Gennytt 15. desember 2006

Nr 11 - 2006, årgang 8.

Genmat i Norge om ti år?

 

Truleg vert det uråd å hindre import til Norge av mat som inneheld GMO. I det heile ser det ut til at genmanipulerte gen er ustoppelege, anten dei er i laks, eple eller ris. Dersom Kina set i gang storstilt dyrking av gen-ris, er det vanskeleg å sjå nokon veg attende.

 

Men framleis er mange land skeptiske og held igjen. EU-landa er splitta i synet på dyrking av genmodifisert potet, og kan heller ikkje einast om Austerrike har lov til å forby import av to typar genmodifisert mais.

 

 

Genmat i Norge om ti år?

Regjeringa arbeider for å behalde retten til å forby genmodifiserte matvarer (GMO), men ekspertar trur det berre er eit spørsmål om tid før Norge må opne grensene for genmaten.

 

- Norge har rett til å nekte GMO tilgang på marknaden, men eg kjenner meg ikkje sikker på at vi kan stå imot i lengda, seier professor Eline Hågvar ved Universitetet for miljø- og biovitskap, til Miljøjournalen nr 11-2006.

 

- Norge kan tape ei større WTO-sak, og resultatet kan verte ei rekke GMO-plantar på marknaden, seier seniorrådgjevar Casper Linnestad i Bioteknologinemnda. Sjølv om Norge greier å oppretthalde forbodet mot GMO, trur han at norske forbrukarar snart vil finne genmodifiserte produkt i butikkhyllene. Men vi får allereie jamleg i oss GMO, som finst i små mengder i mange matvarer.

 

- Produksjonen av genmodifisert soya, ris og mais er allereie så stor på verdsbasis at det er uråd å sikre seg heilt mot innblanding, seier Linnestad. I 2005 fann Mattilsynet ukjende genmodifiserte materiale i over halvparten av dei undersøkte soyaprodukta og i ein firedel av maisprodukta. Ein tredel av dei kontrollerte verksemdene hadde manglande rutinar for å sikre seg mot genureininga

 

http://www.miljojournalen.no/cgi-bin/naturvern/imaker?id=97735

 

 

EU: Varm potet og forboden mais

EU-landa er splitta i synet på dyrking av den genmodifiserte poteta Amflora. Spørsmålet skal handsamast i Ministerrådet, der det ikkje er kvalifisert fleirtal verken for eller imot. Dermed går vegen vidare til EU-kommisjonen som truleg vil godkjenne poteta. Amflora vert i så fall den første genmodifiserte veksten som vert godkjent for dyrking i EU sia 1998. Søknaden frå tyske BASF gjeld dyrking til industrielt bruk, og er ikkje tenkt til menneske- eller dyremat.

 

EU kan heller ikkje einast når det gjeld importforbodet i Austerrike mot to typar genmodifisert mais. Majoriteten av EU-landa støttar Austerrike, skriv Agra Facts. EU-kommisjonen vil heve forbodet, men i ein førebuande debatt i miljøministerrådet var det berre Sverige, Nederland og Storbritannia som støtta dette. Austerrike har fått på pukkelen av WTO for denne lova. Den svenske regjeringa vil førstkomande måndag truleg røyste med kommisjonen og forby Austerrike å halde fram med unntaksreglane mot Monsantos MON810 og AgrEvos GM-mais T25, skriv Svenska Naturskyddsföreningen. Dermed vert Austerrike tvunge til å opne grensene for dei to maistypane, noko mellom anna USA har pressa hardt på .

 

http://www.snf.se/verksamhet/jordbruk/nyhet.cfm?CFID=8563936&CFTOKEN=58483357&id=1400

 

 

Ein stor skilnad mellom USA og Europa er interessa blant forbrukarane. 60 % av amerikanarane har ikkje peiling på at dei et genmodifisert mat, skriv siste New Scientist.

 

USA: Hurtigveksande superlaks godkjent

Det amerikanske mattilsynet har godkjent AquAdvantage-genet som halverer tida det tek for ein laks å vokse seg til marknadsstorleik, skriv IntraFish, www.intrafish.no (abonnementssider). Biologiteknologiselskapet Aqua Bounty Technologies seier at alle studie om mattryggleik og ernæringsinnhald i den genmodifiserte laksen er fullført, og ventar at den vert lansert i USA i 2009.

 

- Godkjenninga for den amerikanske marknaden vil vere nyttig også for andre produkt selskapet arbeider med, seier adm dir Elliot Entis.

 

 

Endring i klima krev nye planteslag

Om ein skal hindre hungersnaud på grunn av klimaendringane, må ein utvikle nye planteslag, også genmodifiserte, sjølv om denne teknologien er omstridt, meiner eit globalt nettverk av landbruksforskarar, CGIAR.

