Vellykka Økologisk gårdsmarked

07.09.2011
Det har regna kattungar, det har blåst surt og det har vore strålande solskin. Vær eller ikkje vær, barn og vakse har ulike stader i landet tatt turen innom Økologisk gårdsmarked i sitt nærområde.

Bilde: Oikos Rogaland
Tekst: Helene K. Austvoll


Sjå TV-reportasje frå Økologisk gårdsmarked på Leikvoll gård på Randaberg!

 

 

Økologiske bønder, lokal- eller regionlag  til Oikos - Økologisk Norge og andre frivillige har invitert til Økologisk gårdsmarked no i byrjinga på hausten . Ein laurdag eller søndag i august og september har folk fått kome ut på ein økologisk gard for å sjå korleis høns trippar rundt og hakkar i graset,  grisar som rotar i søla, smake gulrøter som nett har kome opp frå jorda, smake nysteika vaflar laga på økologiske råvarer med heimerøra syltetøy.

 

 

Finn Økologisk gårdmarked på facebook!

 

 

Rein og ekte smak blanda med nærleik til dyr og kultur er kjernen i Økologisk gårdsmarked, og fleire hundre menneskje har fått oppleve nett dette.

 

Økologiske gårdsmarked har til no funne stad 9 ulike stader i landet frå midten av august  til september og det er framleis 2 gårdsmarked som gjenstår i år. Neste Økologisk gårdsmarked er på Frilund gård i Aurskog-Høland den 10.september. Det siste Økologiske gårdsmarkedet for i år er på Osmoen Øvre i Os i Østerdalen, den 24.september.

 


Velkomen til

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Annonsører

Samarbeidspartnere