Villsaubønder får Økopris Vestlandet 2014

09.09.2014
Hilde Buer og Anders Braanaas driv med villsau på Værlandet. Dei vert heidra med Økopris Vestlandet 2014 for sitt heilskaplege engasjement for utvikling av økologisk landbruk og sitt tolmodige arbeid med gamle saueraser.

I år går Økopris Vestlandet til Hilde Buer og Anders Braanaas som driv økologisk med villsauVærlandet, ei øy heilt vest i havet i Sogn og Fjordane fylke. Prisvinnarane er mest kjende for sine engasjement for gamle saueraser.

Inspiratorar

Dei to har i ei årrekkje jobba med og for økologisk landbruk i teori og praksis og vore inspiratorar og pådrivarar i det økologiske miljøet, heiter det i grunngjevinga for tildelinga av prisen. I tillegg har dei engasjert seg i ei rekkje prosjekt og organisasjonar som har utvikling av økologisk landbruk og berekraftig utvikling generelt som sitt hovudføremål.

Villsauboka

Hilde Buer har lenge vore engasjert i arbeidet med å bevare og vidareutvikla den norske villsaubestanden. Mellom anna har ho skreve “Villsauboka” og er ein etterspurt kurs- og føredragshaldar om villsauen langs heile den norske kysten. Hilde har i fleire periodar òg vore medlem i Norsk Genressursutval.

Anders Braanaas dreiv i over 30 år eit økologisk sauebruk ved Førde, og har vore engasjert som både styremedlem og styreleiar i Økoringen Vest. I fleire år var han òg leiar av styret til fagbladet “Økologisk landbruk”.

I mange år har Anders vore inspirator og rettleiar for sauebønder som vurderer omlegging til økologisk drift.

Kystlynghei

- Vi er både glade og overraska over å få denne prisen, seier Hilde Buer til Oikos.no.

Hilde og Anders flytta til Værlandet med saueflokken for eit knapt år sidan. - Mottakinga vi har fått her på Værlandet har vore heilt fantastisk, kan Hilde fortelje. - Øya er perfekt for villsaudrift, og no skal vi i gang med husbygging her.

Villsauen treng ikkje hus. Dyra går ute året rundt og dei er gode til å ta vare på det unike kystlynghei-landskapet. Dei om lag 500 dyra, som finner fôret sitt sjølv, beiter eit areal på om lag 6000 daa med fin og produktiv strandeng, samt ein del berg og myr.

- Når sauen beiter, blir lyngheilandskapet finare og får eit større biomangfold, fortel Hilde.

Drivkrefter

Prisutdelarane vil trekkje fram at Hilde Buer og Anders Braanaas ikkje berre har engasjert seg i økologisk sau- og villsauhald, men at dei også har vore viktige drivkrefter i det økologiske miljøet i Norge generelt. Begge to har engasjert seg som tillitsvalde og har delteke i ulike prosjekt og utval.

Anders og Hilde er gode døme på korleis personar som ikkje er født på eit gardsbruk kan bli nyskapande gardbrukarar, som satsar på økologisk landbruk som ein viktig del av ei berekraftig framtid. Dei er førebilete og inspiratorar for mange, skriv prisutdelarane i ei pressemelding.

Økopris Vestlandet vert delt ut kvart år og går til verksemder eller enkeltpersonar som har gjort ein særleg innsats for å fremja økologisk landbruk, forbruk og utvikling.

Det er Oikos Vest og dei økologiske rettleiingsorganisasjonane på Vestlandet, som deler ut prisen. I år vert prisen utdelt for 10. gang.

Tidlegare prisvinnarar

2005: Sogn Jord- og Hagebruksskule, Aurland

2006: Finnegarden, Voss

2007: Godt Brød

2008: Kari Haga og Nils Vange, Vik

2009 Hanne Frostad (Spisestedet Høyden)

2010 Pascale Baudonnel, Undredal

2011 Homlagarden, Norheimsund

2012 Balholm, Balestrand

2013 Reindyrka, Bergen

Oikos Vest er regionlaget til ”Oikos – økologisk Norge”, og dekker Hordaland og Sogn og Fjordane, og er administrator av prisen. Oikos si oppgåve er å fremje økologisk landbruk, og medlemane er både forbrukarar og produsentar.

Økoringen Vest er ein organisasjon for økologisk interesserte gardbrukarar i Sogn og Fjordane og andre som vil fremje eit økologisk landbruk, medan den tredje prisutdelaren er det økologiske fagrådet til Norsk Landbruksrådgiving Hordaland.

Villsauboka kan bestilles direkte fra Hilde Buer HER

Du kan høyre to innslag om prisvinnarane og villsaudrifta på Værlandet i NRK Radio-programmet Naturens Verden HER og HER.

Annonsører

Samarbeidspartnere