Vestlandet

 




 

Frå Tre Brør Café på Voss til Ciderhus i Balestrand

 

 

 

SERVERINGSSTADER

 

 

Spisestedet på Høyden

Fosswinckelsgate 18, Bergen

Den drivande dyktige sjefskokka Hanne Frosta ønskjer å formidle norsk matbyrgskap. All maten er laga frå grunnen av, med råvarer frå lokale produsentar og økologiske gardsbruk. Nyoppussa lokale med norsk design som matchar matfilosofien, og eit eige dronningrom der gjestene kan sjå biene arbeide inni bikuba.

Tlf 55 32 34 32 http://www.spisestedet.no

 

 

Godt Brød

Økologisk bakeverkstad som ønskjer å gje folk opplevinga av å ha den lokale bakaren på plass att i nabolaget. Tre bakeriutsal med kafé i Bergen: Nedre Korskirkeallmenning 12, Vestre Torggate 2 og Vetrlidsallmenningen 19.

Tlf hovudkontor 21 52 02 50 http://www.bakeverksted.no

 

 

Pygmalion Økocafé og Galleri:

Nedre Korskirkeallm. 4, Bergen

Serveringsstad, scene og galleri. Maten er i all hovudsak økologisk. Det står ei liste i restauranten med oversikt over kva økoråvarer som til ei kvar tid er brukt i menyen.  

Tlf 55 32 33 60 http://www.pygmalion.no/

 

 

Solstrand Hotel & Bad

Osøyro, Os

I 110 år har hotellet levert kortreist og lokal mat basert på sesongar. No satsar hotellet dessutan på ein økologisk frukostbuffé i tillegg til den vanlege frukostmaten. 

Tlf 56 57 11 00 http://www.solstrand.com/

 

 

Naturhuset Snikkeriet

Rosendalsvegen 9-17, Rosendal

Snikkeriet i Rosendal har forskjellige terapitilbod, i tillegg til musikk-kafé. Har ikkje lenger ein rein økomeny, men bruker økomjøl og råvarer frå eige gardsbruk, for eksempel urter og frukter som er dyrka etter økologiske prinsipp, i tillegg til hjortekjøt.

Tlf 53 48 14 00 http://www.snikkeriet.no/

 

 

Hagekafeen ved Baroniet Rosendal

Rosendal, Kvinnherad

Serverer ein del økomat: Råvarer direkte frå kjøkken- og urtehagen, dyrka etter økologiske prinsipp. Mesteparten av drikkevarene er økologiske, blant anna øl og vin. Iskrem frå Isrosa. I kafeen er det dessutan utsal av økologiske og lokale varer.

Tlf 53 48 29 99 http://www.baroniet.no/

 

 

Voss Vandrarheim

Evangerveien 68, Voss

Med Finnegarden som næraste nabo får gjestene alt av frukt og grønt økologisk. Varemerket til vandrarheimen er frukostbuffé med økovarer i tillegg til det vanlege sortimentet. Sommarkafé med enkelte økovarer frå midten av juni til midten av august.

Tlf 56 51 20 17 http://www.vosshostel.com

 

 

Tre Brør Café

Vangsgata 28, Voss

Denne eitt år gamle kafeen på Voss serverer økologisk og kortreist mat. Blant spesialitetane kan nemnast økologisk fruktjus og ein eigen Tre Brør-burger. Alt interiøret kjem frå Fretex, og ingenting er likt!

Tlf 56 52 99 25

 

 

Fretheim Hotel

Flåm

Hotellet med “Det bevisste kjøkken” serverer lokalt produsert og foredla mat. Økologisk a la carte og dels økologisk frukost. Nytt av året er små geitekillingar som blir slakta før dei begynner å beite på gras; det gir kjøtet ein spesiell karakter.

Tlf 57 63 65 55 http://www.fretheim-hotel.no/

 

 

Knaken

Kaupanger

Arkeolog-ekteparet Christoffer og Trude har flytta heim til Kaupanger og teke opp att drifta av familiegarden – den nest største på Vestlandet – etter at den har lege brakk i 50 år. På kafeen tilbyr dei økologisk og kortreist mat basert på sesongar, og gjestene kan også få gaida tur i nærlandskapet. Den einaste mellomalderbyen i Sogn og Fjordane låg i si tid på det som no er innmarka til hovudgarden.

Tlf 48 00 48 17 http://knaken.no/

 

 

Ciderhuset

Sjøtunsvegen 32, Balestrand

Sommarrestaurant frå 20. juni til 5. august og servering for grupper resten av året. Økologisk frukthage med over 100 sortar og produksjon av cider og fruktvin. Utsal av syltetøy, gele, Balholm osv. Kulturvandring, cidersmaking og servering til grupper på minimum ti personar etter bestilling.

