Stavanger og Sandnes frontar økologisk mat

28.11.2010
Satsinga på økologisk mat i kommunal verksemd har gitt gode resultat. No har Statens landbruksforvaltning valt ut Stavanger og Sandnes som eit av Økoløft-prosjekta som får midlar til å halde fram arbeidet. – Det er viktig at dei to kommunane fortset den gode jobben dei har gjort, så får me satse på at bøndene på Jæren kjem etter, seier Maiken Pollestad Sele i Oikos – Økologisk Norge, sjølv frå Sele i Klepp.

 

 Maiken Sele, Oikos

Maiken Pollestad Sele i Oikos - Økologisk Norge gleder seg over at den økologiske satsinga held fram i Stavanger og Sandnes.  Bildet : Oikos.

 

I føringa for økologisk i offentlege innkjøp - men ikkje økologisk produksjon.

- Når det gjeld innkjøp til det offentlege ser det ut som Stavanger og Sandes har teke føringa i Norge, seier Maiken Pollestad Sele. I Stavanger finn ein både restaurantar med økologisk mat, økobutikkar og mykje økologisk mat i det offentlege. Barnehagane utmerkar seg, det gjeld for både Stavanger og Sandnes.  Sele er svært nøgd med at kommunane vil satse vidare. Det vekker ekstra oppsikt når produksjonen av økologisk mat foreløpig er så låg i Rogaland, seier ho. Me må satsa på at bøndene i Rogaland kjem etter, det manglar særleg på Jæren der eg kjem frå, avsluttar Sele.

 

10 barnehagar med mykje økologisk mat 

Økoløft-satsinga i Stavanger og Sandnes har ført til at meir enn 10 barnehagar bruker mellom 30 og 70 prosent økologisk mat. Hovudkantina til Stavanger kommune har ein økoandel på rundt 40 %, medan rådhuskantina i Sandes kan skilte med 30 %. I Sandnes kan politikarane dessutan alltid nyte økologisk brødmat på møta sine.

Statens landbruksforvaltning har dei to siste åra gitt økonomisk støtte til 52 kommunar for å få opp forbruket og produksjonen av økologisk mat. Stavanger og Sandnes var blant 10 av dei utvalte "Økoløft" - kommunane.

 


Glad for å kunne vidareføre prosjektet Økoløft


- " Vi ser at målretta arbeid nyttar og er veldig glade for å kunne arbeide vidare med dei gode prosessane i kommunal verksemnd" seier prosjektleiar Gabriele Brennhaugen i ei pressemelding. - "Mange er opptatt av å vite kor maten kjem frå, og ønskjer eit berekraftig alternativ utan bruk av sprøytemidlar og med betre velferd for dyra. Spesielt dei som arbeider med barn er interessert. Dei treng kunnskap, men óg praktiske råd om kor dei får tak i varene og korleis dei kan tilverkast.

 

Les heile denne saka hos fylkesmannen i Rogaland.

Annonsører

Samarbeidspartnere