Gennytt 15. november 2006

Nr 9 - 2006, årgang 8.

Mattilsynet har til no ikkje fått inn prøver av amerikansk ris

 

 

Bayer CropScience prøver å få godkjent den omstridde risen

 

 

Debatt i Sverige om genpotet og GMO-frie soner

 

 

Afrikanske land under hardt press

 

 

Norge: Nye tiltak mot illegal genris

Mattilsynet har stramma inn dei nasjonale tiltaka for å hindre sal av modifisert langkornet amerikansk ris (LL RICE 601), slik at dei er i samsvar med EUs tiltak. Mattilsynet har inngått eit samarbeid med Tollvesenet for å ha ei dobbelsikring mot innførsel av den illegale risen.

 

- Så langt har vi ikkje fått inn ein einaste prøve, seier rådgjevar Øygunn Østhagen i Mattilsynet til Gennytt. Ho reknar med at importørane har funne andre leverandørar, og at innføringa av eit gebyr gjer at dei heilt unngår ris frå USA.

 

I august kom krav om ein analyserapport saman med produkt som inneheld langkorna ris frå USA. Rapporten skal stadfeste at partiet ikkje inneheld den ulovlege genrisen. Sia 6. november er det i tillegg krav om at nasjonale styresmakter skal ta analyseprøver av alle parti med langkorna ris fra USA første gong dei kjem på marknaden, og at resultatet av desse analysane skal følgje partiet i den vidare omsetninga.

 

http://odin.dep.no/lmd/norsk/tema/GMO/nyheter/049051-212644/dok-bn.html

 

Bayer CropScience prøver no å få godkjent den omstridde risen, og er det første amerikanske firmaet som søker om godkjenning for ein genmanipulert plante som allereie er ulovleg på marknaden. Styresmaktene etterforskar framleis korleis LL RICE 601 kunne spreie seg frå testområdet til Bayer etter av firmaet droppa heile forsøksprosjektet i 2001, skriv The News & Observer.

 

Den ulovlege genrisen vert av USA Rice Federation skildra som den verste krisa i amerikansk risindustri, og kring 40 % av ris-eksporten frå USA er hardt råka, i følgje avisa Arkansas Democrat-Gazette.

 

http://www.newsobserver.com/104/story/507126.html

 

 

Sverige/EU: Genpoteter og debatt om GMO-frie soner

4. desember skal EU røyste over om det skal bli lov med kommersiell dyrking av genmodifisert potet. Det svenske Jordbruksverket reknar med at saka sendt vidare til ministerrådet og avgjort i 2007. I Sverige har genpoteta vorte dyrka i feltforsøk sia 1994. Den har endra innhald av stivelse, og inneheld antibiotikaresistente markørgen.

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=37609

 

Lantbrukarnas Riksförbund, vaklar i spørsmålet om GMO-frie soner. Tidlegare har forbundets ekspert på genteknologi, Jan Ekvärd, sagt at det ikkje er naudsynt med slike soner. No er han i tvil, mellom anna på grunn av utydelege lovar og mangelfullt regelverk.

 

http://www.riksdagen.se/webbnav/index.aspx?nid=410&doktyp=mot&rm=2006/07&bet=MJ308&dok_id=GU02MJ308

 

I Sverige pågår også ein debatt om kven som har ansvaret når genmodifiserte plantar spreier seg til konvensjonelle eller økologiske åkrar. Har eigaren av desse rett på erstatning, og i tilfelle kor mykje?

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=37529

 

 

Framleis GMO-skepsis i Danmark

Danskane seier nei til dei aller fleste GMO-planter. Sia 2004 har danske politikarar stemt imot 19 av 21 søknader om utsetting av genmodifiserte frø, i følgje lobbyorganisasjonen Biotekcenter.dk. Motstanden er størst i Socialdemokraterne, SF, Dansk Folkeparti og Enhedslisten.

 

Finske parlamentarikarar har stemt ja til alle dei 21 søknadane, svenskane har sagt ja 19 gonger medan Frankrike har stemt ja 17 gonger.

 

http://www.biotekcenter.dk/Default.asp?ID=689

 

 

USA: Massiv motstand mot mat frå klona dyr

Ei rekke organisasjonar for mattryggleik og dyrevelferd ber om mellombels forbod mot produksjon av mat frå klona husdyr. Medan den bioteknologiske industrien ivrar for å kommersialisere klona mat, er det stor skepsis også blant vitskapsfolk mot slike produkt.

