Gennytt 1. august 2007

Nr. 13 - 2007, årgang 9.

Både Utviklingsfondet og småbrukarlaget fryktar snikinnføring av GMO til Noreg

 

EU seier nei til ny genpotet

 

USA skuldar kinesisk GMO-dyrefôr for å vere rein gift


 

 

Fryktar EU-tilpassing

 

Bell Batta Torheim i Utviklingsfondet meiner den norske genteknologilova er best i verda.

 

– Men eg har inntrykk av at norske styresmakter har utvikla ein skrekk for kva EU vil seie om vi ikkje snart godkjenner genmodifisert mat eller ei genmodifisert plante. Noreg burde heller kjempe hardare for at den norske genteknologilova blir ein standard for andre land, seier Torheim.

 

Rådgjevar Birgitte Valen i miljøverndepartementet opplyser at det for tida ligg inne ti søknader om å få godkjent GMO-produkt i Noreg. Det er tale om sju sortar mais, to raps og ei soyabønne, alle klarerte av EU. Søknadene skal først handsamast av Direktoratet for naturforvaltning som har engasjert ei forskingsgruppe til å sjå på dei særnorske genteknologireglane.

 

Medan norske styresmakter arbeider i det stille for å finne harmonien med EU, har riksrevisjonen i Sverige nylig retta skarp kritikk mot den svenske regjeringa, og føreslår at riksdagen instruerar det utøvande organet i fleire spørsmål som gjeld GMO.

 

- Regjeringa må skjerpe vurderinga av risikoen kring innføring av GMO, og den må betre så vel rapporteringa til riksdagen som informasjonen til publikum, meiner kontrollorganet.

 

Bonde- og småbrukarlaget meiner regjeringa har ei tafatt haldning.

 

- Vi har fått den klare oppfatninga at regjeringa vil gjere dette til eit val for forbrukarane, seier generalsekretær Olaf Godli i Norsk bonde- og småbrukarlag til Nationen.

 

- Det er det same som å følgje EU si line og å avgrense ei alvorlig problemstilling til eit spørsmål om merkelappar. Blir det først opna for genmodifisert mat, som EU har gjort, fryktar vi at vegen er kort til eit genmodifisert landbruk, seier han.


 

 

Europa vil ikkje ha genmodifiserte poteter

 

EUs landbruksråd har sagt nei til det siste forsøket på å få dyrke genmodifiserte matvekstar i Europa.

 

– No er det ikkje dyrka nye GMOar i EU på 10 år. For få land stør bruk av slike matvekstar, og nasjonale regjeringar ser risikoen med å dyrke den genmodifiserte poteten, seier Lars Haltbrekken, leiar i Norges Naturvernforbund til www.naturvern.no 26.07.

 

Les meir på http://www.foeeurope.org/


 

 

Kvar vert dei av?

Det er usannsynleg at genmodifiserte DNA ikkje vert brote ned av fordøyelsen. EFSA har sett på dei studia som finst på kva som skjer med DNA frå genspleisa vekstar når dei vert etne opp. I følgje EFSA har ein ikkje lukkast å finne genmodifisert DNA eller protein frå genmodifiserte plantar i vev, væsker eller mat frå husdyr.

 

Rapporten er gjort på oppdrag frå EU-kommisjonen, som tinga den etter at Greenpeace leverte ei protestliste med ein million namn på. Kravet var at mat frå dyr fôra med GMO skal merkast, skriv Agra Facts.

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=41642&DNA%20l%E4mnar%20f%E5%20sp%E5r%20hos%20konsument


 

 

Sverige: GMO bra for miljøet

 

GMO-vekstar er miljøvennlege, seier forskar Håkan Fogelsfors ved Sveriges Landbruksuniversitet SLU. Han har undersøkt kva positive effektar genmodifiserte sukkerroar gjev, og meiner at ein kan minske den totale mengda ugrasmiddel.

 

- Ein kan og minske jordarbeidet og drivstoffmengda med 10-20 prosent, seier han til Jordbruksaktuellt. Ettersom sukkerroane er toårige og ikkje blømar dyrkingsåret, kan dei ikkje spreie genane sine til ville slektningar, seier SLU-forskarane.

 

http://www.lantbruk.com/Article.jsp?article=34101

 

Samstundes held demonstrasjonane mot GMO fram i Sverige, denne gongen mot raps. Förbundet Sveriges Småbrukare krev forbod mot all dyrking av GMO.

 

- Landet vårt vert utsett for ekstra stor risiko fordi GMO-føretak søker seg til land der dei møter minst motstand, skriv dei i ei pressemelding.

