Gennytt 1. september 2007

Nr. 15 - 2007, årgang 9.

GMO-fri frøbank på Svalbard - førebels

 

Fransk/italiensk vin frå genspleisa druer under utvikling

 

Tilspissa konflikt for og imot GMO i Australia


 

 

Ikkje GMO i Svalbard Globale frøhvelv (SGF)

 

Det kjem førebels ikkje på tale med langtidslagring av GMO-frø i det globale frøkvelvet på Svalbard. Dagens genteknologilov vart sett i verk før vedtaket om å etablere Svalbard globale frøhvelv. Difor må ein enten endre regelverket eller innføre unntak for å kunne inkludere GMO-frø i samlinga.

 

- Norske myndigheter vil i denne prosessen legge stor vekt på anbefalinger fra det internasjonale rådet som nå etableres for å gi policy-råd til Svalbard globale frøhvelv, heiter det i ei pressemelding frå Landbruks- og matdepartementet. SGF skal opnast 26. februar 2008, og skal sikre det genetiske mangfaldet av matplantar frå heile verda.

 

http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/kampanjer/svalbard_global_frohvelv/nyheter/Svalbard-Globale-Frohvelv-Ikke-GMO-fro-p.html?id=478860


 

 

Italia/Frankrike: Snart GM-vin

 

Italienske og franske forskarar arbeider med produksjon av ein ny type genspleisa vindruer, r, Pinot Noir Grapevine, skriv Nature. Dei nye druene skal vere resistente mot angrep av m.a. mjøldugg, slik at ein unngår sprøyting.

 

- Det vil ta lang til før vi kan starte vinproduksjon, seier Steve Smit i Constellation Wines, som legg til at det er mange gode argument både for og imot bruk av genmodifiserte druer til vin.

 

- På den eine sida treng ein ikkje lenger bruke kjemikaliar, men kanskje øydelegg ein noko viktig i økosystemet, seier han.

 

http://www.technologyreview.com/Biotech/19302/


 

 

Portugal: GMO-avlingar øydelagde av demonstrantar

 

Kring 100 anti-GMO protesters øydela over eit hektar genspleisa mais i Silves i Portugal 17. august. Presidenten og landbruksministeren i Portugal karakteriserer aksjonen som vandalisme.

 

Bonden João Menezes har 51 hektar med genmodifisert mais, og før politiet kom til staden for å ekskortere demonstrantane vekk, hadde dei gjort kål på to prosent av avlinga.

 

Landbruksminister Jaime Silva lova bonden at dei som står bak herjingane skal få betale for skadane.

 

http://portugalresident.com/portugalresident/showstory.asp?ID=20827


 

 

India: Dyrt for bomullsbønder

 

Eit feltstudie på åkrar med genspleisa bomull i Andhra Pradesh i India viser at sjølv om bøndene sprøyta færre gonger i løpet av vekstsesongen, auka dei mengda gift. Dermed er den totale bruken nesten like stor som då dei dyrka konvensjonell bomull. Frøa er dyrare fordi dei skal vere resistente, dei har eit ”innebygd pesticid”, og skal dermed ikkje trenge andre typar sprøytemiddel. Men bøndene ender opp med like store totalutgifter som før fordi dei må halde fram med nesten like mykje ugrasmiddel som tidlegare. Det same skjer både i Kina, Sør-Afrika og USA.

 

Agro-Economic Research Centre (AERC) ved Andhra University, som utførte studien, fann likevel ut at den genspleisa bomull er mindre utsett for angrep frå enkelte skadedyr enn vanleg bomull.

 

http://www.commodityonline.com/news/topstory/newsdetails.php?id=2508


 

 

Sverige: Neste skandale soyadyrking?

 

Regnskog i Brasil risikerer å bli erstatta av soya som fôr til svenske kyr.

 

- Det kan samstundes opne for GMO-soya, meiner Arla og Lantmännen, som er svært uroa over utviklinga. Faren for ein fôrskandale har fått fôr- og næringsmiddelindustrien til å sette fokus på soyadyrking. Miljø- og forbrukargrupper over heile verda reagerer på avskoging i Brasil, Argentina og andre land med regnskog, ikkje minst på grunn av klimaendringane.

 

http://www.lantbruk.com/Article.jsp?article=34320


 

 

Finland: Stor motstand mot GMO

 

Finnane har stort sett eit negativt syn på kjøt frå dyr som har ete GM-fôr. I følgje ei undersøking i den finske avisa Helsingin Sanomat, er halvparten av folk i Finland fullstendig imot GMO i matvarer, og meir enn 90 prosent meiner at kjøt frå dyr som har ete GMO-fôr bør vere merka. Unge menn under 25 år er minst skeptiske.

