Velkommen til Oikos Vest

Oikos sitt regionlag i Hordaland og Sogn og Fjordane. For eit reinare, meir energieffektivt, klimavenleg landbruk. For sunnare mat, utan restar av sprøytegifter. For høgre dyrevelferd. For betre tilbod av økologisk mat i butikkane.


Dette er våre viktigaste arbeidsoppgåver i 2007:

Å auke salet av økologisk mat med samarbeidspartnar Coop Mega gjennom Økoprofil vest.
Å få omsett meir av det økologiske kjøtet som økologisk gjennom Økoproduksjon vest.
Å informere og motivere forbrukarar og bønder gjennom vårt medlemsblad Vestlandsk landbruk.
Å stimulere til utvikling av pedagogiske løysingar for å auke kompetansen om økologisk drift.

Å stimulere til meir produksjon av økologisk mjølk, kjøt, frukt, bær og grønsaker på Vestlandet.
Å spreie kunnskap og informasjon om økologisk landbruk gjennom massemedia.
Å delta i fora som jobbar med økologisk landbruk.
Å få til auka samarbeid mellom dei økologiske miljøa på Vestlandet.

Som medlem kan du vere med å påvirke. Gå til medlemssidene!