Gennytt 1. november 2007

Nr. 19-2007, årgang 9

* Stor auke i arealet med genmodifiserte avlingar i Europa det siste året.

 

* EU-kommisjonen har godkjent fire nye GMO-vekstar som mat, men vil forby dyrking av tidlegare godkjent GM-mais.

 

* Austerrike har tapt slaget om forbod mot GM-mais, årsaka er EU-frykt for å tape mot WTO.

 

EU: GMO-arealet aukar, men Frankrike vil ha time-out

 

Arealet med genmodifiserte avlingar i Europa har auka med 77 prosent siste året. Mesteparten er mais. GMO vert no dyrka på 110 000 hektar, og det er Spania som ligg øvst på statistikken. Der har arealet auka med 40 prosent det siste året.

 

I Frankrike er GMO-arealet nesten firedobla i same tidsrom. Men President Nicolas Sarkozy gjekk nyleg inn for å "fryse" vidare utplanting av genmodifiserte plantar. Det skal ikkje plantast ut meir før det er gjennomført ytterlegare studium av plantane.

 

Også i Portugal har arealet med genmodifisert mais auka kraftig det siste året, og i Tyskland og Tsjekkia er det snakk om ei dobling.

 

http://www.nrk.no/nyheter/utenriks/1.3879168


 

Fire nye GMO-ar på den europeiske marknaden

 

EU-kommisjonen har godkjent tre nye sortar mais og ein sukkerplante til mat og dyrefôr, men godkjenninga gjeld ikkje dyrking av desse plantane. Dei fire plantane er resistente mot sprøytemiddel, og maissortane er i tillegg motstandsdyktige mot visse insekt.

 

Til saman er ti maissortar no godkjende for import i EU, to av dei er også tillete dyrka.

 

Søknaden frå Sveriges Stärkelseproducenter om produksjon av den svensk-tyske poteten Amflora, som skal nyttast i produksjon av stivelse til lim, papir og tekstilar, vart ikkje handsama denne gongen heller.

 

http://www.ja.se/nyheter/visanyhet.asp?nyhetID=8769


 

 

EU: Ombestemmer seg om mais

 

EU-kommisjonen vil no forby dyrking av den genspleisa maisen 1507 som mellom anna danske styresmakter sa ja til å importere i 2005.

 

Maisen er endra i laboratorium for å kunne stå imot sommerfugllarver, men no fryktar EU-kommisjonen at den kan øydeleggje biologien i dei områda den vert dyrka.

 

Greenpeace meiner at saka er pinleg for ei rekke danske parti, som stilte seg bak importvedtaket. Allereie den gongen var maisen omstridd etter som undersøkingar hadde vist at den hadde uheldige biverknader på immunsystemet til horotter som vart fôra med maisen.

 

http://www.landbrugsavisen.dk/Nyheder/Netnyheder/2007/10/31/EU-kommissaer%20vil%20forbyde%20gmo-majs.htm


 

 

EU overstyrer austerriksk GMO-forbod

 

EU-kommisjonen at etter tredje gongs handsaming klart å overkøyre importforbodet til Austerrike mot to sortar genspleisa mais. Med avgrensa støtte frå medlemslanda vann EU-komissær Stavros Dimas til slutt tysdag over importforbodet til Austerrike.

 

På eit møte i Luxemburg mellom det 27 miljøministrane oppnådde Austerrike ikkje støtte frå eit kvalifisert fleirtal, og dermed kan Dimas gjennomføre kravet sitt.

 

Det er tredje gongen Dimas tek opp denne saka, med bakgrunn i at Austerrike aldri har klart å legge fram vitskapeleg prov på at det er trong for varsemd, og difor risikerer heile EU å tape mot WTO.

 

http://www.bt.dk/article/20071030/pcpolitik/710300360/



 

Sverige: Tremetersgrense for GM-potet

 

Det svenske Jordbruksverket presenterte i førre veke forslag til reglar som skal stoppe spreiing av GMO. Verket foreslår mellom anna at GMO-potet ikkje treng meir enn tre meter avstand til konvensjonell potet. GM-mais skal derimot ha minst 50 meter til ei konvensjonell maisavling. Det er berre desse plantane som er aktuelle for kommersiell dyrking i Sverige dei næraste åra. Forslaget skal no ut på høyring.

