Gennytt 2. oktober 2006

Nr 6 – 2006, 8. årgang

 

Amerikansk, ulovleg gen-ris i norske Toro-produkt

 

Truleg godkjenning av gen-raps i EU

 

Usemje om GMO-merking i Danmark og EU

 

Medisin frå britiske gengeiter

 

Svenskane forskar på genmodifiserte potet og osp

 

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

 

 

Norge: Ulovleg gen-ris i Toro-produkt

To parti med den ulovlege genrisen LL 601 frå USA er distribuert via Italia til Norge. Rieber & Søn ASA (Toro) i Bergen og Drytech i Tromsø har etter pålegg frå Mattilsynet trekt attende alle produkt som kan innehalde ris frå desse partia. Det gjeld følgjande produkt:

 

- Ming Hurtigris 400 gram

 

- Ming Hurtigris 800 gram

 

- Langkornet villris

 

- Hurtigris, middag, Boil in bag (berre denne typen av totalt fire)

 

- Risengrøt snarkokt

 

- Risengrøt snarkokt (to-pakning, rett i koppen-type)

 

- Risengrøt snarkokt 5 minutter Ming

 

http://www.bt.no/forbruker/mat/article301771.ece

 

Det er no krav om analysesertifikat for kvar sending av produktgrupper av langkorna ris med opphav i USA, som skal stadfeste at sendinga ikkje inneheld genmodifisert ris.

 

Også i EU har Kommisjonen sett i verk svært strenge vernetiltak

 

http://www.mattilsynet.no/genmodifisering/s_rskilte_beskyttelsestiltak_i_forbindelse_med_genmodifisert_
langkornet_ris_fra_usa_38842

 

http://www.odin.no/hod/norsk/samarbeid/europeisk/048011-130026/dok-bn.html

 

http://matportalen.no/Saker/1159427066.59

 

http://www.alertnet.org/thenews/newsdesk/L29841711.htm

 

http://news.bbc.co.uk/1/hi/sci/tech/5389208.stm

 

http://www.kamcity.com/namnews/asp/newsarticle.asp?newsid=29076

 

 

 

EU: Truleg godkjenning av gen-raps

Godkjenning av ein ny type genmodifisert raps vil bli godkjent i EU.

 

Landbruksministrane klarte ikkje å samle seg for eller mot godkjenning på rådsmøtet i Brussel 18. september, dermed går saka attende til EU-kommisjonen, noko som vil føre til at produktet vil bli godkjent for all bruk utanom kultivering eller i matvarer.

 

http://www.odin.no/lmd/norsk/tema/internationalt/europa/049051-212470/dok-bn.html

 

http://www.reutershealth.com/archive/2006/09/18/eline/links/20060918elin016.html  (krever passord)

 

 

 

EU: GMO-merking av matvarer

Europeiske forbrukarar ynskjer å vite om matvarer er GMO-frie. EU arbeider for tida med revisjon av matmerkepolitikken, mellom anna om ein skal innføre ei merkeordning for GMO-fri matprodukt. Men det er intern usemje i EU- kommisjonen om dette skal gjerast på nasjonalt eller sentralt EU-nivå. Dette er eit kontroversielt spørsmål i høve WTO, der mellom andre USA og Australia ynskjer eit liberalt handelsregime for matvarer.

 

På ein konferanse på Kreta i september om regional matmerking, informerte Oppland fylkeskommune og Valdres om korleis matmerking går føre seg på nasjonalt og regionalt nivå i Norge.

 

http://www.oppland.no/?strUrl=//applications/system/publish/view/showobject.asp?infoobjectid=1006387&channelid=1000147&usedefault=1

 

 

 

Danmark: Etisk råd splitta om GMO

Det Etiske Råd i Danmark er splitta når det gjeld kriteria for godkjenning av genspleisa plantar. Usemja gjeld om nytteverdien til plantane også skal takast med i vurderinga, eller om risikovurdering åleine skal ligge til grunn for godkjenning.