 

Kloning er fullstendig unødvendig og eit trugsmål mot dyrevelferden, likevel ynskjer industrien å teste ut “klonmaten” på det amerikanske folket, eg trur alle amerikanarar vil verne barna våre mot denne typen usikker mat, seier Joseph Mendelson III, Legal Director for the Center for Food Safety (CFS)

 

http://www.foodproductiondaily.com/news/ng.asp?n=71515-milk-cloned-animals-fda

 

 

Økobonden Charles irriterer Blair

Prins Charles leiar ein britisk kampanje mot genmodifisert mat, stamcelleforsking og dyreforsøk.

 

- Den antivitskaplege brigaden trugar framskritt og velstand i landet vårt, seier statsminister Tony Blair i eit krasst åtak på denne gruppa, som mellom anna stiller spørsmål ved tryggleiken ved GMO-mat. Les meir i britiske The Mirror

 

http://www.mirror.co.uk/news/topstories/tm_headline=blair-s-veiled-blast-at--anti-science--charles&method=full&objectid=18043478&siteid=94762-name_page.html

 

 

Afrika under press frå GMO-selskapa:

Medan skepsisen mot GMO veks i Europa, mellom anna grunna ulovleg genmodifisert ris både frå Kina og USA, aukar presset på afrikanske land om å opne dørene for genfrø og andre genmodifiserte produkt.

 

Allereie i 2003 skulda Zambia USA for å bruke sultkatastrofen i det sørlege Afrika til å fremje genmodifisert mat ved å tilby det som naudhjelp. Mange afrikanske land hadde ikkje anna val enn å ta i mot.

 

Malawi må utarbeide ein nasjonal lov for å kunne avvise GMO-mais, seier Edson Musopole i Action Aid. Landet er heilt avhengig av matbistand frå utlandet, og mykje av maisen dei mottek er genmodifisert.

 

- GMO-fri mais er tilgjengeleg både lokalt og i nabolanda, seier Musopole, som meiner at eit nasjonalt lovverk også vil gje bistandsorganisasjonane eit betre rykte – i dag vert dei ofte sett på som eit verkty for rike land som vil bli kvitt overskotsproduksjonen sin.

 

http://www.oneworldafrica.org/sasf/newsdetails.php?news_id=00000064

 

Særskild interessert i GMO i Afrika? Sjå http://www.gmoafrica.org/

 

 

Russland: Forskar på GMO og helse

Den russiske biologen Irina Ermakova, kjent for forsking på farene ved å ete genmat, er vald til visepresident i Russian National Genetic Safety Association (NGSA), skriv russiske Regnum News Agency. Ermakova har gjennom rotteforsøk vist samanheng mellom inntak av genmodifisert soya og fosterskadar.

 

http://www.regnum.ru/english/737046.html

 

Meir om Ermakova på http://irina-ermakova.by.ru/eng/

 

 

Australia; Ny GMO-kveite klar innan fem år

Ein genmodifisert kveitesort kan vere på marknaden innan fem år. Franske Limagrain og Australias Grains Research and Development Corporation (GRDC) skal investeere til saman 12.5 millionar dollar i prosjektet.

 

http://www.foodnavigator-usa.com/news/ng.asp?n=71757-limagrain-grdc-csiro-resistant-starch-wheat

 

 

Brasil: Monsanto og Bayer pressar på

Brasilianske styresmakter vert ikkje samde om dei skal tillate forsøk med nye sortar genmodifisert bomull og mais i landet. Brasil har sia 1998 godkjent berre to typar genmodifiserte produkt; Monsantos Bollgard bomull og Roundup Ready soyabønner. Det er venta at kring 50 prosent av soyaproduksjonen i Brasil neste år er genmodifisert.

 

http://news.morningstar.com/news/DJ/M10/D19/200610191204DOWJONESDJONLINE000949.html?pgid=qtqnNews5

 

 

Sjølvlysande grisar og silkegeiter

Britiske Channel 4 vil opprette ein gard med genmodifiserte husdyr i eit nytt program om framtidas potensiale innafor bioteknologi. Programmet heter Channel 4 Farm, og i tillegg til fluorisernde griser. geiter som produserer silke er Schwarzenegger-kua, ein variant av belgisk Blå, også planlagt, skriv Farmers Guardian.

 

http://www.farmersguardian.com/story.asp?sectioncode=1&storycode=5711

 

 

*****************

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Norges Bondelag (http://www.bondelaget.no/) har gitt økonomisk støtte til GENNYTT i november.

 

Send gjerne GENNYTT videre til andre du synes bør motta nyhetsbrevet. GENNYTT fra og med 15. september 2006 legges ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no