Vekst innan økologiske eple, pære og bringebær i Sogn

12.04.2012
Samanliknar vi Sogn og Fjordane med resten av landet, har fylket 27 % av eplearealet og 12 % av sauene som er godkjende som økologiske. - I 2011 var det auke i arealet for eple, pære og bringebær, men ein nedgang i grasarealet som vert drive økologisk. Tala frå Debio syner at fylket no har 177 gardsbruk med økologisk produksjon og eit areal på knapt 20 000 dekar. Dette utgjer 4% av jordbruksarealet i fylket, skriv fylkesmannen.

 Balholm trekker opp

Det er grunn for å rose produsentar og miljøet rundt frukt- og bærmiljøet i fylket, seier Reidar Andestad i Oikos - Økologisk Norge. Særleg gleder han seg over veksten innan økologiske bringebær, eple og pærer. Ikkje minst grev verksemda Balholm store postive ringverknader for økologisk utvikling i Sogn, legg han til. I tilegg kjem det aktive miljøet rundt Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland.

 

Vekst og innan sauekjøtt

Med bakgrunn i utviklinga siste åra er innsatsen til Fylkesmannen retta mot kjøtproduksjon på sau/lam, produksjon av frukt/bær og marknadsarbeid knytt til omsetnad av økologisk kjøt, skriv fylkesmannen for Sogn og Fjordane.

 

Sogn og Fjordane fekk tildelt kr 425 000 til Handlingsplanmidlar i 2011 frå Statens Landbruksforvaltning.

Jordbruksareal        18 096    -270     4       4

Grasareal                17 290    -421    4        4

Eple                           323      +81    16       27

Pære                           60      +12    17       77

Morellar                         8         0    2       18

Plomme                        47        -8    7       16

Jordbær                         5        -5     1         5

Bringebær                    60       +13   4        11

 

Tabell 1: Dekar økologisk jordbruksareal delt på ulike kulturar, endring siste året og det økologiske arealt som % av det totale arealet i fylket og det økologiske arealet i landet 2011.

 

 

 

 

Annonsører

Samarbeidspartnere