 

Medlemmene i rådet er likevel prinsipielt positive til bruk av genmodifiserte plantar.

 

http://ing.dk/article/20060928/BIO/109290189

 

http://www.venstrebladet.dk/hav/default.asp?action=ritzau&id=180924

 

Henrik Vestergaard (V), nytt medlem i det danske Fødevareudvalget, vil ha betre merking av GMO-baserte matvarer, skriv danske Mejeri.

 

http://www.mejeri.dk/smcms/mejeri_dk/Nyheder/Nyhedsarkiv/2002/Fortael_mig_alt_om/Index.htm?ID=4010&mID=4005

 

 

 

Fransk lovforslag trekt attende

Den franske landsbruksministeren har kunngjort at eit omstridd GMO-lovforslag ikkje vil bli lagt fram for parlamentet likevel. Saka er truleg utsett til etter presidentvalet i 2007.

 

http://www.terre-net.fr/outils/fiches/fichedetail.asp?id=34403

 

 

 

Patenthøringsfrist snart ute

Høringsfristen på spørsmålet om Norge skal tiltre Den europeiske patentkonvensjonen (EPC) går ut 6. oktober. Det samme gjelder forslag til de endringer i patentloven som er nødvendige ved norsk tiltredelse til EPC, samt enkelte andre forslag til endringer i patentloven

 

http://odin.dep.no/nhd/norsk/dok/hoering/paa_hoering/024141-080021/ram001-bn.html#ram1

 

 

 

Krev GMO-fritt tysk øl

- Tysk øl skal også i framtida vere GMO-fritt, forlangar tre tyske ølbryggeri i eit manifest offentleggjort i München 27.09. Det skriv det tyske bryggeribladet Best Malz.

 

http://www.bestmalz.de/de/news/bio-brauereien-fordern-gentechnikfreies-deutsches-bier__1703.htm

 

 

 

Gengeiter produserer medisin

Verdas første medisin utvikla av genmodifiserte husdyr er snart klar til bruk i Storbritannia. Medisinen vert utvikla av mjølk frå geiter som har innpoda eit menneskegen, og verkar antikoagulerande for pasientar med ein sjeldan arveleg blodsjukdom

 

http://www.timesonline.co.uk/newspaper/0,,2761-2361658,00.html

 

 

 

Dansk gengras

Den danske miljøministeren har gjeve løyve til forsøk med utsetting av genmodifiserte raigrasplantar. Føremålet er å framstille fôrgras med høgare næringsinnhald, melder det danske Miljøministeriet.

 

http://www.skovognatur.dk/Nyheder/Rajgraes.htm

 

 

 

"Potatis" kan bane veg for genteknikk

Svenske forskarar har utvikla ein genmodifisert potet med sterkt forsvar mot tørråte. Dei trur denne nye potettypen vil bane veg for svensk genteknikk innafor landbruket, skriv Dagens Nyheter.

 

http://www.dn.se/DNet/jsp/polopoly.jsp?d=597&a=575116&previousRenderType=8

 

 

 

Svenske genforsøk på osp

Osp, som er genmodifiserte for å auke tilveksten, er i svenske forsøk samstundes endra kjemisk, slik at dei ikkje lenger smakar så godt for bladbiller som vanleg osp.

 

Trea har eit høgare innhald av fenolar, som vernar dei mot både biller og soppangrep. Desse endringane kom uventa på dei svenske forskarane ved SLU i Umeå og Umeå universitet. Studien er publisert i Journal of basic and applied ecology.

 

http://forskning.se/servlet/GetDoc?meta_id=90071

 

http://www.ja.se/nyheter/visanyhet.asp?nyhetID=7248

 

 

 

Svensk forskarblogg

Sveriges landbruksuniversitet SLU har starta den første forskarbloggen i Sverige, der tema som genmodifisering, dyrevelferd og økologisk produksjon er blant emna.

