Gennytt 1. desember 2006

Nr 10 - 2006, årgang 8.

- Avsløringa av at ris frå USA var ureina med ulovleg GMO, har fått mange konsekvensar rundt om i verda. USA
møter importforbodet i mellom anna EU med å godkjenne risen som menneskeføde.

 

- To av dei største risprodusentlanda i Asia har forbode all dyrking av GMO-ris for å møte den aukande etterspurnaden etter garantert konvensjonell ris.

 

- Norske forskarar har utvikla ein heilt ny metode for påvising av ukjende genmodifiserte organismar.

 

- Sjølv om EU har stått steilt imot USA når det gjeld GMO, har dei stillteiande godteke dommen i WTO om at importnekten av genmanipulerte matvarer fram til 2004 var ulovleg.

 

EU: WTO-vedtak vert ståande

21. november slo WTO fast at EU braut internasjonale handelsavtalar ved å nekte import av genmanipulerte matvarer mellom 1998 og 2004. Det var USA, Canada og Argentina som gjekk til sak mot EU, og hevda at
GMO-moratoriet desse seks åra var i strid med WTO-regelverket.

 

Merkeleg nok anka ikkje EU dommen innan fristen 21. november, og vedtaket vert dermed ståande.

 

I tillegg påstår WTO at enkelte medlemslands forbod mot GMO-ar som er godkjende i EU, også er i strid med
WTO-regelverket.

 

Informasjonssjef Kåre Olerud i Norges naturvernforbund fattar ikkje kvifor EU let sjansen til å anke gå ifrå seg.

 

- Det vert spekulasjonar, det er ikkje godt å vite kva som skjer i kulissane. Men det var veldig skuffande at EU
let seg overkøyre, det vil skape ein farleg presedens for seinare miljøkonfliktar. Vedtaket vil og verke inn på
norske tilhøve ettersom vi veit kor hissige norske styresmakter er på å tilpasse seg EU-direktiv, seier Olerud.

 

Samsstundes fekk ikkje USA medhald i at det er ulovleg å opprette GMO-frie soner.

 

http://www.naturvern.no/cgi-bin/naturvern/imaker?id=97234

 

 

USA: Mot rettssak

For å attreise tilliten til amerikansk ris har USA no rett og slett godkjent den ulovlege risen. Samstundes har bøndene som er råka av handelsboikotten gått til sak mot firmaet som stod bak prøvedyrkinga av LL RICE 601.

 

USA Rice Federation har sine eigne nyheitssider; http://www.usarice.com/news/

 

 

Norge: Påviser GMO med DNA-chip

Forskarar ved Veterinærinstituttet og Universitetet i Oslo utviklar no ein heilt ny metode som skal påvise ukjende genmodifiserte organismar (GMO).

 

- Til no har vi berre hatt metodar som kan påvise ei genmodifisering når vi allereie veit at den eksisterer, seier
Arne Holst-Jensen, seniorforskar ved Veterinærinstituttet.

 

- Den nye metoden vil kunne påvise om vi står overfor ein GMO og deretter kva slags genmodifisering det er
snakk om, sjølv om den var ukjend på førehand.

 

Les om den nye metoden på forskning.no:

http://www.forskning.no/Artikler/2006/november/1163153312.63

 

Dette vert og eitt av emna på TeMa-dagen som Teknologisk Matforum arrangerer 14. desember. Andre tema vert genrisen LL601, matlova og GMO-regelverket.

 

Direktør Andreas Wurz frå GeneScan Analytics GmbH i Freiburg er blant foredragshaldarane. Les meir om påmelding og program på

 

http://www.teknologiskmatforum.no/new_page_174.htm

 

 

Søraust-Asia: Står saman mot genmanipulering

Thailandske og vietnamesiske riseksportørar er vorte samde om å oppretthalde forbodet mot dyrking av genmodifisert ris i dei to landa. Ei av årsakene er at dette vil kunne opne marknaden til EU, som er på jakt etter andre handelspartnarar enn USA, skriv Bangkok Post. Thailand er verdas største riseksportør.

 

http://www.bangkokpost.com/281106_News/28Nov2006_news08.php

 

 

Ungarn: Knallharde GMO-reglar

Ungarn stiller så harde krav til dyrking av genmodifiserte vekstar at det i prinsippet gjer det umogleg. Det meiner iallfall det ungarske vitskapsakademiet, som protesterer mot den nye lova. Parlamentet har vedteke at det skal
vere ein avstand på minst 400 meter mellom genmodifiserte og konvensjonelle åkrar. I tillegg må alle som eig
mark i denne 400-metersona godkjenne GMO-dyrking, skriv BBC News Online. Ungarn er den nest største soyaprodusenten i EU.

http://news.bbc.co.uk/nolpda/ukfs_news/hi/newsid_6190000/6190720.stm

 

 

Tyskland: Genteknologi skapar splid

SPD støttar ikkje forslaget til landbruksminister Horst Seehofer, som ynskjer å avgrense erstatningsansvar for eventuell spreiing av GMO-frø til konvensjonelle avlingar, skriv Der Spiegel. The Federal Office of Consumer Protection og Food Safety gav sist veke The Leibnitz Institute i Gatersleben løyve til engforsøk med GMO så
lenge det ikkje representerer noko fare for menneske eller miljø.

 

http://www.spiegel.de/wissenschaft/mensch/0,1518,450918,00.html

 

For første gong er det gjeve løyve til prøveutplanting av genmodifisert kveite i Tyskland, trass i 30 tusen
protestar. Det 1 200 m2 store prøvefeltet ligg ved Leibniz agricultural research institute i tidlegare
Aust-Tyskland. Planten har eit høgare proteininnhald enn vanleg kveite.

