Tonnevis med linfrø ureina med ulovleg GMO

13.10.2009
154 tonn med linfrø, infisert med ulovleg GMO, har gått ut til norske forbrukarar, rapporterer Gennytt.

- Dette er alvorleg, seier Reidar Andestad i Oikos, som er glad for at importøren på bakgrunn av dette har endra land dei importerer frå.

Mørke linfrø.  Bildet Wikipedia. 

 

Canadiske linfø med GMO tross Canadisk forbud

Grossisten Harlem Foods i Oslo fekk rett før helga vite at sju parti med canadisk linfrø, som dei kjøpte i perioden februar til april, i følgje tyske laboratorium inneheldt den ikkje-godkjende, genmodifiserte linfrøtypen Triffid.

 

Produktsjef Øyvind Pettersen ved Harlem Foods seier at meldinga kom som eit sjokk. Han understrekar at verksemda har svært strenge kvalitetskrav, og at dei er fortvila over det som har skjedd.

 

Linplante.  Wikipedia.

 

Kutter ut Canada 

- Alle våre leverandørar hentar no linfrø frå Russland og Ukraina framfor Canada. Men det heile er mystisk, fordi linfrøa var godkjente og testa som GMO-frie både i Canada og hos importørane i Belgia.

 

I førre Gennytt skreiv vi om dei genmodifiserte og ulovlege linfrøa som var funne i tyske matvarer. Omfanget vert stadig større. Linfrø og mjølblandingar som inneheld "Triffid" er distribuert til 24 nye land, inkludert Norge.

 

 

Mest levert til bakeri og storkundar 

- Det går mange rykte, vi vonar at sanninga kjem for ein dag i neste veke, då EU og Canada skal drøfte denne saka, seier Pettersen. Han ventar no på utspel frå Mattilsynet om korleis dei skal informere kundane sine om det som har skjedd. Harlem Foods leverer for det meste til bakeri og andre storkundar.

 

Belgisk firma N.V.Braet

Veka før vart også eit parti bakemiks, ureina med same GMO, stoppa ved Stangeland Mølle AS i Sandnes. Linfrøa er importert frå Canada til Europa av det belgiske firmaet fa.N.V.Braet.

 

- Partiet er sperra, den eine pallen som allereie var sendt ut har vi fått henta inn att, seier Øyvind Aareskjold frå ei messe i Tyskland. Han er dagleg leiar ved Stangeland Mølle. Han er imponert over jobben det lokale Mattilsynet har gjort.

 

- Vi vil ikkje ha slike varer, det vil ikkje denne produsenten vi handlar med heller, seier han, og vonar at dette er ei mistyding og at partiet slett ikkje inneheld GMO.

 

- Det meiner iallfall produsenten sjølv. Vi har heller ikkje sett tal på mengder eller analyserapportar, seier han.

 

Mange tilsvarande saker i Europa i det siste 

- Det har vore mange tilsvarande saker i Europa den siste tida, seier rådgjevar Monica Stubberud ved Mattilsynet, seksjon for planter og vegetabilsk mat.

 

- I Noreg har vi førebels ikkje eigne analysemetodar for denne genmodifiserte varianten, men veterinærinstituttet jobbar med å etablere ein slik analysemetode.

 

Mattilsynet fekk den første meldinga frå RASFF (Rapid Alert System for food and feed) 2. oktober, den andre 9. oktober. RASFF er eit europeisk meldesystem der det vert utveksla informasjon om helsefarleg mat og fôr i eit samarbeid mellom medlemslanda i EU, EFTA/EØS, EFSA (European Food Safety Authority) og EU-kommisjonen.

 

Ingen forstår

Ingen forstår korleis denne ureiningen har skjedd. Den aktuelle GMOen vart forbode i Canada allereie for 8 år sia etter prøvedyrking. Den har aldri vore godkjent verken til mat eller dyrefôr

- Vi har inga aning kor stor spreiing dei ulovlege linfrøa har nett no, men potensialet er tydeleg enormt, seier Lucy Sharratt, koordinator i i aktivistgruppa Canadian Biotechnology Action Network i Ottawa til Reuters.

I Sverige har Axfood stoppa produktet Garant Ekologiska Linfrön etter at spor av dei canadiske GM-linfrøa vart funne i produktet.

- Det første gongen det er funne spor av GMO i eit økologisk produkt i Sverige, etter kva eg veit, seier Rolf Brattström, statsinspektør ved Livsmedelsverket.

 

 Les meir om denne saka

 

Saka over er henta frå Gennytt:

 

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat.

 

GENNYTT vert og lagt ut her

 

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no

 

Annonsører

Samarbeidspartnere