Gennytt 05_2006

8. årgang, 15. september 2006

 

 

Farleg genris frå Kina truleg også i Norge

Ulovleg, amerikansk GMO-ris importert til ei rekke europeiske land

Genmodifisert gras spreier seg i Oregon, USA

GMO i ein tredel av mais og soya i norske butikkhyller

Norsk forskriftsendring skal sikre GMO-fritt soyamjøl

Tvil om Cassavaprosjektet i Aust-Afrika

Uenighet om GMO-mais på Öland

Saknar miljøspørsmål i den svenske valdebatten.

Australia seier nei til GMO-forsøk

 

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

 

 

Norge/Europa: Farleg og ulovleg genris frå Kina

 

Giftig, genmodifisert ris er funnen i europeiske butikkar, og professor Ian F. Pryme ved Universitetet i Bergen trur at den farlege risen også er komen til Norge.

- Risen er genmanipulert ulovlig, og inneheld et protein som er svært giftig og allergiframkallande. I verste fall kan det vere dødeleg, sier han til NTB.

Risen vart tidligare i år funnen i Kina, blant anna i barnemat. Nyleg vart den og funnen i butikkar i Frankrike, Tyskland og Storbritannia, mellom anna i risnudlar frå Amoy. Sausar og nudlar av same merke vert og seld i Norge, skriv bt.no.

Pryme, som er professor i biomedisin, meiner det difor er truleg at matverer i norske butikkar også kan innehalde dette proteinet, som er potensielt dødeleg.

Rådgjevar Aslaug Hagen i Mattilsynet vil ikkje be folk halde seg unna kinesiske risprodukt.

- Det finst ikkje haldepunkt for at desse produkta finst i Norge, seier ho til Bergens Tidende.

Det farlige proteinet heiter Cry1Ac, og er ikkje godkjent i menneskemat. Dyreforsøk har avslørt at det bind seg til tarmane i mus. Mattilsynet vil likevel ikke teste matvarer i norske butikker. EU avventar meir informasjon frå kinesiske styresmakter før forbrukarane eventuelt vert åtvara.

Pryme trur den genmodifiserte risen er laga i eit laboratorium og dyrka ulovleg i Kina.

EU-kommisjonen har no intensivert konrollen.

- Vi har ikkje godkjent ei einaste sak når det gjeld kommersiell produksjon av genmodifisert ris, seier talsmann for det kinesiske utanriksdepartementet Qin Gang.

- Vi følgjer prinsippet for vitskaplege eksperiment og kontroll i høve kinesisk lov, seier han.

http://web3.aftenbladet.no/innenriks/article346552.ece

http://www.bt.no/innenriks/article297879.ece

http://www.bt.no/lokalt/article298000.ece

http://www.hemscott.com/news/latest-news/item.do?newsId=35968203651267

 

 

Amerikansk genris på avvegar

 

Britiske forbrukarar har ete importert forboden genmodifisert ris i fleire månader, om ikkje år. Importen er stoppa av EU-kommisjonen, skriv Independent on Sunday 27. august. Spor av denne genmodifisert risen fra USA er nettopp vorte funnen i Sverige og Frankrike (NTB 14.09).

Amerikansk ris er mer ureina enn ein først trudde, meldte det norske Landbruks- og matdepartementet den 14. september. EU har nedlagt forbod mot import av langkorna ris frå USA som ikkje er dokumentert fri for ulovlig GMO. Omlag 50 % av prøvene som er tekne, ser ut til å vere iblanda ulovleg GMO-ris.

Allereie i januar vart det oppdaga at den langkorna risen, som aldri har vore risikoanalysert, var blanda i ris eksportert frå USA. Men styresmaktene der melde ikkje frå til kjøparlanda om dette før i slutten av august. Europeiske regjeringer er rasande over at Bush-administrasjonen venta med åtvaringar, skriv avisa The Independant, som og trur at risskandalen kan sette ein stoppar for planane om å dyrke genmodifisert korn i Storbritannia

Den ulovlege, genmodifiserte risen heiter Liberty Link (LLRICE601), og er resistent mot ugrasmiddelet Finale (glufosinat-ammonium) Risen vart utvikla av Bayer

CropScience mellom 1998 og 2001, men selskapet bestemte seg for ikkje å marknadsføre den og den vart aldri underlagt nokon form for offisiell godkjenning.

Styresmaktene i Arkansas trur at pollen frå Liberty Link, som vart testa ut på vanlege gardar, vart spreidd til konvensjonelle rismarkar desse tre åra. Det betyr at den ulovlege genrisen truleg er vorten eksportert iallfall sia 2001.

