Gennytt 15. april 2007

Nr. 8 - 2007, årgang 9

 

Store delar av dei indiske bomullsprodusentane har gått over til genmodifiserte frøtypar. Men forkjemparane for GMO slit stadig hardare; avlingane vert ikkje så store som forventa, husdyr dør av beiting på innhausta marker, bruk av sprøytemiddel har ikkje gått ned og sjølvmorda blant bøndene berre aukar i omfang. Det ser ut som den einaste vinnaren er Monsanto, som tenar stadig meir på både sprøytemiddel og GMO-frø.

 

Vitskapsfilosof Kjetil Rommetveit er uroa over kor stor makt genteknologi har fått, og kva som kan bli konsekvensane av den store tiltrua folk flest har til denne teknologien.


 

 

India: Gransking av husdyrdød

 

Delstatsregjeringa i Andhra Pradesh ber om at det vert forbode å så genbomullsfrø denne sesongen. Stadig fleire kyr, geiter og sauer har døydd etter å ha beita på restane av genbomullsåkrar etter innhaustinga. Det same skjer mange andre stader i India, og bønder frå tolv distrikt demonstrerte nyleg i Hyderabad fordi regjeringa førebels ikkje har gjort noko.

 

- Etter beiting på vanlege marker er det ingen slike problem. Det er berre når dyra har ete restane av genmodfiserte plantar etter innhaustinga at dei vert sjuke og dør, seier sekretæren i Shepherds and Goatherds Union til TV-kanalen NDTV.

 

Landbruksdepartementet har sendt åtvaring til geit- og sauebønder mot å late dyra beite på bomullsmarkene, med den har ikkje nådd fram.

 

- Styresmaktene tillet sal av desse frøa, ein løyser ikkje problemet utan at dei vert forbode, for sauene våre beitar fritt, seier Urimekala Kotaiah i Khamman, som har mista ti av dei 50 sauene sine i løpet av to veker.

 

Frøselskapet Monsanto har garantert for at frøa er heilt ufarlege, mellom anna skal planterestane ha vorte testa som fôr. Det indiske landbruksdepartementet skal no sette i verk ein uavhengig studie.

 

http://www.ndtv.com/convergence/ndtv/story.aspx?id=NEWEN20070007383

 

Meir om dei urovekkande dødsfalla blant indiske husdyr kan du lese i ein kronikk av Krishan Bir Chaudhary, leiar i den største bondeorganisasjonen i India, Bharat Krishak Samaj. Den stod på trykk i New Agriculturist i mars 2007:

 

http://www.new-ag.info/07/02/perspective.php

 

Samstundes held sjølvmordsbølgja blant indiske bønder fram. Berre i Vidharbha har kring 250 bønder teke livet sitt dei første tre månadane i år. The Hindu skriv på leiarplass at dei fryktar enda høgare tal i mai/juni.

 

Bøndene har teke opp store lån for å investere i genspleisa bomullsfrø, men bomullshausten har feila, og mange ynskjer no å gå attende til konvensjonell bomull.

 

http://www.hindu.com/2007/03/29/stories/2007032904471000.htm


 

 

Monsanto børsvinnar

 

Frøselskapet Monsanto tenar gode pengar både på genfrø og sprøytemiddel for tida, i siste kvartal auka dei omsettinga med 19 prosent, og nettoresultatet steig med 28 prosent, til 543 millionar dollar. Salet av maisfrø auka med heile 47 prosent, mellom anna grunna boomen i produksjon av etanol, som i USA hovudsakleg vart laga av mais, skriv nyheitsbyrået Direct.

 

http://borsen.dk/finans/nyhed/107200/newsfeeds/rss/


 

 

India: Inga tru på gen-mygg mot malaria

 

Indiske helseekspertar er ikkje særleg entusiastiske over dei amerikanske, genmodifiserte myggane som skal kunne bekjempe malaria.

 

- Vi prøvde genetisk kontroll i 70-åra, men gav det opp, fortel P. L. Joshi, direktør for the National Vector Borne Diseases Control Program i New Delhi til India News.

 

- Det fungerte i laboratoriet, men feila i naturen.

 

Vitskapsmannen P.K. Rajagopalan seier at ukontrollert spreiing av genmodifiserte organismar for å bekjempe tradisjonelle mygg reiser alvorlege spørsmål om økosystem og folkehelse.

 

- Eg vonar India ikkje enda ein gong vert testområde for denne suspekte teknologien, åtvarar Rajagopalan.

 

http://www.indiaenews.com/health/20070325/44638.htm


 

 

Noreg: Genforskarar har for stor makt

 

Kjetil Rommetveit er kritisk til den enorme makta genteknologien har fått i samfunnet, og til dei forventningane mange genforskarar er med å skape. Dette grunngav han i sin doktordisputas i vitskapsfilosofi for to veker sia, der han diskuterte politiske og praktiske problemstillingar knytt til genforsking.

 

- Samspelet mellom cellene i kroppen og biologiske system er meir komplisert enn forskarane gjev uttrykk for, meiner Rommetveit, som trur at dei er tent med dette forenkla synet på kva som er mogleg innafor genforsking. Det betyr nemleg meir forskingspengar og auka satsing mellom anna på genmodifisert mat, seier han til Gennytt.

 

- Dette er med på å kaste blår i auga på folk, og kan redusere både dei sosiale og miljømessige perspektiva ved samfunnet, fryktar han.


 

 

EU: Lågare grense for GMO i økologisk

Europaparlamentet vil redusere grensa for kva som skal vere tillete av GMO i økologisk mat frå 0,9 prosent til 0,1 prosent. 324 stemte for, 282 mot og 50 stemte blankt. Vedtaket er berre eit råd, den endelege avgjerda vert teken av landbruksministrane i EU i juni.

 

Parlamentet kravde også med knapt fleirtal at EU-kommisjonen innan 1. januar 2008 skal legge fram eit forslag til rammedirektiv og førebyggande tiltak mot innblanding av GMO i all mat.

 

http://www.newsdesk.se/view/pressrelease/139792


 

 

Danmark: Fritt fram for gen-mais

 

Miljøministeren har bestemt seg for å tillate forsøk med utsetting av ein type gen-mais. Danmarks Miljøundersøgelser hevdar at denne maistypen kan medføre uønska økologiske konsekvensar av dyrking eller ved tilfeldig utilsikta spreiing.

 

Forsøka vil kunne auke salet av sprøytamiddel frå Monsanto, fordi maisen er resistent i høve desse. Dette står i sterk kontrast til ønsket om eit meir miljøvennleg jordbruk, også av di gen-maisen kan vert spreidd til økologiske maisfelt, skriv den danske nettavisa avisen.dk.

 

http://avisen.dk/blogs/perclausen/stop-gmomajs-010407.aspx


 

 

Litauen: Nei til genmodifisert raps

 

Den litauiske landbruksstyremaktene nektar BASF eit testområde for sommarraps (canola) i Klaipeda-distriktet, skriv The Baltic Times. I ei spørjeundersøking vil 57.8 prosent av litauarane forby GMO-plantar, berre 17.2 prosent er positive til dyrking av genspleisa plantar.

 

http://www.baltictimes.com/news/articles/17627/


 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Ren Mat har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for april 2007.

 

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no