 

http://www.hs.fi/english/article/Poll Widespread opposition to genetically-modified crops/1135229681632


 

 

Australia: Hardare frontar

 

GMO kan trygt dyrkast ved sida av konvensjonelle vekstar, er konklusjonen i ein ny australsk rapport som landbruksdepartementet la fram sist veke. Rapporten skal hjelpe styresmaktene og industrien til å utvikle reglar for ein framtidig sameksistens.

 

http://www.maff.gov.au/releases/07/07122pm.html

 

Samstundes vart forslag til nye lovar for Western Australia lagt fram. Dei vil gjere det forbode å så, selje og importere genmodifiserte frø til denne delen av Australia.

 

http://www.wabusinessnews.com.au/en-story/1/56265/GM-seeds-to-be-prohibited-Chance

 

Medan styresmaktene slår fast at dei har prov for at genteknologien er trygg og ikkje utgjer noko fare for verken folk eller miljø, rasar miljøvernorganisasjonane, som vil forlenge det mellombelse forbodet mot GMO-dyrking i minst fem år til. Bøndene meiner derimot at dei ikkje kan gå glipp av dei moglegheitene bønder i andre land har som kan dyrke GMO.

http://abc.net.au/news/stories/2007/08/13/2004036.htm?section=business



 

Tyskland: Går til sak

 

Ein tysk matprodusent har reist sak mot to amerikanske riseksportørar i Arkansas, skriv The Associated Press. Rickmers Reismuehle GMBH i Bremen skuldar Riceland Foods cooperative og Producers Rice Mill for å ha seld dei ris som er ureina med den ulovlege GM-risen som utvikla seg til ein matskandale i Europa i fjor.

 

http://www.micromedex.com/pressroom/news_feeds/?story_ID=136009&category=1


 

 

USA: Gen-sukker til verda

 

Sukkerroar med innebygd gen resistent mot Roundup er venta å vere klare for storproduksjon neste år. Det er særleg i Red River Valley i North Dakota og i Minnesota den nye sukkertypen vil bli dyrka i stor skala.

 

- Dette er eit stort framskritt, vi meiner at bioteknologi er den mest framtidsretta måten å gje verda nok mat, sa presidenten i American Crystal Sugar Co, David Berg, til CNN 22. august.


 

 

USA:Vancouver Island BMO-fri sone

 

Generalforsamlinga i Farmers’ Institutes på Vancouver Island har erklært øya i tillegg til området Powell Hill for GMO-fritt område. Både British Columbia og Canada har vore solide støttespelarar for genmanipulering innafor jordbruk og farmasi, og har nekta å regulere og merke produkt som inneheld genspleisa organismar, skriv Cowichan news.


 

 

Pakistan: Tekstilindustrien slit

 

Mangelen på bomullsfrø som ikkje er ureina av GMO, langfibra bomullstypar og stagnert produksjon av bomull er nokre av problema til den pakistanske tekstilindustrien. Difor trengs det ein lov for produksjon av genspleisa bomull i Pakistan, skriv den pakistanske avisa The News. Naboen India har derimot auka bomullsproduksjonen sin med 46 prosent dei siste fem åra.

 

http://www.thenews.com.pk/daily_detail.asp?id=67505


 

 

Sør-Afrika: Sin eigen GMO

 

Den første heilafrikanske genspeleisa planten er utvikla ved universitetet i Cape Town, i samarbeid med PANNAR PTY Ltd, eit sørafrikansk frøselskap. Maistypen er motstandsdyktig mot eit virus (MSV) som kvart år råkar maisavlingane i Afrika hardt.

 

http://www.stackyard.com/news/2007/08/arable/03_maize_streak_virus.html


 

 

Norsk senter for biosikkerhet

 

Miljøvernminister Helen Bjørnøy opna 22. august offisielt Senter for biosikkerhet i Tromsø. Norsk institutt for genøkologi (GenØk) har no status som nasjonalt senter for biotryggleik. Senteret har som føremål å jobbe for biosikkerheit og trygg bruk av genteknologi.


 

 

Seminar om patent

 

Truer patentsystema i rike land matvaretryggleiken i utviklingsland? spør Utviklingsutvalget på eit ulandsseminar på Blindern 11. september. Det vert mellom anna debatt mellom Regine Andersen, Dr. Polit ved Fridtjof Nansens Institutt og Johan C. Løken, spesialrådgjevar med eiga næringsverksemd innan jord- og skogbruk og rådgjevar innan næringspolitikk.

 

http://www.reporter.no/Resources/7269.html


 

 

..og til sist: Senile gengrisar

 

Sju klona grisungar med heilt lik arvemasse kom til verda i Danmark 28. august. Dei ber genet for utvikling av Alzheimers, og danske forskarar vonar at forsøk med desse grisane skal gje ny kunnskap om denne demenssjukdomen.


 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Ren Mat har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for september 2007.

 

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no