Tlf 90 83 56 73 http://www.ciderhuset.no/

 



BUTIKKAR

 

 

Reindyrka

Christian Michelsens gate 1, Bergen

Her kjem Bergen sin første økodaglegvarehandel! Dørene opnar hausten 2010. Butikken skal ha eit rikt utval av ferske økovarer, i tillegg til hygieneprodukt og babytekstilar. Butikken kjem også til å tilby økolunsjpakkar til bedrifter og enkeltpersonar i nærområdet.

Tlf 97 52 17 51 http://reindyrka.no/ (per juni 2010 er heimesida ikkje lagt ut)

 

 

Safari Midtun

Sandbrekkeveien 96, Nesttun

8. plass i Ren Mat sin økobutikktest i 2008. Økomaten står side om side med den vanlege maten i butikkhyllene.  

Tlf 55 92 76 60   http://www.safari.no/

 

 

Coop  Mega Strømgaten

Fosswinckelsgate 32a, Bergen

Desse folka er stolte av å eit stort utval økomat, alt frå ost til øl.

Tlf 55 54 10 70 http://www.coop.no/

 

 

Meny Nesttun

Nesttunveien 90, Nesttun

Godt med økovarer i denne butikken som kapra 5. plass i Ren Mat sin økobutikktest i 2008.

Tlf 55 91 81 50   http://www.meny.no/

 

 

Kinsarvik Naturkost

Har fått eit endå større utval av økologiske varer! Nettbutikk og fire utsalsstader i bergensområdet: Olav Kyrres gate 47, Lagunen Storsenter, Åsane senter og Øyrane Torg i Arna.

Tlf 55 32 55 58 http://www.kinsarvik.no/

 

 

Malene Helsekost Naturlivis

Mannsverk 4, Bergen

Helsekostbutikk med eit spennande utval av økovarer. 

Tlf 55 28 99 50

 

 

Berges Bigard

Asheimsvegen 27, Indre Arna

Økologisk honning frå Berges Bigard er å få kjøpt på Bondens Marked og direkte frå garden.

Tlf 98 20 42 88 http://www.okologisk-honning.no

 

 

Gardsbutikken på Stend Jordbruksskule

Fanaveien 249, Fana

Gardsbutikken blir meir og meir populær og har auka vareutvalet. Her finn du både økologisk og kortreist mat, ein del frå eigen produksjon på Stend.

Tlf 55 91 53 08 http://stj.hfk.no/

 

 

Gardsmatbutikken

Sjusetevegen 27, Øystese

Ein sjeldan butikk som sel lokal og økologisk mat, til dømes frukt og ramslauk.

Tlf 56 55 50 48 http://www.fruktlageret.com/

 

 

Frisk Mat og Helse

Knarvik Senter, Isdalstø

Livsstilsbutikk som kombinerer økomat, diettmat og helsekost. Alt frukt og grønt kjem frå Finnegarden, og butikken har i tillegg eit rikt utval av økotørrvarer. Jobbar med å auke utvalet, neste gong du besøkjer butikken finn du kanskje økospekemat i hyllene?

Tlf 95 00 01 15

 

 

Kostkroken

Havnevegen 29, Frekhaug, Meland

Butikken har masse ferske økovarer, blant anna ”verdas beste” økoegg frå Salt i Grøten. Kostkroken har også forskjellige terapitilbod som lysakupunktur og hudterapi.

Tlf 56 17 68 00

 

 

Coop Mega Førde

Langebruvegen 22, Førde

Økoutvalet skil seg positivt ut i heile Sunnfjord (spesielt når Edit og Geir Thomas er på jobb).

Tlf 57 83 07 48 http://www.coop.no/

 

 

Asiatisk Mat

Hafstadvegen 32b, Førde

Ei blanding av asiatisk og økologisk mangfald. Vinnar av Økoprisen til Sunnfjord Økolag høsten 2004.

Tlf 57 83 22 18

 

 

Sogn jord- og hagebruksskule

Aurland

Stort utval av økovarer produsert på skulen: Kjøt, mjølkeprodukt, frukt og grønt, urter og den populære eplesafta. Har i tillegg ein del varer frå lokale produsentar.

Tlf 57 63 26 50 http://www.sjh.vgs.no/

 

 

Kroken frukt og bær

Kroken, Skjolden i Luster

Miniutsal av frukt og bær i ei lita bu i vegkanten i sommarhalvåret. Du plukkar dei varene som du vil ha, og legg pengane i ein boks. Her finn du saft, most og syltetøy av bringebær, jordbær, rabarbra, blåbær, solbær, kirsebær, rips, molte og tyttebær. Ein del av varene er økologiske. 

Tlf 97 16 72 62 http://www.haukadal.no/

 

 

 

OVERNATTING

 

 

Miljøhotellet Seletun

Konferanse- og selskapshotell for grupper på bestilling. Eigd av Norges Miljøvernforbund. Har som mål å vere Europas mest miljøvennlege hotellkonsept. Tilbyr økologisk meny etter gjestene sine ønskjer.

