Ulovlig GMO i linfrø

30.09.2009
Trass i at dyrking av genmodifisert lin vart forbode å dyrke i Canada for åtte år sia, er det funne spor av slike frø i brød og frukostprodukt i Tyskland. Dei kanadiske linfrøprodusentane tvinga igjennom eit forbod i 2001 for å verne eksportmarknaden. Meir enn 70 prosent av canadisk lin går til eksport, mellom anna til Europa.

Linplantane har vakre blomster og frukter og det fins mange sorter av dei, berre ein veks i Norge. Planten gjev frø som vert brukt til mat og til fiber som vert brukt til lintøy. Foto: Wikipedia.

Mareritt

Det tyske funnet er genspleisa lin av typen "Triffid".

 

- Dette er det absolutte mareritt for linprodusentane, seier  Terry Boehm i National Farmers Union. Ingen veit kor ureiningen kjem i frå eller korleis den har hamna i det eksporterte partiet.

 

Linfrø fins i mørk og lys farge. Foto: Wikipedia.

- Dette viser kor farleg ei kvar form for feltforsøk med GMO er for både bønder og konsumentar, seier Arnold Taylor, som er økologisk linprodusent og leiar i Organic Agriculture Protection Fund i Canada.

 

http://www.ekoweb.nu/

 

Tyskland: Garantert GMO-fritt

Den tyske forbundsregjeringa har lansert eit nytt merke "Ohne Gentechnik". I følgje leiaren i den tyske økoorganisasjonen Bioland, Thomas Dosch, er dette eit skritt i rett retning, sia det gjer det mogleg for forbrukarar å velje bort matvarer som er laga på basis av genmodifiserte råvarer.

http://www.keine-gentechnik.de/dossiers/ohne-gentechnik.html

 

Fleire GMO-nyheter i Gennytt, der desse sakene er henta frå.

 

Annonsører

Samarbeidspartnere