Økologiske bringebær

Det går verkeleg an å produsere bringebær utan sprøytemiddel og kunstgjødsel. Les korleis Valborg Heløy i Vetlekroken får det til.

I Vetlekroken, heilt nede ved den blågrøne Lustrafjorden, i ein vestvendt skråning, står dei. Eit titals rekker med noko som ikkje går an. Raude, store, saftige søte – usprøyta – bringebær. Ja, for det går ikkje an. Spør ein bringebærdyrkar om økologiske bær, og du får til svar at ”- nei, det går ikkje. Det er uråd med makken. Ein må sprøyte litt.”


Valborg Heløy vil ikkje sprøyte bæra sine. Det er også ei veksande kundegruppe som ikkje vil ha sprøytte bær. Så då er det ein ting å gjere. Droppe sprøytinga, og finne løysingar.


Makkeår

- Då eg byrja sa alle til meg at det berre blir makk. Dei første åra var det veldig lite, og eg venta på det store makkåret, seier Heløy, og bryt ut i latter. Så vert ho alvorleg. – Men det kom aldri. Eg har enno ikkje vore plaga med makk, seier ho.


”Beviset” på det, er at rundt 40 prosent av avlinga går som dessertbær. Få økoprodusentar kan skilte med same resultat. Normalen ligg på rundt 20 prosent. Og dette er viktig – for det er her dei største pengane ligg. Kanskje har ho vore heldig. Eller så har ho funne dei rette løysingane (Sjå anna om hovudtiltak).


Naturleg fiende

- Heile feltet er fult av nebbtege. Det er ein naturleg fiende til bringebærmakken. Det kan jo vere ein av grunnane til at eg har lite makkeskade, seier ho, utan å ha noko forklaring på kvar det to-tre millimeter svart/gråe krypet kjem frå.


Elles er det gråskimmel og bringebærbladmidd som er vanskelegast i Vetlekroken. Skjønt, vanskeleg. Med godt over tonnet i avling per dekar på det nye Glen Ample feltet, og nærare halvtonnet på eit elleve år gamalt Glen Lyon-felt, så går produksjonen relativt bra. Marknadstilgong og gode plukkarar er faktisk større utfordringar, meiner Heløy.


Sel sjølv

Den økologiske produksjonen er nemleg så liten, at det ikkje er noko mottak for bæra. Dermed lyt ein ta marknadsbiten sjølv. Ein må finne kundar, organisere kjøling, transport og sal. Heløy har fått ein avtale med matforedlingsverkstaden Corona i Trøndelag, som lagar saft og syltetøy. Mesteparten av dessertbæra går til hotell, som Fossheim på Lom. Sal er ein stor jobb, men bæra er ikkje vanskeleg å bli kvitt.


- Det er eit skrikande behov i marknaden, så du får selt det du produserer. Folk er veldig positive, og overraska over at det går an. Eg har masse fornøgde kundar, seier Heløy.


Treng meir forsking

Det såkalla pilotprosjektet for økologisk frukt og bær er under avslutning, og har avfødd mykje ny kunnskap. Blant anna er dyrkingsrapporten verdifull, med brei gjennomgang blant anna av gjødsling. No når dette er slutt, føler Heløy seg litt einsam.


- Ja, eg føler meg litt forlatt. Det er oppstått eit tomrom etter at prosjektet sluttar. Det må meir forsking på bana for å finne løysingar. Dyrkarane treng også støtte av eit forskarmiljø, slik at ein kan finne løysingar i fellesskap.

 

 

Økotiltak i bringebærfeltet

- Føl med på kva insekt som er i feltet, slik at ein veit kva som skjer.

- Opne og luftige felt mot gråskimmel. Hald feltet reint, fjern alle tilløp til gråskimmel.

- Fjern all villbringebær og hegg i området. Dei tiltrekker seg bringebærbilla, som er opphavet til makken. Bruk feller for å sjå kva retning billa kjem frå, for å sette inn tiltak.

- Ver forsiktig med sterk nitrogengjødsling, som fremjar tilhøva for bringebærbladmidd.

- Ingen spesielle sortar utvikla for økobringebær.