Stortinget vil ha økotiltak

15.07.2015
Næringskomiteen på Stortinget ønskjer konkrete planar frå regjeringa for å nå måla for økologisk landbruk i 2020, skriv Nationen.

Kristeleg Folkeparti og Venstre, samt Senterpartiet, Arbeiderpartiet og Miljøpartiet dei Grøne poengterar at det nyttar lite med ein plan dersom det ikkje vert fylgt opp med tiltak. I juni ba næringskomiteen ved Line Henriette Hjemdal (KrF) om at regjeringa legg fram ein ny plan. Utviklinga har gått seint dei siste åra og det er langt igjen til målet om 15 prosent økologisk landbruk og forbruk innan 2020.

- Det har ikkje vore tilstrekkeleg vilje for å få det til. Mellom anna i strukturendringa av landbruksforskinga. Her må me satse enda meir, og få opp farta, seier landbrukspolitisk talsperson Pål Farstad i Venstre til Nationen.

Leiar i Næringskomiteen Geir Pollestad i Senterpartiet etterlyser betre økonomiske vilkår for det økologiske landbruket.

– Det har ikkje vore nok folk som ynskjer å driva med økologisk jordbruk, og det tyder på at det økonomisk ikkje er godt nok tilrettelagt for økologisk drift. Det er regjeringa si oppgåve å nå dei måla som er sett av Stortinget, seier Geir Pollestad til Nationen.

Else May Botten (AP) seier at dei kjem til å følgje med på kva regjeringa gjer framover, og ta kontakt med organisasjonar for å få innspel til kva verkemiddel som bør takast i bruk.  Oikos har gitt fleire innspel til jordbruksforhandlingane, dei ligg her. Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget ba også om satsing på økologisk i jordbruksforhandlingane.

Forbrukarane må etterspørje, meiner FrP og H
På spørsmål frå Nationen om kvifor me er så langt frå målsettinga, svarar statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal at det blant anna kan vere på grunn av at marknaden er umoden. Økomålsettingane er framleis ei prioritert oppgåve for Landbruks- og matdepartementet, seier Blåfjelldal. Ingunn Foss frå Høgre meiner forbrukarane si interesse må vere til stades om ein skal nå målsettinga.

Høg auke i sal av økologisk
- I fjor hadde me den nest høgaste auken i verda når det gjeld  sal av økologisk mat, seier seniorrådgjevar i Oikos - Økologisk Norge, Maiken Pollestad Sele. - Berre svenskane hadde større auke i salet enn oss, der var auken på 38 prosent mens her i Norge var den på 30 prosent. Det er altså tydeleg nok etterspurnad frå marknaden, seier Pollestad Sele.

Mange forbrukarar vil gjerne ha norsk, økologisk mat. Det er synd om den auka etterspurnaden må dekkast av import. Me er difor veldig glade for at næringskomiteen no ber regjeringa om ein ny plan. Det vert spanande å sjå kva slags verkemiddel regjeringa vil bruke. Me er klare til å bidra vidare, avsluttar Pollestad Sele.

Lese heile saka i Nationen



Annonsører

Samarbeidspartnere