Sør-Afrika: Uår for GM-maisavlingar

01.04.2009
Sørafrikanske bønder har tapt millionar i inntekt etter at 82 000 hektar avlingar med genmodifisert mais slo feil. Det skjedde rett og slett inga pollinering, opplyser Gennytt.

Monsanto 

Monsanto skuldar på ein feil i prosessen på laboratoriet, og nektar for at avlingssvikten har noko med genmodifiseringa å gjere. Selskapet lovar bøndene kompensasjon.

 

Anti-GMO-lobbyen meiner at maisfloppen er eit teikn på kva ein kan vente seg av verre ting i framtida.

- Vi kjem stadig over nye, utilsikta bieffektar av GMO, seier talsmann Andrew Taynton.

http://www.digitaljournal.com/article/270101

 

Italia: Vatikanet seier nei til GMO

Italienske miljøvernarar jublar for pave Benedikt, som refser multinasjonale selskap for plyndring av naturressursar og spreiing av GMO i fattige land...

 

- Vi har venta i 15 år på denne støtta frå den katolske kyrkja, seier Fabrizia Pratesi, koordinator i EQUIVITA Scientific Committee, som tykkjer utspelet gjev von om ei betre verd.

http://www.equivita.it/

 

Flere GMO nyheter finner du siste nummer av Gennytt.  Se på Oikos siden under Ren Mat.

 

Annonsører

Samarbeidspartnere