Landbruksdepartementet i USA har proklamert at den langkorna risen ikkje utgjer noko helsefare for forbrukarane. US Food and Drug Administrative (FDA) har og erklært at Liberty Link er fullstendig trygg å ete for menneske.

USA er ansvarleg for 12 % av den globale rishandelen, og mange land er avhengige av amerikansk ris. Dei amerikanske risfarmarane går no til rettssak mot Bayer CropScience.

http://www.odin.no/lmd/norsk/tema/GMO/nyheter/049021-210037/dok-bn.html

http://www.checkbiotech.org/root/index.cfmfuseaction=news&doc

_id=13492&start=1&control=183&page_start=1&page_nr=101&pg=1

http://www.foodnavigator.com/news/ng.asp?n=70503&m=1FNE912&c=kkdjilldcjhbfqc

http://www.checkbiotech.org/root/index.cfmfuseaction=news&doc

_id=13495&start=1&control=184&page_start=1&page_nr=101&pg=1

http://www.organicconsumers.org/2006/article_1844.cfm

http://www.dagligvarehandelen.com/xp/pub/venstre1/siste/182441

 

 

Aldi fjerner risvarer frå bytikkhyllene

 

Tyske Aldi Nord fjernar sin ”Bon-Ri rice” etter at Greenpeace fann spor av Liberty Link i eskene, melder www.dagligvarehandelen.com. Aldi Nord understrekar at tilbaketrekkinga er mellombels, og at fleire testar må gjennomførast før ein kan uttale seg om den konkrete saka.

http://www.dagligvarehandelen.com/xp/pub/venstre1/siste/182437

 

 

Spreiing av "golfgras"

 

Ein type genmodifisert gras har spreidd seg frå forsøksfeltet i Oregon og er funne att i vill tilstand så langt som tre kilometer unna, i følgje U.S. Environmental Protection Agency. Det dreier seg om ein sprøytemiddelresistent utgåve av graset krypkvein (Agrostis stolonifera), som er utvikla for å brukast på golfbanar. Det genmanipulerte graset er ikkje godkjend av det amerikanske landsbruksdepartementet, og har spreidd seg blant lokale grassortar i seks ulike område. Forskarar veit enno ikkje korleis denne grastypen vil opptre i vill tilstand, men åtvarar mot at det kan utkonkurrere dei opphavlege grastypane og difor kan føre til uoppretteleg skade i økosystemet dersom det spreier seg.

http://www.organicconsumers.org/2006/article_1575.cfm

 

 

Norge: GMO i over 1/3 av undersøkte mais- og soyaprodukt

 

Mattilsynet har funnet mindre mengder genmodifisert materiale i 19 av totalt 53 analyserte produkter i norske mathyller. Det ble påvist et ulovlig innhold av genmodifisert materiale i kun ett av produktene.

En stor andel av mais- og soyaproduktene på det norske markedet er så bearbeidet at analyser ikke gir tilstrekkelig svar på om et produkt inneholder et ulovlig innhold av genmodifisert materiale eller ikke. Tilsynet må da basere seg på kontroll av virksomhetens dokumentasjon. Resultatene fra dokumentasjonskontrollen viser at 7 av de 21 virksomhetene som deltok i prosjektet har manglende eller ikke gode nok rutiner for å unngå innblanding av GMO-materiale i sine produkter, og derfor må utarbeide bedre rutiner i sine internkontrollsystemer.

Mattilsynet gjennomførte tilsynsprosjektet i perioden oktober 2005 til mai 2006, og resultatene ble offentliggjort den 26.juni. Mer informasjon om resultatene finner du på

www.mattilsynet.no/gmo/tilsynsprosjekt/

 

 

Norge: Forskriftsendring skal sikre fortsatt GMO-fritt soyamel

 

Landbruks- og matdepartementet har i september gjennomført forskriftsendringar for å sikre fortsatt GMO-fri soyamjølproduksjon i Norge. Tollsatsen på importert soyamjøl er auka for å hindre at det skal vere billegare å importere soyamel enn å kjøpe soyamjølet som vert laga i Norge av importerte (GMO-frie) soyabønner. Handels- og Servicenæringens Hovedorganisassjon åtvara mot forskriftsendringa fordi dei meiner den vil undergrave konkurransen innafor handelen med soya til landbruket i Norge.

http://odin.dep.no/lmd/norsk/tema/GMO/nyheter/049051-212425/dok-bn.html

 

 

Tvil om Cassavaprosjektet i Aust-Afrika

 

Forskarar har innrømt at enkelte sortar av genmodifisert Cassava, som dei hadde erklært sjukdomsresistente, faktisk er svært utsette for den øydeleggande virussjukdomen Cassava Mosaic Disease.

