Gennytt 1. april 2007

Nr. 7 - 2007, årgang 9


 

Bier forsvinn på uforklarleg vis både i Europa og USA. Er det ein samanheng mellom massedød blant bier og GMO-pollen? Samstundes er det ein faretruande auke i talet på soyaallergi, forskarar har sine mistankar, men førebels har ingen klart å finne ei klar samanheng med GMO-soya.

 

Dei norske bondeorganisasjonane er i ferd med å ta genteknologien inn over seg, medan debatten når nye høgder i Danmark og Sverige. Til og med i USA breier skepsisen seg.

 

Stadig nye produkt vert trekt attende frå butikkhyllene på grunn av ulovleg GMO-innhald.


 

 

Bienes løyndomsfulle død

 

Bier forsvinn på uforklarleg vis i USA og Europa. Amerikanske birøktarar har rapportert at frå 60 % til 100 % av biene har forsvunne utan at nokon enno har funne forklaringa. I Europa er Tyskland, Polen og Spania råka.

 

Entomolog Diana Cox-Foster frå Philadelphia har analysert nokre daude bier i ei forlaten bikube. Ho fann opptil fem ulike virus og uidentifiserte sopp i biene, og meiner at noko har øydelagt immunforsvaret deira. Årsaka er framleis ukjend, men på lista over moglege årsaker står plantevernmiddel og genmanipulerte plantar, eller ein kombinasjon av desse to.

Professor Hans-Hinrich Kaatz ved University of Halle i Tyskland har forska på bier og GMO-mais, og seier til Der Spiegel at bakteriegifta i genspleisa mais endra overflata på innvolane til biene noko som vesentleg svekka motstanden mot parasittar eller kanskje det er omvent? Vi veit ikkje.

 

http://www.spiegel.de/international/spiegel/0,1518,473166,00.html


 

 

England: Matallergi på grunn av GMO?

 

I løpet av berre eit år har 50 % fleire fått matallergi på grunn av soya. Årsaka kan vere genspleisa produkt.

 

York Nutritional Laboratory i England har testa soya i 17 år, og det er første gong at soya er blant dei ti mest allergiframkallande matvarene. Genmodifisert soya vart lansert i 1996 og vert no blanda med vanleg soya. Forskarane understrekar at ein ikkje kan bevise nokon samanheng mellom genspleisa soya og auken i allergitilfelle.

 

- Men det er naturleg å ha ein mistanke, seier talsmann for York-laboratoriet, John Graham til det danske bladet Aktuelt 22. mars.

 

- Det vi veit sikkert er at vi treng meir forsking på dette området.

http://www.madogsundhed.dk/index.php?page=visnyhed&id=490


 

 

USA: Allergiframkallande tacoskjel

 

Ein ulovleg og kanskje allergiframkallande type genmodifisert mais er funne i ei rekke matvarer i USA. Supermarknader, bønder og styresmakter prøver no å oppspore og tilbakekalle den ulovlege maisen. I september fann ei amerikansk forbrukargruppe spor av maisen i nokre populære taco-skjel. Maisen er mistenkt for å vere allergiframkallande og difor forbode i mat. Men i praksis er det ikkje mogleg å skilje dei ulike maistypane, skriv danske Aktuelt.

 

Den første loven mot GMO er dessutan på trappene i USA, etter press frå bøndene som fryktar for eksporten, særleg av kveite, til Japan og Europa. Nord-Dakota er den første staten som no fremjer eit forslag om forbod mot genmanipulert kveite.

 

Den amerikanske viselandbruksministeren har også uttrykt uro for ein komande handelskrig på området for GMO-organismar.



 

Danmark: Kims måtte gje seg til slutt

Kims har fjerna alle Tortilla Chips frå den danske marknaden etter at miljøorganisasjonen NOAH og den britiske søsterorganisasjonen Friends of the Earth fann ulovleg genspleisa mais i dei.

 

- Det kan skje ureining i små mengder med dei ikkje-godkjende sortane til dømes under transport, seier kontorsjef i direktoratet, Eeva-Liisa Østergård til Berlingske Tidende.

 

Kims avviste først å trekke chipsen attende. Adm. direktør Jørn Tolstrup Rohde lover Tortilla Chips utan GMO i hyllene att om to-tre veker.


 

 

Danmark: Uetisk å seie nei til genmat

 

Den europeiske skepsisen til genspleisa mat hindrar indirekte ulanda i å mette innbyggjarane sine, skriv Per Pinstrup-Andersen og Ebbe Schiøler i den kontroversielle debattboka Mæthedens pris.

 

Dersom dei vestlege landa ikkje går i front med genforsking, vil teknologien heller ikkje kunne hjelpe dei fattige. Difor er eit nei til genteknologi uetisk, meiner dei to forfattarane, som begge har arbeidd med ulandsforsking i ei årrekke.

 

Boka er utgjeven på Rosinante forlag, og førsteopplaget er allereie utseld.

 

http://www.rosinante.dk/bogtitler/Maethedenspris.htm


 

 

Danmark: Veksande skepsis

 

Kjøtt og mjølk skal merkast dersom dyra har fått genspleisa fôr, meiner den danske matvareministeren, Ritt Bjerregaard (S). Ho går dermed lengre enn forslaget frå EU-Kommisjonen, der det heiter at genspleisa mat skal merkast, men ikkje kjøt og mjølk.

 

Den danske miljøministeren vil samstundes ha ein tenkepause når det gjeld den genteknologiske utviklinga. Bakgrunnen er m.a. resultata av eit amerikansk forsøk, der sommarfuglar døydde etter å ha ete pollen frå ein bestemt type genspleisa mais.

