USA: Fleire svoltne insekt i GMO-åkrane

08.03.2009
Bomullsbønder i USA slit med stadig fleire nye skadedyr etter at dei byrja å dyrke genmodifisert bomull. Oikos er uroa over stor auke i GMO-oråder, seier Reidar Andestad, samstundes er det oppmuntrande at det er stort engasjement mot dette i ei rekke land som i Norge. Direktoratet for Naturforvaltning sjokkerte miljønorge tidlegare i år med å ville godkjenne GMO-mais.

Fleire innsekter i GMO-åkrar i USA

Dei sprøyter mindre mot dei tradisjonelle skadeinsekta, men opplever ein enorm auke i nye typar som skadar avlingane. Dette kom fram på den årlege Beltwide Cotton Conferences i San Antonio.

 http://deltafarmpress.com/cotton/beltwide-insects-0202/

 

Genteknikken spreier seg

GMO-areala i verda veks stadig. I 2008 utgjorde dei 125 millionar hektar, det er 9,4 prosent meir enn året før.

I følgje ein rapport frå ISAAA, samarbeidsorganet for GMO-produsentar, dyrka 25 land GMO i fjor, dei tre nye landa som kom til var Burkino Faso, Egypt og Bolivia.

Seks europeiske land står på lista, men her er det førebels snakk om små areal på under 50 000 hektar. USA står for halvparten av GMO-arealet i verda.

http://www.landbrugsavisen.dk/Nyheder/Netnyheder/2009/2/12/Stor%20vaekst%20i%20verdens%20areal%20med%20gmo-afgroeder.htm

 

 

EU: Ingen GMO-felt skal vere hemmelege

Alle har krav på å vite kvar GMO vert dyrka, slår EU-domstolen fast. Risikoen for at denne informasjonen skal nyttast til å øydelegge avlingane er ikkje nok til å hemmelegstemple lokalitetane.

http://www.dw-world.de/dw/article/0,,4036841,00.html

 

 

Georgia: Vil forby GMO

 Georgia vil erklære seg som eit GMO-fritt land, skriv russiske Novosti.

- Jordbruket i Georgia skal vere sunt og økologisk reint, og eg vil instruere regjeringa til å sikre seg at genmodifiserte produkt vert forbode, slik det er i ein del land i Aust-Europa og i CIS, sa president Mikhail Saakashvili på ein lokal TV-kanal nyleg.

http://www.organic-market.info/web/News_in_brief/Genetic_Engineering/Georgia/176/188/0/5085.html

 Desse sakene er henta frå siste nummer av Gen Nytt - sjå heile nummeret under Ren Mat på Oikos heimeside.

Annonsører

Samarbeidspartnere