Selje med i 10-prosent-klubben

Som den fjerde kommunen i Sogn og Fjordane, har Selje nådd 10 prosent økologisk landbruksareal. Frå før er Aurland, Balestrand og Flora med. Hordaland er framleis utan 10-prosent-kommunar.

I tillegg nærmar Leikanger seg, med 8,5 prosent areal. Det er spesielt positivt for forbrukarane, for det tyder på at det er meir økologisk frukt på veg.

I Hordaland har Austevoll og Austreim  ni og 9,5 prosent, så dei nærmar seg.