Utfordringar for norsk landbruk

21.08.2012
Styreleiar i Oikos - Økologisk Norge reflekterer rundt kva det vert fokusert på i landbruket og forskninga i Norge i forhold til i våre naboland. Regjeringa har eit mål om at 15 % av produksjonen og forbruket skal vere økologisk innen 2020, då bør vel forskning på økologisk også prioriterast? Og satsing på offentleg forbruk av økologisk mat?

 

 

 

Snevert fokus i Norge

 

Tirsdag 14. aug gjekk den årlege markdagen på Bioforsk Apelsvoll. Fantastisk dag med sol og 170 deltakarar! For oss ”økologane” som deltok vart dette ein tankevekkande dag. Det synes som at for mange i Norge så er utfordringane for oss matprodusentar svært så eintydige: Skaff meir mat! 20% auka kornproduksjon på 20 år. Bli meir effektiv! Tilpass deg datalderen! Bli moderne! Sprøyt riktig! Alt dette er vel og bra, men er det bra nok?



Om du deltar på seminar og møter utanfor landets grenser så blir fort utfordringane meir mangfoldige. Når ein der snakker om bondens utfordringar så har ein som regel med klima, miljø, økologi og helse i tillegg til spørsmålet om nok mat. Både den nye landbruksmeldinga og markdagen på Apelsvoll er som eit ekko av det norske mantraet: Produser meir – bli meir effektiv. Bli meir økonomisk! Ein får inntrykk av at mange har gløymt at det er mat vi produserer - vi skal ver så god levere så mange kilo råvarer som muleg, billigst muleg, til den norske næringsmiddelindustrien. Når så mykje godt landbruksvett inkludert ein god del av økoveiledarane på Austlandet er samla, så kunne ein kanskje tenkt seg at innleiarane også vinkler sine innlegg ut frå ein økologisk vinkel. Dette skjer ikkje.


Spørsmåla innskrenker seg ofte til det enkle: er ½ eller ¾ dosering sprøyting nok, og kor mye ekstra gjødsel må til for å kompensere kjøring med stor traktor. Tidlegare år har økologisk som regel vore ein del av dei valgbare tema på Apelsvollmarkdagen, men altså ikkje i år.


Bioforsk Økologisk som Nasjonalt kompetansesenter

Det har i ei årrekke vore jobba sterkt for at den økologiske veiledninga skal samordnast med all anna veiledning. Dei fleste økoringane gjekk for mange år sidan saman med dei konvensjonelle forsøksringane, og NORSØK på Tingvoll gjekk i 2006 saman med Bioforsk og vart Bioforsk Økologisk. Føresetnaden var da at Tingvoll skulle oppretthaldast som nasjonalt kompetansesenter for økologisk og halde fram med nasjonale oppgåver innafor dette feltet. Det er fortsatt ei målsetting at 15 % av norsk landbruk skal bli økologisk og vi har ein utfordrande veg fram mot dette. Men dette gir seg ikkje utslag i ”kvassare” økologisk veiledning. Tvert imot synes det no som at Bioforsk Økologisk sakte men sikkert blitt fråtatt både oppgaver og økonomi som kreves for å vera eit Nasjonalt kompetansesenter innafor økologi. I 2012-budsjettet for Bioforsk Økologisk vart heile potten som var øremerka nasjonale oppgaver stroke.


Offentleg økoforbruk viktig - Bioforsk Økologisk var pioner

Marknad er den største utfordringa for økologisk akkurat no. Bioforsk Økologisk har gjort eit pionerarbeid for å få økologisk mat inn i offentleg innkjøp. Suksesshistorier frå St.Olav Hospital og Forsvaret er resultat av dette. Men denne oppgaven får no ikkje Tingvoll styre med lenger. Mitt håp er at den økologiske veiledninga og forskinga må styrkast i åra framover i tråd med den politiske målsettinga for økologisk landbruk.


 

Departementsråd utan svar

Departementsråd Leif Forsell hadde ikkje noko godt svar på Jakob Bjerkems spørsmål om korleis det kan bli meir økologisk mat i det offentlege. Han var heller ikkje klar over at det er mogleg å be om økologisk mat i offentlege anskaffelsar, men dette vart retta i e-post til journalisten i etterkant.  Sjå meir i sak i Norsk Landbruk frå markdagen hjå Bioforsk.

Annonsører

Samarbeidspartnere