USA: Bøter for spreiing av GMO

09.02.2010
Tyske Bayer er dømt til å betale 1,5 millionar dollar i erstatning til tre amerikanske bønder som har fått åkrane sine ureina av genmodifisert ris. I ei liknande sak i desember vart frøselskapet dømt til å betale 2 millionar dollar, og 500 liknande saker er under handsaming, skriv Gennytt.

- Oikos er glad for at fleire produsentar går til søksmål mot Bayer og Monsanto. Desse selskapa held på å øydelegge grunnlaget for rein og miljøvennlig produksjon i mange land, seier Reidar Andestad.

Bayer må betale erstatning for spreiing av GMO-ris til områder som skal være GMO-frie. Bøndene taper fortjeneste fordi fleire land som Norge ikkje tek risikoen på å importere GMO-ris.  Bildet er frå ein risåker.

 

Japan og EU vil ikke ha GMO-ris 

Bayer CropScience held fast på at dei ikkje har gjort noko uforsvarleg, og vil vurdere alternativ til bøtene. Selskapet meiner at ein ikkje kan trekke nokon konklusjon når det gjeld resten av sakene, sida erstatningsbeløpet varierer frå sak til sak. Bakgrunnen er at ein genmodifisert, ikkjegodkjent ristype vart funne i matvarer i 2006. Dette førte til at Japan og EU innførte restriksjonar på import av amerikansk ris, og påfølgjande tap for risbøndene i USA.

 

http://www.reuters.com/article/idUSLDE61421W20100205

 

Frankrike: Bøter for GMO-aksjonar

Ved ankedomstolen i Versailles er 53 aksjonistar dømt til fengsel i tre månader på vilkår for å ha skada eit forsøksfelt med genmodifiserte plantar i 2007. Dei vart frifunne i første rettsinstans. Ankedomstolen dømde også GMO-motstandarane til å betale ei skadeerstatning på 10 000 euro. Monsanto, som sto bak forsøksfeltet, hadde kravd ei skadeerstatning på 1,293 millionar euro.

 

http://info.france2.fr/environnement/53-faucheurs-anti-OGM-condamn%C3%A9s-en-appel-60499198.html

 

Begge desse sakene er henta frå sist utgåave av Gennytt, sjå meir om Gennytt under Ren Mat på Oikos-sida.

Annonsører

Samarbeidspartnere