttet til matproduksjon, foredling, tilberedning og måltidsopplevelse

Stimulere til samarbeid mellom ulike aktører som har interesse for å fremme lokalmat og kultur

Bidra til at prismottakernes kompetanse blir tilgjengelig for flere

Øke kvaliteten på lokalmat

Bidra til nyskaping i skjæringsfeltet mat og kultur

Om Såkornprisen

Deles ut for første gang i år.

Går til en nyskaping i skjæringspunktet mat og kultur.

Yara finansierer også denne prisen.

Annonsører

Samarbeidspartnere