 

Styresmaktene i Tyskland har tidlegare gjeve løyve til kommersiell produksjon av genmais og prøvedyrking
av potet og bygg. Fleire miljøverngrupper har protestert kraftig.

 

http://www.checkbiotech.org/root/index.cfm?fuseaction=newsletter&topic_id=1&subtopic_id=3&doc_id=13944

 

 

Brasil: GMO-soya aukar bruken av sprøytemiddel

Undersøkingar det brasilianske miljøinstituttet Ibama har gjort syner at det nasjonale forbruket av
plantegifta glyfosat auka drastisk i åra 2000 til 2004. Det er særleg i område med gen-mais at auken
er påtakeleg – i Rio Grande do Sul er bruken dobla i løpet av desse åra..

 

Dei langsiktige konsekvensane av den massive bruken av plantegift står att å sjå, men det er allereie registrert
at ein type ugras har auka resistens mot glyfosat.

 

http://www.checkbiotech.org/root/index.cfm?fuseaction=newsletter&topic_id=2&subtopic_id=9&doc_id=13880

 

 

Russland: Tvitydige signal

To av dei største matimportørane i Russland slår fast at dei berre vil kjøpe GMO-frie råvarer.

 

Sodruzhestvo, den største soyaimportøren i Russland med 70 prosent av den russiske marknaden, har slått
fast at den nye store fabrikken som er under bygging i Kaliningrad vert GMO-fri sone. Matprodusenten
Rybflotprom, som har 7 prosent av den totale russiske matmarknaden, garanterer også for GMO-frie
matvarer. Begge firma vil starte import av GMO-fri soya frå Brasil i staden for GMO-soya frå Argentina og USA.

 

Men på tradisjonelt russisk vis har det samstundes dukka opp eit brev som riv grunnen under dei gode intensjonane. Mellom anna er merking av varer som inneheld GMO ikkje nemnt med eit ord i ein avtale
mellom Russland og USA om bioteknologi. Avtalen inneber at lista over GMO-produkt godkjent for
menneskemat i Russland vil bli atskillig lenger enn i dag.

 

http://www.ustr.gov/assets/World_Regions/Europe_Middle_East/Russia_the_NIS/asset_upload_file511_
10010.pdf

 

http://www.yubanet.com/artman/publish/article_46274.shtml

 

http://biosafety.ru/ for dei som forstår russisk

 

 

Bomull som menneskemat

Forskarar ved Texas A&M University har klart å fjerne gifta i dei proteinrike bomullsfrøa ved hjelp av
genteknologi. Dermed kan bomull bli menneskeføde.

 

Bomullsfrø inneheld det giftige stoffet gossypol, som gjer dei uspiselege for både menneske og dei fleste
dyr. Det vil ta minst ti år før dei nye variantane kjem i produksjon.

 

http://www.forskning.no/Artikler/2006/november/1164026645.26/

 

 

Transgene pattedyr produserer medisin gjennom mjølka

Over 20 firma i USA, Canada, Nederland, Frankrike og Storbritannia forskar på genmanipulering for å
dyrke protein og hormon i dyremjølk til bruk i ny medisin. Eit legemiddel mot blodpropp er allereie i
handelen, og EU tillet bruk av slik medisin, skriv Illustrert Vitenskap.

 

http://www.illvit.com/polopoly.jsp?d=154&a=3471

 

 

India: Peanøtter med insulin

The University of Agricultural Sciences (UAS) i Bangalore, er i ferd med å utvikle ein genmodifisert
peanøttype som ein effektiv medisin mot diabetes. Det er eit gen frå det aktive stoffet forskolin som vert
nytta, og genmedisinen vert no testa ut på mus, skriv The Economic Times

 

http://economictimes.indiatimes.com/articleshow/482440.cms

 

 

Afrika: Satsing på genbomull

Afrikas største bomullsprodusent, Burkina Faso, satsar på produksjon av genmodifisert bomull frå og med
neste år, i følgje Yahoo News.

 

http://news.yahoo.com/s/afp/20061124/bs_afp/burkinafarmbiotechgmo_061124213242

 

 

Kina: Rundormflesk

Ein mikroskopisk orm kan vere nøkkelen til ”sunnare” bacon, påstår kinesiske forskarar, som har miksa DNA
frå rundormen C elegans med grisar for å kunne produsere svinekjøt med Omega 3 feittsyrer som skal virke førebyggande på hjartesjukdomar.

 

Dr. Jing Kang ved Harvard Medical School seier til Nature Biotechnology at dei vonar å gjere det same
etterkvart med kyllingar og kyr.

 

http://www.thepigsite.com/swinenews/12766/worm-is-key-to-healthier-bacon

 

 

Kofi Annan uroa for biologisk terror

FN’s generalsekretær Kofi Annan åtvara mot dei potensielle farane ved genmanipulering

i ein tale i den sveitsiske universitetsbyen St. Gallan i førre veke.

 

- Bioteknologi kan få katastrofale følgjer dersom kunnskapen fell i gale hender, sa Annan

 

http://www.planetark.com/dailynewsstory.cfm/newsid/39070/story.htm

 

................................................................................................................................

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig
redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling.
Forum for Utvikling og Miljø (http://www.forumfor.no/) har gitt økonomisk støtte til GENNYTT i desember.

 

Send gjerne GENNYTT videre til andre du synes bør motta nyhetsbrevet.

 

GENNYTT legges ut på hjemmesidene til Ren Mat: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no