Tlf 46 81 51 00 http://www.seletun.no/

 

 

Ypsøy kystgard

Skreddarsyr opplegg for enkeltpersonar og grupper på bestilling. Gjestene kan blant anna vere med på fiske og skjelplukking. I ei nyrestaurert løe blir det servret økologisk og kortreist mat, blant anna villsau frå eigen gard, og økogrønsaker frå ein bonde i nabobygda. Garden er veglaus.

Tlf 95 06 11 91 http://kystgard.no/

 

 

Eikeland

Hatlestrandsvegen 761, Hatlestrand

Økologisk gard som tilbyr standard overnatting, frukost og enkel middag. Er du heldig, får du mjølk frå Vestlandsk fjordfe.

Tlf 53 48 88 93

 

 

Sivle gard

Stalheim, Vossestrand

På denne brattlendte, verneverdige vestlandsgarden tilbyr Randi heimelaga tradisjonsmat og overnatting for grupper på bestilling. Randi nyttar økologiske råvarer frå eigen gard, i tillegg til kortreist mat.

Tlf 95 78 32 74 http://www.sivlegard.com/

 

 

Amble gård

Kaupanger

Økologisk gard med eigen eplemost-produksjon, kåra til ”best i test i vest” i 2009. Dyrkar økologisk høy og epler, og har utleige av hus og hytter.

Tlf 57 67 81 70 http://www.amblegaard.no/

 

 

Alm Gård

Feios, Vik i Sogn

Økologisk gard som leiger ut eit småbruk og eit skulehus. Serverer gjestene økologisk middag på privaten. Sel heimelaga is, syltetøy, egg, ost og honning.

Tlf 57 69 61 58 http://www.almgard.com/ (nettstad på nederlandsk)

 

 

Skarstein Gård

Kandal, Sandane

Økologisk gard med urteproduksjon og utleige av gardshus og seter. Sommargalleri og økologisk matservering med blant anna kje, svin og vegetarmat. Men hugs å bestille på førehand.

Tlf 99 44 41 20

 

 

 

YMSE

 

 

Dørlevering: Finnegarden

Finnesvegen 16, Voss

Knut Finne leverer økologisk dyrka og foredla mat direkte til forbrukarar i bergensområdet. Abonnementsordning med levering av frukt og grønt på døra kvar fjortande dag.

Tlf 91 62 84 05 http://www.finnegarden.no/

 

 

Huldra Frisør

Øvregaten 4, Bergen

Her får du klipt og farga håret utan å skade deg sjølv, miljøet eller frisøren. Medan du ventar, kan du nyte ein kopp økologisk te eller kaffi, i tillegg til økofrukt.  

Tlf 55 33 02 30 http://www.huldrafrisor.no/

 

 

Floke Grønn Frisør

Skulegata 9, Voss

Einaste frisørsalongen på Vestlandet som er sertifisert som Miljøfyrtårn. Tilbyr hårpleie frå a til å utan stoff som skadar miljø og folk.

Tlf 56 51 03 05 http://www.floke.no/

 

 

Vikja

Vange, Vik i Sogn

Meir kortreist blir det ikkje! Vikja slaktar og foredlar økologisk kjøt frå Vik. Alle varene er utan mjølk og gluten. Åpent på laurdagar og elles etter avtale, ta kontakt på telefon.

Tlf 47 65 74 65 http://www.vikja.no/

 

 

Voss Gardsslakteri

Voss

Debio-godkjent slakteri der du får kjøpt ferske og vidareforedla kjøtvarer, både økologiske og konvensjonelle. Slaktar eigne dyr og dyr frå andre lokale produsentar. Fekk kommunen sin miljøvernpris i 2009.

Tlf 97 60 93 86

 

 

 

Haugen Gardsmat

Flåm

Sel heile slakt og vidareforedla produkt av lam, hjort, rein, svin og kje, basert på sesong og økologiske prinsipp. Ingen kunstige tilsetjingsstoff, verken kosemetisk farging eller konservering. Varer frå Haugen Gardsmat finn du først og fremst på Bondens marknad.

Tlf 57 63 21 51 http://www.haugengardsmat.no/

 

 


Nøring

Sjusetevegen 27, Øystese

Først og fremst kjent for den økologiske ramslauken sin (Debio-godkjent). Produserer også Hardanger-kling, gele, kryddersyltetøy og hermetikk av frukt og bær frå lokale produsentar. Nøring-produkta finn du på Gardsmatbutikken (i same bygningen) og hos ei rekkje andre forhandlarar.

Tlf 56 55 47 00 http://www.noring-ans.no/

 

 

 

 

Sist oppdatert: 6. september 2010

 

VIKTIG
Vi har gjort vårt beste for å sjekke at alt i denne øko-gaiden stemmer. Men husk at ting forandrer seg: Bra øko-steder kan bli dårlige, og selv det beste øko-sted kan måtte stenge dørene. Hvis du oppdager nye steder med øko-mat eller finner feil i øko-gaiden vil vi svært gjerne høre om det. Skriv til renmat@oikos.no