Vil du bevara ein plante – et han!

10.07.2011
Og vil du bevare helsa – et gamle kornsortar! Over 50 menneskjer frå Noreg, Sverige og Danmark samla seg på Evje gård i Sigdal, Buskerud denne helga, 8.-9.juli, til Nordisk samling om gamle kornsortar. Historia om gamalt svedjebruk og praktiske råd om dyrking, biologisk mangfald og global matsikkerheit, viktigheita av ei levande jord og helsemessige eigenskapar til gamle sortar samanlikna med moderne sortar. Dette var berre noko av det me fekk sjå og høyre om på Evje gård i helga.

Foto og tekst: Helene K. Austvoll

 

Arrangørar av samlinga var Økologisk spesialkorn og Norsk genressurssenter.

 

Optimisme blant økologar

I Theodor Kittelsens heimtrakter, med utsikt til "Andersnatten", raude stabbur og flotte gardsbygg har det denne helga i juli samla seg ei gruppe interesserte, engasjerte og kunnskapsrike menneskje. Jordnært. Idealistisk. Realistisk. Optimistisk. Dette er berre nokre av adjektiva som kunne beskrive både menneska og innhaldet i helgas program. Laurdagens middag kunne me nyte i tradisjonsrike omgjevnader på Grøset seter, kor me blant anna fekk servert heilsteikt lam. Eg hadde gleda av å sitje ved sida av ein økologisk kornbonde som for nokre år tilbake hadde lagt om frå konvensjonell drift. Han kunne fortelje at etter at han la om til økologisk hadde han opplevd ei øko-rørsla og økobønder som var prega av optimisme og motivasjon. Etter denne helga skal det mykje til for å varte motbevist.  

 

Vil du bevare ein plante - et han!

Bodskapen er enkel, vil du bevare ein plante så et han. Og kanskje er bodskapen ein av dei viktigaste når det gjeld matsikkerheit, mennesker si helse og ikkje minst for smak og nyting. Av alle verdas 50 000 planter me kan ete, er det i praksis berre 250 me dyrkar, og det er mais, ris og kveite som dekkar 60 % av verdas ernæring. Dette kunne Anders Borgen, ein av pionerane innanfor bruk og bevaring av gamle kornsortar fortelje. Mangfald svinner hen når me ikkje brukar og dyrkar det, og me treng levande system for å utvikle plantegenetisk materiale.

 

Vil du bevare helsa - et gamle kornsortar!

Mykje av utviklinga av mat i det moderne og industrielle systemet i verda i dag har lagt vekt på høgtytande, effektive og estetisk fine sortar innan korn, frukt, grønnsaker og andre planter. Næringsmessig innhald og helse har ikkje vore i fokus. Som konsekvens er bruk av gluten i feil form ein av årsakane til over 200 av dei siste sjukdommane me har sett den siste tida i Noreg og andre land. Dette kunne medisinar og naturterapeut Harald A. Mortensen fortelje. Han trakk parallellar mellom ulike allergiar og intoleranse og kosthald, kor bruken av gamle kornsortar vart trekt fram som ein viktig del i ei kosthaldsendring og for betre helse. Når det nye mjølet blir bytta ut med det gamle mjølet kan, i nokre tilfeller, gluten-intolerante menneske byrje å ete mjøl forsiktig.

 

Framtidas brød laga med fortidas korn

Frå eit mobilt steinovnsbakeri fekk me smake nåtida og framtidas brød laga på fortidas korn - emmer, svedjerug, spelt og einkorn er berre nokre av sortane som vart brukt , og det var umogleg å reise frå Evje gård utan nokre kilo korn til heimebaking. Å bruke gamle kornsortar handlar ikkje berre om å bake eit godt brød eller kunne bruke bygg i staden for ris. Det handlar om å gjennom det gamle tenkje på det nye, gjennom fortida tenkje på framtida.

 

Ved å bruke gamle kornsortar tek du vare på tradisjon og historie, du aukar sunnleiken i brød både for vaksne og born, du bidreg til å ta vare på mangfaldet av mat og på den maten skapar mindre risiko og meir matsikkerheit. Ikkje minst, du gjer matlaging meir spanande og smaksrikt!

 

Lurar du på kor du får tak i sunt og mettande mjøl? Dette er nokre av leverandørane:

 

Økologisk Spesialkorn

Holli Mølle

Kvelde Mølle

Ommang Søndre

 

Finn du det ikkje på butikken, ring heller og bestill frå mølla eller bonden. Tru meg, det er verdt det!

 

 

 

 

Annonsører

Samarbeidspartnere