 

http://www.slu.se/

 

http://newsdesk.se/view/pressrelease/74113

 

 

 

Norge: Disputas på verknad av genmodifisert laksefôr

Anita Sagstad disputerte sist fredag ved Universitetet i Bergen med ei avhandling om korleis genmodifisert fôr verkar på oppdrettslaks. Ho har funne at gen-mais i fôr fører til lågare fôrinntak og påfølgjande redusert vekst, samanlikna med fisk fôra med anna mais.

 

http://www.kyst.no/index.php?page_id=7&article_id=75705

 

 

 

Kina og EU samarbeider mot illegal handel

EU-kommisjonen og Kina har sett i verk fleire tiltak for å kjempe mot forfalsking og smugling av ulovleg og utrygge produkt etter risskandalen som er nyleg vart rulla opp.

 

http://www.euractiv.com/en/trade/eu-china-operate-illegal-trade/article-157971

 

 

 

Sjølvmordsbølgje blant indiske gen-bomullsbønder

Gjeldsslaveri, skyhøge frøprisar og sårbare avlingar har ført til ei rekke sjølvmord blant bønder som dyrkar genmodifisert bomull.

 

Dei oppskrytte frøa har ei svært varierande spireevne, og er i tillegg svært dyre. Saman med høg gjeld gjer sette bøndene svært sårbare, og i følgje New York Times er dette ein viktig årsak til alle sjølvmorda på den indiske landsbygda. Berre i løpet av 2003 tok 17 107 bønder sine eigne liv i India.

 

http://www.nytimes.com/2006/09/19/world/asia/19india.html?ex=1158724800&en=cd312107dc2deb70&ei=5087%0A

 

 

 

Australia: Queensland bør nytte genteknologi

Området er i ein unik posisjon når det gjeld å dra nytte at den nye teknologien, meiner ein av Australias ekspertar på dyrking av genmodifiserte plantar, Dr. T J Higgins. Han viser til at mellom anna den japanske marknaden no har opna opp for genmodifiserte produkt, trass i tidlegare motstand. I resten av Australia er dyrking av slike plantar forbode, skriv http://www.abc.net.au/

 

http://www.checkbiotech.org/root/index.cfm?fuseaction=news&doc_id=13575&start=1&control=180&page_start=1&page_nr=101&pg=1

 

 

 

Men vil Japan ha GMO-mat?

Dette er slett ikkje eintydig. I følgje japanske Nikkei Net leiter japanarane etter nye leverandørar etter kvart som meir og meir av råvarene frå USA er genmodifiserte. Dette gjeld særleg mais og soya.

 

http://www.checkbiotech.org/root/index.cfm?fuseaction=news&doc_id=13580&start=1&control=180&page_start=1&page_nr=101&pg

 

 

 

Norge: Søkelys på genressursar

Norsk genressurssenter er nyetablert, og inviterer til opningsseminar om variasjon, vern og verdiskaping av dei norske genressursane 28.- 29.11. i Hedmark.

 

Program på:

http://www.skogoglandskap.no/default.cfm?obj=news&act=displaynews&news=39

 

 

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

 

 

GENNYTT er tilbake!

Magasinet Ren Mat overtok ansvaret for GENNYTT den 1. september. Ny GENNYTT-redaktør er frilansjournalist Marit Bendz fra Førde. Hun har i mange år har skrevet om økologisk landbruk, mat og helse. GENNYTT finansieres ved kronerulling blant organisasjoner som ønsker å støtte nyhetsbrevet. Utviklingsfondet har gitt økonomisk støtte til Gennytt i september.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, som sendes ut to ganger i måneden. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. Send gjerne GENNYTT videre til andre du synes bør motta nyhetsbrevet.

 

GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. GENNYTT fra og med 15. september 2006 finner du på www.oikos.no/renmat (eldre utgaver befinner seg på Grønn Hverdags nettsider: www.gronnhverdag.no/gennytt ).

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no