SØKJER NY PROSJEKTMEDARBEIDAR

02.11.2010
Sidan 2007 har Oikos drive eit festivalprosjekt der hovudmålet er å auke tilgjengelegheita og profileringa av økologisk mat på festivalar. Frå 2010 har vi arbeidd for å få større fokus på sunn økologisk mat også på idrettsarrangement. Oikos søkjer ein prosjektmedarbeidar, som skal bidra til å gjennomføre prosjektet ”Arrangementsvegleiing” på festivalar og idrettsarrangement.

Fremje økologisk mat på festivalar og større arrangement Beskrivelse

Bakgrunn

Oikos søkjer prosjektmedarbeidar

Sidan 2007 har Oikos drive eit festivalprosjekt der hovudmålet er å auke tilgjengelegheita og profileringa av økologisk mat på festivalar. Frå 2010 har vi arbeidd for å få større fokus på sunn økologisk mat også på idrettsarrangement.
Oikos søkjer ein prosjektmedarbeidar, som skal bidra til å gjennomføre prosjektet "Arrangementsvegleiing". Du skal fungere som prosjektmedarbeidar/prosjektleder, med spesielt ansvar for mellom anna utvikling av materiell til bruk på arrangement, kampanjar, stands og kurs/foredrag ved behov. I stillinga vil det også vere aktuelt å arbeid med organisasjonsutvikling.

Oikos, fellesorganisasjon for økologisk produksjon og forbruk, har 10 tilsette med kontor i Miljøhuset, Grensen 9b i Oslo. Organisasjonen jobbar for å fremje økologiske verdiar og samfunnssyn. Sentralt er å fremme økologisk produksjon og omsetting gjennom politisk arbeid, samt ulike prosjekt. Vi gir ut magasinet Ren Mat, Gennytt og nyhendebrev.

Ønska kvalifikasjonar:

• Høgare utdanning innan mat/ernæring og/eller miljø/landbruk
• Kjennskap og gjerne erfaring frå arbeid med arrangement
• Kjennskap og engasjement for økologisk mat og landbruk
• Kjennskap til organisasjonsarbeid

Ønska eigenskapar:

• Genuin interesse for økologisk landbruk og mat
• Stor arbeidskapasitet
• Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
• Strukturert med gjennomføringsevne


Stillingsprosent: 80-100 %
Lønn etter avtale.

Stillinga finst også på finn.no

Ytterlegare informasjon kan du få frå prosjektleiar Marte von Krogh 23 10 96 48/ 944 25 979  og dagleg leiar Reidar Andestad, 412 71 664   

Søknad inkludert CV sendast til reidar@oikos.no innan 15.november. Det er ønskeleg med oppstart i stillinga rundt 1.februar.

 

Annonsører

Samarbeidspartnere