Debatten har tilspissa seg etter at talsmenn frå det amerikanske Cassava-prosjektet i Aust-Afrika, eit hjelpeprosjekt i multimillionadollarklassen, har sagt at desse genplantane ville gje mattryggleiken i Aust-Afrika eit løft. Kritikarar har heile tida avfeid programmet som eit forsøk som USA har sett i verk i eiga interesse for å utvikle alternative kjelder til fornybar bioenergi.

http://www.checkbiotech.org/root/index.cfm?fuseaction=news&doc_id=13494&start=1&control=183&page_start=1&page_nr=101&pg=1

 

 

Uenighet om GMO-mais på Öland

 

Det er stor uenighet om Sveriges første forsøksfelt med GMO-mais, som ligger på Øland. Forkjemperne peker på mulighetene for jordbruket, motstanderne ser det som en trussel mot det biologiske mangfoldet, melder avisa Lantbruk.

På et informasjonsmøte i begynnelsen av september uttrykte mange bekymring, blant annet for at det er blitt vanskeligere og dyrere å få tak i GMO-fri soya og at spredning er en trussel mot det biologiske mangfoldet. På den andre siden ble det understreket at det ikke finnes vitenskapelig dokumentasjon på at GMO-dyrking har skadet miljø eller helse på de ti årene genteknikken har vært brukt i kommersiell dyrking.

 

 

Australsk nei til GMO-forsøk

 

Parlamentet i Australia har sagt nei til forsøk med kommersiell dyrking av genmodifisert oljeraps i Vest-Australia.

Forslaget frå opposisjonen om å gje løyve til slike forsøk fekk ikkje støtte i regjeringa, mellom anna fordi australske bønder no kan få høgare prisar i ein marknad som er svært reserverte til genmanipulert mat.

http://www.abc.net.au/news/newsitems/200609/s1740755.htm

 

 

Patent på avlsarbeid

 

Monsanto har søkt om patent på avlsarbeid på gris hos Verdens immaterialrettsorganisasjon (WIPO) I praksis ser det ut til at Monsanto ikke bare søker patent på spesielle avlsmetoder, men også selve avkommet. De fleste avlsprogram i Norden vil berøres hvis patentene blir godkjent i Europa. Det vil gi Monsanto mulighet til å hindre bruken eller kreve lisensavgift av nordiske og norske aktører som driver med griseavl, skriver Marte Qvenild, sekretær Nordisk Genressursråd og Liv Lønne Dille, informasjonssjef Nordisk Genbank Husdyr i en kronikk i Nationen den 4. juli.

http://www.nationen.no/meninger/Kronikk/article2205975.ece

 

 

Sverige: Saknar miljøspørsmål i valdebatten

 

Svenske bønder og forbrukarar vil ikkje ha genmodifisert mat eller kjøt framstilla med genmodifisert fôr. Likevel er den svenske regjeringa blant pådrivarane i EU når det gjeld å tillate flerie genmodifiserte produkt på den svenske marknaden.

Dei som tener på ein storskala introduksjon av GMO er dei store kjemikalie- og frøkonserna, ikkje miljøet og det svenske konsumentane, meiner Greenpeace.

http://www.st.nu/asikter/debatt.php?action=visa_artikel&id=582839

 

 

Kampanje for GMO-merking

 

Friends of the Earth i Storbritannia startar ein kampanje for merking av all mat som inneheld GMO. Ei undersøking organisasjonen har gjort syner at mest alle animalske produkt seld i supermarknader, inkslusiv mjølk, ost og kjøt, kjem frå dyr som er fora med GMO.

www.foe.co.uk/campaigns/real_food/press_for_change/gm_labelling/index.html

 

 

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

 

 

GENNYTT er tilbake!

 

Magasinet Ren Mat overtok ansvaret for GENNYTT den 1. september. Ny GENNYTT-redaktør er frilansjournalist Marit Bendz fra Førde. Hun har i mange år har skrevet om økologisk landbruk, mat og helse. GENNYTT finansieres ved kronerulling blant organisasjoner som ønsker å støtte nyhetsbrevet. Utviklingsfondet (http://www.u-fondet.no/) har gitt økonomisk støtte til Gennytt i september.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, som sendes ut to ganger i måneden. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. Send gjerne GENNYTT videre til andre du synes bør motta nyhetsbrevet.

GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. GENNYTT fra og med 15. september 2006 finner du på www.oikos.no/renmat 

(eldre utgaver befinner seg på Grønn Hverdags nettsider: www.gronnhverdag.no/gennytt).

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no