Vinnaren er økologisk gulerot

20.09.2011
Tal frå Statens landbruksforvaltning (SLF) syner at sal av økologiske varer har auka med nesten 5 prosent jamfør fyrste halvår 2010. Spesielt innan frukt og grønt har det vore ein sterk vekst, skriv Nationen. - Totalt sett har me ei auke i volum på 10 prosent samanlikna med tal frå same tid i fjor, seier Bjørn Oppberget, marknadssjef i Gartnerhallen.
- Den økologiske gulerota erobrar stadig ein større plass hos norske forbrukarar, dette er gledeleg. Nå er det viktig at produsentane held fram med ein god agronomisk jobb, slik at tilliten til kvaliteten ved økogulerota held seg og omsetninga kan stige vidare, seier dagleg leiar, Reidar Andestad, i Oikos - Økologisk Norge.

Gulerot mestseljande økologisk grønsak

Det er gulrot som står fram som vinnaren. Ifølgje rapporten har gulrot etablert seg som den mestseljande grønsaka hos fleire aktørar. Gulrot har selt godt i lang tid.

-Difor er ikkje veksten så stor, men omsetnaden aukar i både volum og verdi. Omsetnaden av økologiske grønsaker og potet var på 90 millionar kroner i fyrste halvår 2011, noko som er ei auke på nesten 10 millionar kroner frå same periode i fjor.

- Det er veldig gledeleg at gulrot framleis er økovinnaren. Tala har vore veldig stabile og gode, seier Oppberget.

 


Fleire grunnar til at økologisk gulerot sel godt

Reidar Andestad, dagleg leiar i Oikos, seier økologisk gulrot har mange føremoner jamfør den ordinære.

- Det er veldig positive resultat for gulrot, seier han.

Andestad forklarar dei gode salstala med at økologiske gulrøter ikkje får kunstgjødsel.

- Då veks den meir langsamt og tek opp mindre fukt. Det gjer at me får ein kompakt gulrot med meir smak. Dei vert også haldbare lenger, og summen vert at dei økologiske gulrøtene har betre smak og betre kvalitet, seier han.

 

Kan gå over ein milliard

Ifølgje halvårsrapporten til SLF tyder mykje på at omsetnaden for økologiske varer kan overstige ein milliard i 2011. I fyrste halvår har me kjøpt økologiske produkt for 459 millionar kroner.

I 2010 var det stagnasjon eller nedgang i produksjon og omsetnad av økologiske produkt. Fram til og med finanskrisa var det optimisme i den økologiske marknaden i Noreg, seier Andestad.

- Me opplevde vekst, prisane vart skrudd opp og produksjonen auka. Difor fekk me ein etterverknad i 2010, då økologisk mat fall i både volum og verdi, seier han.

Andestad meiner tala frå SLF syner at økologiske varer er attende på eit vekstspor.

- Eg er veldig glad for vekst. Spesielt gledeleg er det at auka er størst innan frukt og grønt. Me får resultat fordi mange har gjort ein god jobb over lang tid, seier han.

 

 

Mykje av dette er utdrag av ein artikkel i Nationen 20.09, les heile sake her

Annonsører

Samarbeidspartnere