 

http://www.smabrukaren.se/tidskrift/debatt/blogg/demonstration_mot_gmo_1.htm


 

 

Danmark: Bønder vil dyrke GMO

 

To av tre danske bønder er positive til å dyrke GMO, syner ei fersk undersøking frå Danmark. Føresetnaden for slik bruk er at den minskar bruken av plantevernmidlar og at avlingane ikkje går ned.

 

I alt 291 danske bønder har delteke i undersøkinga. Dei danske bøndene meiner mindre bruk av plantevernmidlar er bra for miljøet og økonomien, og at GMO-plantar er ein del av utviklinga, skriv Norges Bondelag 18.07.

 

http://www.bondelaget.no/nyheter/dbafile82676.html


 


 

Foreslår friviljug avtale om genmais

 

Ein ny genspleisa mais, som kan gjere bakteriar resistente overfor antibiotika til menneske og dyr, er på veg til Danmark. Fleire parti krev maisen stoppa.

 

Ole Glahn frå De Radikale oppmodar miljøminister Connie Hedegaard til å lage ein friviljug avtale med interesseorganisasjonane i landbruket, som skal hindre MON 863 å kome til landet. EU har gått god for maisen, og dermed kan ikkje Danmark stoppe den.

 

- I staden for å kjempe mot vindmøller, må vi prøve å få laga ein avtale om ikkje å importere og bruke maisen. Det er ein ikkje uvesentleg risiko ved den, difor vonar eg vi har eit ansvarleg landbruk som vil vere med på ein slik avtale, seier Glahn.

 

http://www.bt.dk/article/20070709/POLITIK/707090332/1828/ROYALT



 

Storbritannia: Potetaksjon og eiga GMO-grense

 

Natt til 6. juli braut ei gruppe aktivistar seg inn til den einaste GMO-åkeren i landet, og øydela avlinga med genspleisa potet dyrka av BASF. Dei har lisens til å halde fram forsøka utanfor Cambridge til 2011. Det har tidlegare vore massive protestar mot forsøksfeltet.

 

http://www.indymedia.org.uk/en/2007/07/376722.html

 

Britiske økobønder vil halde på 0,1% grensa når det gjeld GMO i økologisk mat.

 

Soil Association og Organic Farmers And Growers vil pålegge deg sjølv ei grense på 0,1 % innblanding av GMO i økologiske produkt. EU har sett grenseverdien for utilsikta innblanding til 0,9 %.

 

http://www.thisismoney.co.uk/consumer/caring/article.html?in_article_id=421552&in_page_id=2&ito=1565


 

 

Afrika: GMO mot svolt

 

Sørafrikanske forskarar ved University of Cape Town har utvikla ein genspleisa maisvariant som er resistent mot viruset MSV (maize streak virus). Dei vonar maisen vil lette matmangelen og gje GMO eit betre omdøme i Afrika.

 

http://www.scidev.net/content/news/eng/gm-maize-gives-virus-nowhere-to-hide.cfm


 

 

Amerikansk dobbeltmoral

 

Kva er skilnaden på eit genspleisa liksomprotein frå Kina og genmodifisert mais frå USA? undrar intrafish.no.

 

I 1998 stengde EU grensene sine for genmodifiserte matvarer frå USA, dei kravde retten til å bruke eit føre-var-prinsipp. Rundt nyttår tapte EU denne kampen i WTO, og vert no tvungne til å tillate slik import frå USA.

 

I 2007 døyr nokre amerikanske kjæledyr og husdyr, kinesiske fôrprodusentar får skulda - årsaka til forgiftinga er det genmodifiserte liksomproteinet melamin i maten. USA har no innført restriksjonar på import av mellom anna juice, sjømat og tannpasta produsert i Kina.

 

Sakene har mange likskapar, men og interessante skilnader. USA som eksportør skildrar GMO som ei bioteknologisk nyvinning som gjer landbruket meir effektivt. Når Kina eksporterer GMO, vert det kalla gift.

 

Tre handelspolitiske kjempar slåst om retten til å selje noko som ingen vil ha, konstaterer Intrafish 30. juli. Les meir om dyrefôret på

 

http://www.washingtonpost.com/wp-dyn/content/article/2007/07/01/AR2007070100906.html


 

 

...og til slutt; Gendoping mogleg

 

Det er allereie laga potensielle gendoping-preparat, seier gen-forskar Peter Holst ved Institut for Medicinsk Mikrobiologi og Immunulogi i Danmark.

 

- Dersom eg fekk i oppgåve å framstille eit riktig velfungerande gendopingmiddel, ville det vore klart innan eitt år, seier Holst til det danske tidsskriftet Ingeniøren.

 

http://www.nrk.no/programmer/tv/puls/1.3060409


 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Ren Mat har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for august 2007.

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no