Vellukka økosamling for tillitsvalde og medlemmer 2012

12.11.2012
Korleis kan me betre jobbe saman for eit meir økologisk samfunn? På Økosamling for tillitsvalde og medlemmer i Oikos – Økologisk Norge i helga, skulle vi finne svar på dette og andre spørsmål. Samlinga gav grobotn for både visjonære og organisasjonstekniske diskusjonar.

 

 

 

 

Sjå resten av bileta på Facebook eller her!

 

Årleg samling til inspirasjon og motivasjon

Fredag 9. og laurdag 10.november samla godt over 40 medlemmer og tillitsvalde i Oikos – Økologisk Norge seg i Oslo. Det var både nye unge medlemmer og dei som har vore med lenge i Oikos, noko som skapte eit mangfald av meiningar og idear. Kvar haust arrangerast ei slik samling for å skape god dialog og inspirere kvarandre, lære om kva dei ulike region- og lokallaga jobbar med, og for å diskutere viktige virkemiddel i arbeidet med økologi.  

 

Heit gulrotsuppe og visjonar

Fredagen samlast vi rundt kveldsmaten, med kåseri, quiz, bileteframsyning av det økologiske Noreg og inspirerande og visjonære ord frå Oikos sin styreleiar, Jakob Bjerkem. Til kveldsmat vart det servert heimelaga ”spicy” gulrotsuppe, laga på oppskrift frå Ren Mat, servert med rømme, byggryn og ferske brød -ein mjuk start på samlinga.


Saman for ei økologisk utvikling

Laurdagen var det organisasjonsbygging som sto i fokus. Vi starta med gruppediskusjonar om korleis å betre jobbe saman for eit meir økologisk samfunn, med nyttige innspel og tilbakemelding både på administrasjonen og laga sitt arbeid.


Fagleg input

I løpet av dagen fekk vi også faglege input gjennom eit foredrag om ”Genmodifisert mat på norske fat – kor lenge kan vi stenge grensene?”. Vidare fekk me vist flotte bilete frå Oikos sitt utviklingsprosjekt i Zambia, ODISSA. Der fekk vi sjå fikentre og jordnøtter (peanøtter) og sjå kor viktig prosjektet har vore for å betre kunnskap om biologisk mangfald, viktigheita av eit fruktbar jord og eit reint landbruk. Vi fekk også ein liten smakebit av den nasjonale økokampanjen ”FRI”, i regi av Matmerk, med reklamefilm og ”musikkdiggande” kyr, som skal spreiast over land og strand på nyåret.  

 

Vårrengjøringskampanje

Oikos er ein medlemsorganisasjon med 17 lokale og regionale lag i heile landet, og det er fleire måtar å jobbe saman på for å nå ut til fleire. Økologisk gårdsmarked, eit ope gardsarrangement vart presentert av Oikos Innlandet som ein moglegheit, og vi diskuterte moglege felles kampanjar. Kva med ein ”vårrengjøringskampanje” for å auke interessa for ein reinare livsstil?


Nye frukter

Vi håpar at årets økosamling for tillitsvalde og medlemmer bærer frukter i arbeidet vidare med organisasjonen som heilskap og med det som er vår kjernesak, nemleg eit meir økologisk samfunn!

 

Sjå heile programmet her

Annonsører

Samarbeidspartnere