Gennytt 1. desember 2007

Nr 21-2007, årgang 9

* GMO-fritt råstoff til norsk dyrefôr vert snart mangelvare, og den som finst er dyr og ofte smitta av GMO gjennom transport og lagring.

* Førebels inga endring i synet til EU på import av GMO

* Innstramming av norsk lovverk

 

Er GMO-fritt dyrefôr snaret ein saga blott? Dersom norske bønder skal basere seg på berre norsk fôr, må heile det norske landbruket leggast radikalt om, mellom anna med omfattande nydyrking.

 

Det vert stadig vanskelegare og dyrare å skaffe råvarer utan GMO til dyrefôr. Spørsmålet om kor lenge norske bønder, fôrprodusentar og forbrukarar har råd til å stå imot det massive trøkket var oppe på eit møte arrangert av Bioteknologinemnda 27. november.

 

 

- Dersom Noreg skal halde oppe matproduksjonen sin slik vi kjenner han i dag, er vi heilt avhengig av importert fôr, seier Johnny Ødegård, fagsjef næringspolitikk i Felleskjøpet, til Gennytt. Utfordringane med å skaffe GMO-fritt fôr vil auke, både fordi produksjonen av genspleisa mais aukar, men ikkje minst av di heile varekjeda vert nedsmitta av GMO.

 

- Kostnaden vil auke, særleg dersom ein har ei restriktiv handtering av ureining. Felleskjøpet vil likevel prøve å skaffe GMO-frie varer så lenge marknaden krev det, lovar Ødegård. Men ei urimeleg ansvarsovervelting på dei som importerer, vil auke ønsket om å liberalisere GMO-regelverket.

 

Felleskjøpet betaler ein høgare produktpris for GMO-frie varer. I tillegg kjem kostnader til sporing og sertifisering, reeksport og destruering av varer som er ureina av GMO, tilsikta eller ikkje. Ødegård reknar med at næringa sjølv i aukande grad vil måtte dekke meirkostnadane med GMO-frie varer.

 

I dag betaler norske bønder bortimot 50 millionar kroner i året for å tilby kjøt, mjølk og egg produsert utan genmodifiserte (GMO) råvarer i fôret, viser utrekningar Nationen har gjort, basert på tall frå Norske Felleskjøp og Denofa.

 

Det utgjer førebels ikkje meir enn 1 prosent av dei totale fôrutgiftene, men prisen vil auke etter kvart som ein stadig større del av avlingane i verda består av genmodifiserte sorter.

 

I USA og andre land har bønder fôra med GMO i mange år, men leiar Kristin Ianssen i Norsvin er langt i frå sikker på at all forsking er kome fram.

 

- Det er utruleg mykje pengar i dette. DDT var også «ufarleg» i mange år. Eg ser det byrjar å verte eit dilemma å skaffe GMO-fri soya og mais. Men inntil vidare tykkjer eg det er rett å bruke pengar på GMO-fritt, seier ho til Nationen.

 

Les meir på:

http://www.nationen.no/landbruk/article3159557.ece


 

 

EU: GMO-politikkenen står fast

 

Dei stigande prisane på dyrefôr og mat har fått Tyskland og Frankrike til å presse på for raskare godkjenningsprosedyrar når det gjeld import av GMO. Formannskapet i EU slår likevel fast at EUs politikk på dette området er uendra.

 

Den tyske landbruksministeren Horst Seehofer overraska under ministerrådets diskusjon om GMO sist måndag, då han kom med eit sterkt ynskje om at EU skal ta ein pause i arbeidet med å godkjenne nye GMO-sortar. Innlegget kom under debatten om ein snarleg fôrmangel i EU fordi så mange eksportland har gått over til GM-sortar, og er ein sterk kritikk av EU’s godkjenningsprosess, skriv The Associated Press.

 

Friends of the Earth meiner at EU har nok fôr til sine husdyrbesetningar utan å ta i bruk genmodifiserte plantar og åtvarer EUs landbruksministrar mot å svekke tryggingsreglane for import av GMO. Fôrprodusentar og bioteknologiindustrien dreiv i framkant av møtet ein intens lobbykampanje for å overtyde politikarane om at det kan bli fôrmangel på grunn av EUs strenge GMO-politikk.

 

http://www.broadcastnewsroom.com/articles/viewarticle.jsp?id=240531


 

 

EU: Potet som pressmiddel

 

- Potet hadde aldri vorte tillete dyrka i Europa i det 15. hundreåret dersom kongane den gongen hadde vore bundne av dagens EU-reglar for import av genspleisa plantar, sa landbruksministeren i Portugal, Jaime Silva, på landbruksministermøtet i Brussel.

 

http://politiken.dk/indland/article439675.ece


 

 

Innstramming av norsk regelverk

 

Norsk regelverk for genmodifiserte, prosesserte næringsmiddel og fôrvarer har to overgangsregler med omsyn til unnatak frå godkjenning som no vil bli stramma inn – regelen for ”eksisterande produkt” samt den såkalla 0,5-prosent-regelen.

 

Overgangsordninga for eksisterande produkt omfattar prosesserte/tilverka genmodifiserte produkt det før ikkje var godkjenningskrav for: fôrvarer og tilsetjingsstoff til fôr, samt aroma- og tilsetjingsstoff til næringsmiddel.

