EU godtek forbod mot genmanipulert mais. Kva meiner Noreg?

Austerrike og Ungarn får oppretthalde forboda mot dyrking av genspleisa mais. Det norske Miljøverdepartementet har enno ikkje klart å ta ei avgjerd om norsk import av GM-mais.

Av Marit Bendz, Gennytt


Austerrike og Ungarn får framleis lov til å forby dyrking av den
genmodifiserte maisen MON810. I tillegg får Austerrike også lov til å
oppretthalde forbodet mot maisen T25. Det er tredje gongen EU-Kommisjonen
har har freista å få Ministerrådet til å fjerne dei nasjonale forboda. Storbritannia, Nederland, Estland og Finland stemte mot vedtaket, medan Sverige nøydde seg med å ville tillate forbod mot T25.

Moratoria mot M810 i Frankrike og Hellas er framleis under handsaming, men
ein reknar no med at også desse vert godkjende.

Noreg ventar på om Miljøverndepartementet vil godkjenne genmodifisert mais i
mat og fôr. Saka har ligge sia juni, noko som kan tyde på at presset frå EU
ikkje er særleg stort. Det nye vedtaket i Ministerådet kan også gjere det
enklare å seie nei.

Om MD seier ja, kan regjeringa oppleve eit råkøyr på om den politisk leiinga
tek genteknologilova om samfunnsnytte på alvor. Uthalinga i tid kan og tyde
på at det snart er val i Noreg...

Seniorrådgjevar Casper Linnestad i Bioteknologinemnda er spent på kva
departementet kjem fram til.

- For oss i forvaltninga vert det veldig interessant å endeleg få ei
politisk vurdering. Eg er aller mest spent på grunngjevinga, enten dei no
seier ja eller nei, seier han. Linnestad trur at Noreg tek ei sjølvstendig
avgjerd, uavhengig av kva Ministerrådet meiner.

- Men det siste vedtaket i Ministerrådet viser enda ein gong at GMO er
kontroversielt også i EU.

Avdelingsdirektør Yngve Svarte i Direktoratet for Naturforvaltning ser det
ikkje som noko prestisjetap for Direktoratet dersom svaret vert negativt.

- Det er ikkje slik forvaltninga fungerer, vi vil ta MD si avgjerd til
etterretning, seier han. Svarte trur heller ikkje at det siste vedtaket i EU
vil innverke på resultatet i Noreg.

- Miljøverndepartementet vil ta si avgjerd på grunnlag av moment som er kome
fram i den nasjonale sakshandsaminga, seier han, og vil ikkje spå om
konsekvensane av eit norsk forbod.

- EU kan via EØS-avtala utfordre vårt standpunkt, men om det blir gjort er
ei anna sak.

28 norske organisasjonar har skrive brev til regjeringa og appellerer om at
den avviser søknaden.

Maisen NK603 er genmodifisert til å tåle sprøyting med glyfosat. Ei fersk
studie viser at sjølv i små mengder er glyfosat giftig for menneske og dyr.
Maisen T25 er modifisert til å tåle sprøyting med glufosinat-ammonium, som
er forbode brukt på mais i Noreg og EU fordi dette sprøytemiddelet kan gje
akutte og kroniske skadar (på hjerne, forplantningsevne og foster) i
pattedyr inkludert menneske, skriv organisasjonane.

 

Les meir:

http://www.mail2web.com/cgi-bin/redir.asp?lid=0&newsite=http://uk.reuters.com/article/governmentFilingsNews/idUKBRU00731420090302

http://www.u-fondet.no/filestore/SineitilGM-maisfeb09.pdf