Bondens marknad etterlyser grønsaker

Alle marknadar i heile verda er fulle av grønsaker, berre ikkje i Norge. Her strekker ein seg gjerne til poteter og urter. Bondens Marknad i Førde og Bergen etterlyser difor bønder som tør satse på eit mangfald av kvalitetsgrønsaker, gjerne økologiske.

Kortreiste grønsaker? Økologiske, lokalproduserte grønsaker? Noko som eigentleg skulle vere naturgitt, er nesten ikkje tilgjengeleg her til lands. Det er i alle fall framandelement på Bondens marknad i Førde og Bergen. Det er faktisk berre i Nord-Norge og på Hadeland det vert omsett noko særleg med grønsaker på Bondens Marknad. Vi spurte difor marknadssjefane på Vestlandet om dei ikkje ønskjer seg meir friskt grønt?

 

- Jau, absolutt. Vi etterlyser grønsaker til Bondens Marknad, gjerne økologiske, seier Aud Slettehaug, leiar for marknaden i Førde.

- Det er heilt udiskutabelt at me som er inne i Bondens marknad vil ha fleire grønsaksprodusentar og i det heile tatt fleire økoprodusentar på så godt som alle felt, svarar leiar for Bondens Marknad i Bergen, Una Kolle.

 

Auka etterspørsel

I Norge er forbrukarane stadig meir opptatt av kortreiste og økologiske grønsaker. Det får dei lite av under landets kvite marknadstelt. Går ein på marknader dei fleste andre stader i verda, er grønsaker like sjølvsagt som frukt, bær, kjøt, spekemat, ost og bakevarer. Slettehaug forklarar det manglande grønsaktilbodet med norsk landbrukspolitikk dei siste tiåra.

 

- Vi har ein einsarta produksjon, bøndene har blitt spesialiserte. Slik er det ikkje andre stader i Europa, seier Slettehaug, og legg til at i Fjellområda i til dømes Austerrike, Sveits og Italia er det mangesysleriet som gjeld.

 

Nytt satsingsområde

På Vestlandet er det mest gras det har blitt satsa på, i tillegg til frukt og bær i eit par regionar. Det er berre enkelte bygder, som til dømes i Gloppen og Lærdal, som produserer litt grønsaker. Her er det mest storproduksjon av ein sort eller to. Difor vert ikkje Bondens marknad ein aktuell omsettingskanal.

 

- Etter mi meining burde ein ha grønsakshagar som satsingsområde. Det er masse spennande grønsaker ein kunne dyrke utan at det var dei store voluma som med gulrot og potet, seier Slettehaug, og minner om kvaliteten grønsakene får i kalde, lysrike sommarsesongar som våre.

 

Sein vekst gjev god smak, og i kombinasjon med alt lyset skal grønsakene også få høgt innhald av antioksydantar. Med ein god porsjon kunnskap, motivasjon og brukande jordsmonn, er det difor potensiale også for vestlandsbønder å dyrke grønsaker av ypparste kvalitet.

 

Del av mangesysleri

- Eg meiner ikkje at ein berre skal drive med grønsaker, men ha det saman med andre inntektskjelder, til dømes husdyr. Det vert ein del av det tradisjonelle mangesysleriet, og dessutan bra med tanke på vekselbruk og økologi. Det er bra å byte litt, seier Slettehaug.

 

Bondens marknad som omsettingskanal er ventar på dine grønsaker, men også restaurantar som satsar på kvalitet. I tillegg finst det abonnementsordningar for økologiske grønsaker, til dømes Finnegarden, som ofte må importere mykje av grønsakene sine.

 

Det er også veksande interesse for lokale produkt i til dømes Norgesgruppen, og hotellkjeda Rica flaggar satsing på lokale matopplevingar. Andelslandbruk, ei omsettingsform der kundar i nabolaget kjøper seg inn i drifta, er også ein aktuell omsettingskanal for grønsaker. Slettehaug anbefalar å avklare marknaden før ein set i gong med produksjonen.

Prøve?

Er du lysten på å prøve? Årets sesong er ikkje langt unna. På www.okofro.no finn du ei oversikt over alle økologiske frø til sals, og på www.aropub.no finn du alle dei beste dyrkingsråda. Ring Sletthaug eller Kolle for å diskutere sal på Bondens Marknad, eller få råd frå Økoringen vest eller Forsøksringen. Eller, kanskje har du ein nabo du kan gå saman med?

 

For ordens skuld. Una Kolle er også styremedlem i Oikos vest, og Aud Slettehaug er varamedlem.

Tekst og foto: Henning A. Hellebust