 

http://www.madogsundhed.dk/index.php?page=visnyhed&id=650


 

 

Sverige: GMO-fritt Jämtland-Härjedalen

 

Et svensk len fritt for genmodifiserte produkt på alle nivå også i framtida er målet til Nettverket for et GMO-fritt Jämtland Härjedalen.

 

- I EU ligg ein søknad om å sette ut genpotet, noko som venteleg vert godkjend til sommaren, seier Liv Ekerwald i Nettverket til Länstidningen.

- Vi risikerer også å få hit genmodifisert dyrefôr, mais og soya. Når dei først har slått rot, er det ikkje mogleg å stogge dei.

 

http://www.ltz.se/artikel_standard.php?id=400583&avdelning_1=101&avdelning_2=142


 


 

Noreg: Gryande debatt utan engasjement

 

Dei norske bondeorganisasjonane er i ferd med å kome på bana når det gjeld GMO, som førebels er lite diskutert i Noreg.

 

- Dersom vi ikkje tek fatt i denne utfordringa - på fleire plan - vil vi om få år verte konfrontert med dilemma som vi ikkje er budde på, skriv Norsk Bonde- og Småbrukarlag i samband med sitt nye informasjonshefte om GMO.

 

Også Norges Bondelag er opptekne av GMO, og leiar i Miljø- og kvalitetsutvalet Bjørn Iversen seier at det ikkje er grunnlag for å skyve bønder og forbrukarar framfor seg i sin kamp for å anerkjenne GMO.

 

- I fleire land har kommunar eller fylke erklært seg som GMO-frie soner. Det er ingenting i vegen for at landbruket frivillig kan opprette slike. I dag framstår det som ein langt meir interessant strategi i ein internasjonal marknad, enn Sortebergs GMO-line, skriv han i eit tilsvar til Hilde-Gunn Opsahl Sortebergs argumentasjon for GMO.

 

Styret i Norges Bondelag har vedteke at dei ikkje vil ta i bruk genmodifiserte organismar.


 

 

Modifisert mygg mot malaria

 

Genspleisa mygg har ei betre overlevingsevne i eit miljø med malariaparasittar enn malariamyggene sjølve. Men genmyggene mistar resistensen etter 16 generasjonar, skriv bladet Forsking.

 

Genmodifiserte mygg og vanlege villmygg vart fôra på malariainfisert blod, og etter ni mygg-generasjonar hadde klart flest genmodifiserte mygg (70 prosent) overlevd forsøket. Dette er altså mygg som ikkje kan overføre malaria til menneske.

 

Dei produserte fleire avkom, og hadde rett og slett betre overlevingsevne, ifølge studien, som ble publisert Proceedings of the National Academy of Sciences (PNAS).

 

Hovudutfordringa vidare vert å halde motstandskrafta mot smitte gjennom fleire generasjonar.

 

http://www.forskning.no/Artikler/2007/mars/1174302458.67


 

 

EU: Godkjent GMO-raps, usikker på mais

 

EU-kommisjonen har bede EFSA om å vurdere vidare den franske, kritiske studien av den genmodifiserte maisen MON863. EFSAs GMO-panel har diskutert studien og ber no medlemslanda om ytterlegare fakta. Den franske forskingsgruppa gjekk igjennom ei rekke rotteforsøk utført for Monsanto, og kom fram til at maisen hadde påført rottene alvorlege helseskadar.

 

Tre variantar av genmodifisert raps vert sleppt ut på EU-marknaden som dyrefôr. 27. mars godkjende EU-kommisjonen Bayers tre GMO-sortar, Ms8, R13 och Ms8xR13. Alle er resistente mot ugrasmiddelet glyfosat.

 

http://www.lantbruk.com/Article.jsp?article=33100


 

 

Kina: Kamp fro lokal GMO-fro soya

Dyrk det lokale! Det er meldinga frå grupper som vil overtale styresmaktene i Kina om at naturlege soyabønner er betre enn dei genmodifiserte importerte.

 

http://english.people.com.cn/200703/16/eng20070316_358186.html


 

 

Storbritannia: Matvarekjedene forlangar GMO-fritt dyrefôr

Det britiske varehuset Marks & Spencer forlanger no at genmodifisert soya vert fjerna frå dyrefôr. Dagligvarekjeda Tesco vil heller ikkje lenger selje produkt frå dyr som har ete genspleisa fôr, og krev iførste omgang, at dei enkelte ingrediensene i fôret ikkje kan innehalde meir enn 5 prosent GMO, skriv Informasjon.

 

http://www.madogsundhed.dk/index.php?page=visnyhed&id=1075


 

 

Forskarar i hardt ver: Sparka etter kritikk

 

Ein av dei største ekspertane på økologisk jordbruk i Australia, Dr Maarten Stapper, er sparka frå CSIRO's Plant Industry fordi han kritiserte genmodifisering av plantar.

http://canberra.yourguide.com.au/detail.asp?

class=news&subclass=environment&story_id=567582&category=Environment

Derimot får ein britisk forskar som vart oppsagt tidlegare no oppreising. Det vitskaplege tidsskriftet Lancet skal offentleggjere resultata av forskinga til Arpad Pusztais, som vart kritisert for å gjere folk urolege utan grunn, og for slett vitskapeleg arbeid, skriv The Guardian.

 

http://www.madogsundhed.dk/index.php?page=visnyhed&id=857


 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling.

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no