Sunnare mat. Høgare dyrevelferd. Reinare natur.*

Oikos, kort fortalt. Vil du bli medlem?

Oikos er fellesorganisasjonen for økologiske produsentar og forbrukarar. Vi jobbar for at produksjon av mat skal påføre folk, dyr, natur og klima minst mogeleg belastning, og at den skal vere mest mogeleg helsebringande å ete.


Alle kan bli med i Oikos. Når du melder deg inn, vert du automatisk med i regionlaget som dekker området du bur i. I Hordaland og Sogn og Fjordane er det Oikos vest. Dersom du bur i nærleiken av eit lokallag, vert du automatisk medlem der også.  Det kan ta litt tid frå du melder deg inn sentralt til region- og lokallaget får oppdaterte medlemslister. Det kan difor løne seg å ta direkte kontakt med region- og/eller lokallaget for å få informasjon om kva som skjer i ditt distrikt.

Som medlem får du tilsendt forbrukarmagasinet Ren Mat i posten. Bur du på Vestlandet, får du også tilsendt fagbladet Vestlandsk landbruk. Oikos vest nyttar bladet, saman med ei rekke landbruksorganisasjoner, til å publisere informasjon og artiklar som er relevant for medlemmene. 

For innmelding og meir informasjon om medlemskap, gå til Oikos sentralt sin ”Bli medlem”-side.

Direktelink ”Bli medlem!”

*Påstandane i tittelen vert stadig betre dokumentert. Sist ut er ei EU-undersøking som viser at 50 prosent av konvensjonell frukt og grønt inneheld restar av sprøytemiddel, fem prosent over grenseverdiane. Ingen kjenner konsekvensane av restane. 62.000 varer frå 28 land er undersøkt. Ein omfattande EU-studie syner også at innhaldet av helsebringande stoff som antioksydantar i økologiske planter er 40 prosent høgare enn i konvensjonelle. Et du økologisk, er det no nok med fire om dagen…