Økosalet peikar rett oppover

Etter at Oikos Vest kom inn med rådgjeving og økodemonstrasjonar i ei rekkje Coop-butikkar på Vestlandet, har salet av økologiske varer vakse meir enn noko anna varebruppe.

Økoprofil Vest er vestlandets del av Oikos og Coops nasjonale samarbeid 80 i 08, der målsetnaden er 80 millionar korner i omsetning av økologiske varer i 2008.

 

I 2006 kom 6 butikkar på Vestlandet med i prosjektet. Alle er Coop Mega butikkar; Vestkanten, Danmarks-plass, Strømgaten, Nesttun og Nyborg i Bergensområdet + Førde i Sogn og Fjordane. Det vart parallelt halde kurs for demofolk på Voss. Underteikna har arrangert kurset og kjøpt inn demoutstyr, Kersti underviste på kurset. Butikkane fekk oppstartsbesøk der det vart laga rapport, utdelt plakatar og demobord, og det vart sett i gong demo. Grunna få kursa demofolk, stod også underteikna ein del demo og brukte desse dagane også til å bli kjent med butikkane og tilsette, samt å sjekka vareutval, spacing, pris etc. Det blei ikkje sendt inn formelle rapportar på dette, men derimot sendt inn rapportar frå særskilte ”butikkrundar” som blei gjort. På sistnemnde er ikkje brukt tilsendt mal, men laga eigen rapport med mal av oppstartsrapport. Resultatsrapportar med tal frå Kersti har heile tida vorte vidareformidla til butikkane; både per mail og/eller som utdelt/tilsendt butikksjef.

 

Frå litt skepsis frå butikkane si side i starten, merkar ein tydleg skilnad i haldningsendring og mottak ettersom prosjektet har gått sin gong. Butikkane ser at me kjem inn og gjer ein jobb for dei med profilering og demo, som dei sjølve ikkje har kapasitet til og som resulterer i auka økosal. Fjorårets konkurranse om å selja mest i dei ulike kategoriar inspirerte, sjølv om ein fekk til dels skeivfordeling ved at det i mykje av perioden var umuleg å få tak i økologisk egg i Vest, samt også til dels leveringsproblem på kjøtt. Etter påtrykk frå prosjektet fekk butikkane no stabil tilgong på fersk kverna kjøttdeig, noko som har slått godt an.

 

5 demopersonar utførte i løpet av 2006 43 demoar. Tema for demoane var styrt etter plan frå Kersti, medan underteikna koordinerte tidspunkt etc. Demo på kjøtt blei særskilt vektlagt frå vår side då det ikkje var tradisjon for å verken ta inn (frå butikkane si side) og/eller kjøpa (frå forbrukaren si side) økologisk kjøtt. I løpet av perioden gjekk sal av økologisk markant opp i butikkane i prosjektet, og økovarene blei tatt på alvor både av butikk og forbrukar.

 

I 2007 har 6 nye butikkar kome med i prosjektet, også alle desse Coop Mega: Voss, Øystese, i Hordaland og i Sogn og Fjordane: Vik, Sogndal, Florø og Sandane. Alle nybutikkane har også fått oppstartsbesøk, tildelt plakatar og demobord og det har vorte sett i gong demo. Samtlege butikkar har vist velvilje og vore svært positive til prosjektet. Det er halde nytt demokurs med same organisering og mal, der 9 stk vart kursa. Underteikna har koordinert demoane og delvis tema dette året.

 

Demoaktiviteten har også halde fram i dei ”gamle” butikkane, men med størst innsats i dei nye butikkane. Nye demopersonar har fått tilbod om ”opplæringsdemo” med demopersonane frå i fjor. I eit par høve har også første demo vorte samkøyrt med oppmerking og/eller butikksjekk av underteikna. I løpet av 2007 er halde 103 demoar, utført av 8 demopersonar. Butikkbesøk av underteikna har også vorte utført og rapportert i år, likedan som i fjor. Underteikan har også stått demo i år.

 

Me ser no tydlega at arbeidet har hatt effekt; ikkje minst av tala for ”gamlebutikkane” som blei med i fjor. I siste talmateriale toppar den vesle ”student og pensjonist butikken” Strømgaten både for egg (ca 20%) og kjøtt (ca 6%) på ”topp 15 lista” for Norge. På topp 15 lista for kjøtt er heile 4 av Bergensbutikkane med. Strømgaten ligg også veldig høgt i total økoandel. Førde derimot gjer det svært bra på brød, likedan ”nye” butikken i Florø. Berre 12 butikkar i landet ligg over Førde i omsetning på økologisk brød, rekna i kroner.

 

Eit delmål er å få inn også meir lokalproduserte produkt. Dette har så langt kun lukkast for økologisk krydder i begge fylke.

 

Marianne Bøthun er delprosjektleiar for Økoprofil I Hordaland og Sogn og Fjordane. Arbeidet hennar er finansiert av FMLA Hordaland og Sogn og Fjordane.