Velg heller Ø enn E

30.06.2011
Vårens kampanje "Heller Ø enn E" avsluttast i dag. Sidan andre veke i mai har mange ulike aktivitetar på kvar sin måte satt fokus på bruken av e-stoff i mat og stilt spørsmål til kva som er ekte og «uekte» mat. Kampanjen er ferdig, men temaet er framleis sentralt i Oikos - Økologisk Norge sitt arbeid. Alt i alt er med veldig nøgde med desse to månadane , seier Kristina Alnes og Helene K. Austvoll i Oikos, som har vore sentrale i kampanjen. E-stoff og mat er openbart noko som engasjerar mange, noko me har opplevd på facebooksida og gjennom dei andre aktivitetane.

 

E-stoff på Facebook

På Oikos - Økologisk Norge si facebookside har det vore diskusjon, debatt og ikkje minst kunnskapsdeling om temaet. Konkurransen «Cocktail-kongen» har fått folk til å laste opp bilder av «juksemat», mat som framstår som naturleg og heimelaga men kor innhaldslista visar noko anna, nemlig ein cocktail av e-stoff. - Me har fått inn mange tankevekkande bidrag på facebook-veggen til Cocktail-kongen, og me kjem til å la denne sida stå slik den er sjølv om kampanjen offisielt er over. Det seier marknadssjef i Oikos - Økologisk Norge, Kristina Alnes.

 

E-fri blogging

Det er e-stoff, kunstige og såkalla naturidentiske i veldig mykje av maten me et, og det kan vere ei utfordring å lage mat utan. Oikos utfordra difor 5 bloggarar om å leve 2 veker utan kunstige e-stoff og blogge om det. «Bevisstgjøring er meget viktig og blogging er en fin måte å nå ut med et budskap til mange mennesker samt skape debatt som kan føre til endringer i samfunnet.» skriv ein av bloggarane, Carina Hultin Dahlmann i eit av dei siste blogginnlegga i kampanjetida.

 

Tullemat

Bra mat, dårlig mat, sur mat, søt mat, industrimat og økomat! Mat er mangt og med så mangt kan man tulle! Det ble også gjort under humorshowet «Tullemat» med Shabana Rehman og Freddy Kjensmo i byrjinga av juni på utestaden Blå i Oslo. Den musikalske forretten av Guro von Germeten med livlige rytmer og stemningsfulle låtar frå sitt raude trekkspel, før Shabana og Freddy tok over scenen med kosttilskot, nøkkelhols-burka og mykje tull om mat.

 

Øko-app til mobil

Økologisk mat er diverre ikkje enno tilgjengelig i alle butikkar, og ofte er det dårleg og lite utvalg. Under kampanjen har Oikos - Økologisk Norge difor utvikla ein mobilapplikasjon for å etterspørre økologisk mat i butikkar. Etterspurnadane blir sendt til dei ulike butikkane, og me håpar dette vil kunne føre til betre og større utval av økologisk i vanlege matbutikkar, seier Alnes. App`en kan lastas ned her.

 

Velg heller Ø enn E

«Heller Ø enn E» har hatt som mål stille spørsmål rundt bruk av kunstige e-stoff i mat, villedande marknadsføring med overdrevet bruk av ord som `ekte`, `heimelaga` og `naturleg`, og ikkje minst vise at økologisk mat ofte er det enklaste alternativet. I økologisk mat er det liten bruk av e-stoff, og dei som brukast har alle naturleg opphav. Med økologisk veit du at du får rein mat og at maten er nett den den utgjer seg for å vere. Ikkje meir, ikkje mindre. - Det har vore ein vellykka kampanje med mange ulike aktivitetar, og me har sett mykje engasjement rundt temaet, seier Helene K. Austvoll som saman med Alnes har jobba med kampanjen. Å se slikt engasjement gjer det sjølvsagt ekstra kjekt å jobbe med, og me håpar at me gjennom kampanjen har fått nokre fleire folk til å heller velje Ø framføre E, avsluttar ho.

 

Ein stor takk til alle e-frie bloggarar, til Freddy Kjensmo og Shabana Rehman med humorshowet "Tullemat", Guro von Germeten som stilte opp som oppvarming til humorshowet, og til alle andre som har engasjert seg og delteke i debatt, kunnskapsdeling og konkurranser!

 

Les meir om kampanjen her.

 

 

 

 

Annonsører

Samarbeidspartnere