Klimatilskot i landbruket

Kan produksjon av mat bli eit klimatiltak? Ja, i Spania får økologiske gardsbruk betalt for å produsere mat med lågare CO2-utslepp. I høyring til Handlingsplan for økologisk landbruk, foreslår Oikos vest å innføre eit liknande system i Norge, der prinsippet er at ein får auka tilskot for å drive meir ressurs- og klimavenleg.

I Spania får økologiske gardsbruk i snitt 1000 Euro kvar for utførte miljøtenester. Den viktigaste årsaka er reduserte CO2-utslepp og karbonbinding. Spanske styresmakter verdsett utsleppsreduksjon i økologisk drift til 130 millionar Euro, i følgje Agropub.no. Totalt sparer økodrifta i Spania atmosfæren for 6,4 millionar tonn CO2-ekvivalentar.

 

6,4 millionar tonn utgjer dobbelt så mykje som det Yara i Glomfjord og Porsgrunn slapp ut i 2005, eller fem prosent av Norges totale utslepp. Det er altså ei vesentlege mengd.

 

Klimagulrot, ikkje pisk

I Norge finst det ingen offisielle tal på forskjellar i klimautslepp mellom økologisk og konvensjonelt landbruk. Dei største forskjellane mellom dei to driftsmetodane, gjer det ikkje usannsynleg at ein kan finne liknande forskjellar i Norge også. For det første har vi relativt høgt forbruk av kunstgjødsel, som gjev lystgassutslepp ved produksjon og bruk. For det andre er store deler av kornområda våre utan organisk gjødsel, slik at karbonnivået sakte vert lågare. For det tredje nyttar konvensjonell drift svært mykje soya frå Brasil. Auka globalt soyaforbruk er ei av hovudårsakene til at regnskogen vert hoggen. Høgd regnskog er ei av dei største kjeldene til global oppvarming.

 

I høyringsrunda til den nye nasjonale handlingsplanen for økologisk landbruk, har Oikos vest foreslått at ein innfører modellar som kan fungere som styringsreiskap i nasjonal klimapolitikk. I første rekke kan ein løne den mest klimavenlege produksjonen med klimatilskot a la Spania. Å setje avgifter på til dømes kunstgjødsel, er ei lite solidarisk handling mot konvensjonelle yrkesbrør. Det er ikkje deira ”feil” at dei brukar kunstgjødsel – det er det norske folk som har forma landbrukspolitikken gjennom mange tiår. Det er knappast etisk forsvarleg å straffe nokon som har gjort slik systemet har lagt opp til.

 

Rekneskap mot sløsing

Ei anna tilnærming til miljøtenester frå landbruket, kan vere å sjå på ressursbruken. Her er det store svingingar frå gard til gard, frå produksjon til produksjon, og mellom økologisk og konvensjonelt. Oikos vest foreslår å innføre eit ressursrekneskap i samband med bøndene sine rekneskapsprogram, husdyrkontrollen eller miljøplanen. All gjødsel, alt fôr og alle varer bøndene produserer, kan lett omreknast til nitrogen, fosfor og kalium. Dersom kvar bonde får ein automatisk oversikt over sin ressursbalanse, vil han vite om han har sløsa eller vore nøysam. Det kan virke både haldningsskapande og motiverande med eit slikt tal. For det er jo god økonomi i å spare på ressursane.

 

Eit energirekneskap ville også vere ein styringsreiskap for den enkelte bonde. Kor mykje energi brukar ein, og kor mykje klarar ein å produsere? Vert det balanse i dette, eller går det meir energi inn enn ut av drifta?

 

Klima bra i WTO

Totalt sett kunne kombinasjonen av slike energi-, ressurs- og klimarekneskap vere med å vri norsk landbruk i ein enno meir miljøvenleg retning. Overføringar til miljøtenester framfor produksjon, vil også vere ei styrke i høve WTO-avtala. Spesielt gul boks – støtte til produksjon, men også blå boks, støtte til areal og dyr – har som kjent øvre grenser for tilskot. Grøn boks – støtte til for eksempel miljøtiltak, er å rekne som ikkje-handelsvridane støtte. Det er difor all grunn til å tru at det er her framtidas landbruksoverføringar vil ligge.

 

Innføring av reiskap for betre klimastyring, vil difor sikre landbruket framtidige overføringar, hjelpe bonden å spare ressursar og kostnader, og sikre ein mest mogeleg bærekraftig produksjon av mat.

 

Henning A. Hellebust
styreleiar Oikos vest