Årsrapport for prosjektet 2008

”Økoproduksjon Vest – du produserer vi selger” er eit 3-årig heilkjedeprosjekt finansiert av SLF. Prosjekteigar er Oikos Vest. Underteikna tok over prosjektleiing etter Stig Moltumyr i byrjinga av 2008, som er siste år av prosjektet. SLF har i år 2008 tildelt prosjektet kr 100.000.

Økoproduksjon Vest – Årsrapport  for prosjektet 2008

 

”Økoproduksjon Vest – du produserer vi selger” er eit 3-årig heilkjedeprosjekt finansiert av SLF. Prosjekteigar er Oikos Vest. Underteikna tok over prosjektleiing etter Stig Moltumyr i byrjinga av 2008, som er siste år av prosjektet. SLF har i år 2008 tildelt prosjektet kr 100.000.

 

I år 2008 har vorte arbeidd med å få sluttrapportering for 2007 i hamn, då SLF ikkje var nøgd med innsendt rapport. Det er ellers arbeidd vidare med same aktørar som det tidlegare var utarbeidd heilkjedeavtalar med: Vikja i Vik, Kystmat ved Selje og gardsbutikken på Stend Jordbruksskule. Dei tre aktørane har alle sine ulike utfordringar som det har vorte arbeidd med.

·         Vikja har hatt utfordringar kring sjukmelding av slaktar og å få innpass i butikk for lettare omsetnad av varene. Det har frå Vikja sin del vorte arbeidd med produktutvikling (ved hjelp av innleigd konsulent), logistikkløysingar, kontakt med butikkar og diverse salsframstøyt. Underteikna har engasjert seg i å få innpass i Coop Mega kjeda i Hordaland og Sogn og Fjordane, i synergi med prosjektet ØkoProfil Vestlandet. Resultat vart opning for innpass i to butikkar i Bergensregionen i første omgong, samt dei butikkar der butikksjef måtte ynskja det i Sogn og Fjordane. Kontaktane i Coop Mega skal arbeidast vidare med.

 

·         Kystmat ved Selje har utfordringar med å koma inn i butikk og ut i marknaden. Det er frå bedrifta si side arbeidd med profilering og marknadsføringsmateriell; brosjyre, plakatar og etikettar. I samarbeid med underteikna er det gjennomført to demoar i butikk tilknytt påske og jul, i h.h.v. Coop Mega Nordfjordeid og Rema 1000 Førde. Dette i samarbeid med ØkoProfil Vestlandet/ 80 i 08 prosjekta. Demoane var svært vellukka; nøgde kundar både prøvesmaka og kjøpte med seg produkt heim til høgtida. Produkta fekk mykje skryt for god smak.

 

·         Gardsbutikken på Stend har vore aktiv nokre år, og har stadig utvida både areal, produktutval og omsetting. Her blir omsett både kjøt, frukt, honning og ymse andre økologiske produkt. Gjennom SLF prosjektet er dekka kostnader til annonsering i samband med opning og sal hausten 2008, då særskilt for å markera at den norske økofrukta (frå Sogn) var i butikken.

 

2008 er siste prosjektår og prosjekt og rekneskap vil bli rapportert i ein meir fullstendig sluttrapport til SLF seinare. Dette er ein førebels årsrapport.

 

Leikanger 27.februar 2008

Marianne Bøthun - prosjektleiar