 

Det vert ei enorm utfordring å hindre omfattande hungersnaud i utviklingsland, seier Louis Verchot frå eit forskingssenter i Kenya til BBC. Mange av de vanlegaste eksisterande plantesortane vil ha vanskeleg for å overleve større endringar i nedbør eller temperatur. Produksjonen av kveite og ris i Asia vil til dømes bli kraftig redusert, skriv Dagens Næringsliv 04.12..

 

Klimaendringane kan nok gje større produksjon av matvarer i strok som i dag til dømes er for kalde til å dyrke kveite, men det vil på langt nær vege opp produksjonsfallet i tropisk strok, meiner CGIAR. Utviklinga av plantevariantar som kan tåle høgare temperaturar eller meir tørke vert dermed ei sentral oppgåve for CGIAR-nettverket i åra framover, seier Louis Verchot, som forstår motstanden mot genmodifisering.

 

- Men i utviklingsland har vi å gjere med ein krisesituasjon, og då må vi bruke dei reiskapane som er tilgjengelege, seier han. http://www.dn.no/forsiden/utenriks/article944072.ece?WT.svl=sistenyheter

 

 

Konferanse om genavfall

Korleis skal ein handsame avfall som inneheld genmodifiserte organismar? Dette vert tema på ei konferanse 25. - 26. januar 2007 på Hafjell. Vil nye produkt innafor felt som genmodifisert mat, grøn kjemi og nanoteknologi ha innverknad på avfallshandtering i framtida? Vil det kome særlege krav til avfallsbransjen for sikker handsaming av desse produkta når dei ein gong vert til avfall? Dette vert tema når Tekna (Lokalt fagråd i Hedmark og Oppland) og Avfallsforum Innlandet arrangerer avfallsseminar saman med Fylkesmennene i Hedmark og Oppland. Meir om programmet og påmelding på Avfall Innlandet 2007. Påmeldingsfrist er 2. januar 2007.

 

http://www.tekna.no/index.asp?strUrl=//applications/System/publish/view/showobject.asp?infoobjectid=1011716

 

 

Romania: Syngenta ekspanderer

Syngenta er på offensiven i Romania, og vert det første selskapet som testar ut genmodifisert kveite i det nye EU-landet. Testdyrkinga startar samstundes med at dei rumenske styresmaktene har forbode import av GMO-mais, skriv Romanian News.

 

Frøselskapet skriv elles i ei pressemelding 13.12 at dei vonar å ordne opp i erstatningskrava etter risskandalen dette året så fort som råd er.

 

http://english.hotnews.ro/Syngenta-starts-testing-of-GM-corn-crops-in-Romania-articol_43962.htm

 

 

New Zealand: Kontrollsvikt

Nærare to tonn kveitefrø iblanda genmodifiserte frø er ved ein feil ved grenskontrollen godkjent for såing på New Zealand, som har nulltoleranse for GMO. Styresmaktene etterforskar no korleis dette kunne skje, skriv New Zealand Herald. http://www.nzherald.co.nz/section/1/story.cfm?c_id=1&objectid=10413398

 

 

Kinesisk gen-drake?

Kina skal inngå eit samarbeid med Chile om utveksling og utvikling av genteknologi. Avtalen mellom The Chinese Academy of Agricultural Sciences (CAAS) og The Chilean Institute of Agricultural Research (INIA) gjeld både plantar, frukt og storfe.

 

http://english.people.com.cn/200611/29/eng20061129_326434.html

 

Dersom Kina går inn for å gjere dyrking av genris lovleg, noko dei no vurderer seriøst, vil mengda av genris nå astronomiske høgder Kina er den største risprodusenten i verda.

 

Komiteen som skal avgjere lisensspørsmålet denne månaden, men resultatet vert ikkje offentleggjort før om eitt eller to år, skriv Los Angeles Times.

 

http://www.statesman.com/business/content/business/stories/other/12/04/4biotech.html

 

 

Dei fem store

Areala i verda dyrka med genmodifiserte plantar har auka jamt dei siste ti åra, i 2005 nådde det 90 millionar hektar i følgje ein rapport frå det sveitsiske finansdepartementet. Fem land står for 95% av dette arealet; USA, Argentina, Brasil, Canada og Kina. Til no har europeiske land vore tilbakehaldne, men dette kan raskt endre seg. Det er venta at gen-mais vil bli dyrka i stor skala ikkje berre i Spania, som har drive kommersiell dyrking sia 1998. Både Frankrike, Tyskland, Portugal og Tsjekkia starta opp i fjor (til saman 58 000 hektar).

 

http://www.art.admin.ch/dms_files/03017_de.pdf

 

 

Og til sist.....Raude eple utan sol

Australske forskarar har kartlagt genet i eple som styrer fargen, og kan dermed dyrke lekre raude frukter utan ei einaste solstråle......

 

http://www.svd.se/dynamiskt/inrikes/did_14222427.asp

 

 

....................................................................................................................

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Forum for Utvikling og Miljø (http://www.forumfor.no/) har gitt økonomisk støtte til GENNYTT i desember.

 

Send gjerne GENNYTT videre til andre du synes bør motta nyhetsbrevet.

 

GENNYTT legges også ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no