 

http://www.sr.se/kristianstad/nyheter/artikel.asp?artikel=1676270



 

Norden: Krav om GMO-merking

 

Nordisk råd vil styrke forbrukarvernet og stille krav om merking av mat som inneheld GMO. Merkinga bør fungere slik at forbrukarane sjølv kan bestemme om dei ynskjer GMO-produkt, ved tydeleg informasjon på produkta om kva dei inneheld.

http://www.norden.org/webb/news/news.asp?id=7323&lang=1



 

Serbia: Opnar for frilandsforsøk

 

Det danske bioteknologiske selskapet Aresa har fått godkjenning av styresmaktene i Serbia til å gjennomføre GMO-forsøk på friland i Novi Sad. Selskapet har no forsøksfelt både i Serbia, Kroatia og i Jægerpris i Danmark.

 

Aresa slit tungt økonomisk, men den nytilsette direktøren Steen Thaarup vil forsøke å snu utviklinga, mellom anna gjennom utvikling av plantar som skal gjere det enklare å rydde miner.

 

http://www.finansnyheder.dk/news/ShowNewsStory.aspx?StoryId=9646078


 

 

Danmark: Genspleising mot allergi

 

Danske forskarar forsøker å genspleise eple og peanøtter for å sjå om det vil framkalle mindre allergi, skriv avisa Politiken.

 

Dei to forskarane Lars O. Dragsted og Sven Bode Andersen ved Det Biovidenskabelige Fakultet ved Københavns Universitet vil hemme det allergiframkallande proteina i plantane.

 

Begge meiner at bruken av GMO ikkje stoggar ved eple og peanøtter.

 

- I prinsippet kan vi gjere all maten vår låg-allergen ved å genmodifisere og foredle den, både dei animalske og organiske. Kompleksiteten er den største utfordringa, seier dei to til avisa Politiken.

 

Les meir om forskingsprosjektet Allergifrie fødevarer med genteknologi på nettsidene til Det Biovidenskabelige Fakultet ved Københavns Universitet.

 

http://politiken.dk/tjek/dagligliv/mad/article405475.ece


 

 

Brasil: Drepne i anti-GMO-aksjon

 

Søndag 21. oktober vart to personar drepne under ein demonstrasjon i delstaten Paraná i Brasil. Nettverket Via Campesina okkuperte eit jordområde som Syngenta Seeds eig. og som mellom anna vert nytta til eksperiment med genmodifisert mais og soya. Målet med aksjonen var å få tilgang til jorda med støtte i den brasilianske lova om jordreformer.

 

Tungt væpna vakter frå det private vaktselskapet NF Segurança avfyrte utan forvarsel fleire skot mot demonstrantane, ein døydde og fem vart skadd. Også ein av vaktene døydde i tumultane. Sju tilsette i NF Segurança er arresterte av politiet.

 

http://www.reuters.com/article/companyNewsAndPR/idUSN2247157920071022


 

 

Russland: Lovpålagt merking

 

Statsdumaen i Russland har godkjent eit lovforslag om at mat som inneheld meir enn 0,9 prosent GMO skal vere merka. Loven trår i kraft når president Putin har godkjent forslaget.

 

http://www.amcham.ru/primetass_newswire/p428216


 

 

Tre og plantar som èt ureining

 

Amerikanske forskarar ved the University of Washington har genspleisa poplar til å trekke gift ut av ureina grunnvatn. Samstundes er britiske forskarar i startgropa når det gjeld å utvikle plantar som tek opp i seg restar av eksplosivar som ligg att i naturen, melder Reuters.

 

- Bruk av plantar og tre til å rydde opp i ureina natur er ti gonger rimelegare enn bruk av anna teknologi. Det er også meir estetisk og mindre forstyrrande på miljøet, seier Sharon Doty, assistentprofessor ved the University of Washington.

 

http://www.reuters.com/article/scienceNews/idUSN1525312420071015


 

 

Genmais skadar biologien

 

Genspleisa raps, sukker og mais kan gje negative miljøpåverknad, syner ei britisk studie. Den viser at det finst mindre ugrasfrø og færre insekt i nærleiken av felt som er planta med ugrasresistente GMO-variantar.

 

I Sverige har no Jordbruksverket, Kemikalieinspektionen og Naturvårdsverket gått saman for å sjå nærare på om dyrking av GMO kan kome i konflikt med den svenske miljømåla, skriv Ekot.

 

http://www.fri-kopenskap.se/zino.aspx?articleID=27104


 

 

Norsk-canadisk workshop

Rapporten frå norsk-canadisk workshop om risikovurdering av "nye" typar GMO i Montreal 4.-6. juni 2007 er no klar, og kan lastast ned frå den norske nettsida for informasjonsutveksling under Cartagenaprotokollen: http://bch.dirnat.no/

 

Temanummer:

Bladet Mat & Helse har GMO som tema over 17 sider i siste utgåve (nr. 10).

 

............................................................................

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Ren Mat har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for november 2007.