 

0,5-prosent-regelen omhandlar unnatak frå godkjenningskrav for GM-materiale i fôrvarer og næringsmiddel dersom GM-materialet er utilsikta til stades opp til 0,5 prosent og er risikovurdert og funne trygt med omsyn til helse. Det norske regelverket vil difor no strammast inn slik at 0,5-prosent-regelen blir sletta.

 

http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-19830708-1252.html#16a

 

http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20021107-1290.html#7a) http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20021107-1290.html#25


 

Australia: GM-raps godkjent

 

Etter fire år med debatt har to australske delstatar tillete dyrking av genmodifisert raps.

 

New South Wales og Victoria står for nærare halvparten av rapsproduksjonen i Australia, som er på kring 1,5 millionar tonn i året. Australia er den nest største rapseksportøren i verda.

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=43659&Modifierad%20raps%20till%E5ts%20i%20Australien


 

 

GMO-ris tåler tørke

 

Ein ny type genspleisa ris, som treng mindre vatn for å vokse, er skapt av ei internasjonal forskargruppe. Ris er ved sida av kveite og mais den viktigaste matvara i verda. Men ris treng to til tre gonger så mykje vatn som dei to andre kornsortane.

 

Den nye risen hadde 50 % betre vekst enn vanleg ris under tilsvarande tørre forhold, skriv forskarane i tidsskriftet til Det Amerikanske Vitskapsakademiet. Det er usikkert om og når risen vert godkjent for kommersiell dyrking.

 

http://www.sr.se/cgi-bin/p1/program/arkiv.asp?ProgramID=406&formatID=1&nyheter=1&Max=2007-11-23&Min=2002-11-08&PeriodStart=2007-11-23&Period=2&Artikel=1727672


 

 

EU: Over 100.000 hektar med gen-mais

 

Det dyrka areal med genmodifisert mais i EU steig frå 2006 til 2007 frå kring 60.000 til 110.000 mål – ein auke på 75 prosent. Det meste vert dyrka i Spania og Frankrike, resten i Tyskland, Tjekkia, Portugal og Slovakia.

 

Frå 2005 til 2006 steig det samla globale areal med GM-avlingar frå 90 til 102 millionar mål.

 

GM-mais utgjer no kring ein prosent av det samla maisarealet i EU, medan delen er 73 prosent i USA.

 

http://www.maskinbladet.dk/article/article_view.php?id=21825


 

 

Storbritannia: Gigantisk forfordeling

 

I fjor brukte den britiske regjeringa over 550 millionar kroner på forsking på bioteknologi i jordbruket, inkludert GM-forsking, avslører ein ny rapport frå Friends of the Earth. Bærekraftig jordbruk fekk same året berre 18 millionar til det same føremålet.

 

http://www.naturvern.no/cgi-bin/naturvern/imaker?id=110481


 

 

USA: Kjempebot for spreiing av GMO

 

The Scotts Co skal betale 500 tusen dollar i bot for å ha brote lova om testing av GM-gras på friland; plenar, idrettsbanar og golfbanar i 21 av dei amerikanske statane.

 

Dette er det høgaste straffa som er mogleg å gje innafor sivil strafferett i USA.

 

http://uk.reuters.com/article/scienceNews/idUKN2643698720071127


 

 

Bok: Genetisk rulett

 

Jeffrey Smith, kjent for si kritiske analyse av farane ved GMO i bestseljaren Seeds of Deception, har kome med ny bok om same tema; Genetic Roulette.

 

Les meir om forfattaren på http://www.seedsofdeception.com/utility/showArticle/?objectID=15

 

og om den nye boka på: http://www.geneticroulette.com/


 

 

Bergen: ”I forkant av utviklinga”

 

Ein konferansen om bioteknologi og politikk, som set fokus på nokre av dei problema bioteknologien stiller oss overfor, til dømes;

 

- I Europa veks motstanden mot genetisk modifiserte matvarer samtidig som industri og forskarar promoterer slike matvarer som løysinga på matproblema i verda.

 

Tid og stad: Fredag 7. desember kl 10.00 på Juridisk Fakultet, Universitetet i Bergen. Konferansen vert arrangert av Senter for vitenskapsteori i samarbeid med Rokkansenteret og med støtte frå Norges Forskningsråd.

 

Heile programmet finn du her:

http://meldinger.uib.no/melding.php?kategori=3&id=38425


 

 

Canada: Fredspris til bønder mot Monsanto

 

Det kanadiske paret Percy og Louise Schmeisser er tildelt "den alternative fredsprisen" Right Livelihood Award for å ha kjempa for biologisk mangfald og bøndenes rett til å bruke eige såfrø.

 

I 1998 gjekk såfrøselskapet Monsanto til sak mot dei to for å ha sådd selskapets genmodifiserte raps utan løyve. Firmaet kravde 400 000 dollar i skadeerstatning! Ekteparet nekta, og meinte frø hadde spreidd seg frå ein nabogard. Monsanto foreslo å trekke saken dersom Schmeisser forplikta seg til å kjøpe frø frå dei. Schmeisser nekta, og saken gikk til Høyesterett i Canada. Dei tapte saken og retten til å bruke sitt eige såfrø. Men no går Schmeisser til sak mot Monsanto fordi genspleisa frø held fram å spire på jorda til Schmeisser, sjølv om dei no dyrkar andre vekstar.

 

http://www.utviklingsfondet.no/Utviklingsfondet_-_forsiden/Temaer_vi_jobber_med/Biologisk_mangfold/Artikler_om_biologisk_mangfold/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=1308

 

............................................................................

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. UTVIKLINGSFONDET har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for november og desember 2007.