Gennytt 15. desember 2007

Nr 22-2007, årgang 9

Spor etter genspleisa fôr vert funne att i kjøt, mjølk og egg.

 

Vanskeleg å unngå GMO-fritt fiskefôr i framtida.

 

GMO-merking kan vere i strid med WTO.


 

 

Ein stille invasjon

 

Ein ny, engelsk rapport viser at genmodifisert fôr vert transportert vidare til kjøtt, mjølk og egg. Rapporten ”Silent Invation – The hidden use of GM crops in livestock feed” er laga av Soil Association UK, og referer til fleire uavhengige forsøk i EU som viser at genspleisa DNA frå dyrefôr ikkje vert brote ned i fordøyingssystemet, men tvert om vert innbygd i dyra og transportert vidare til matprodukt. Den viser og at GMO-fôr kan framkalle sjukdommar hos dyr.

 

http://www.gmwatch.org/archive2.asp?arcid=8490


 

 

Fiskeoppdrett: Ingen veg utanom GMO?

 

Allereie neste år må lakseoppdrettarar truleg ta stilling til om dei vil ha genmodifisert råstoff i fiskefôret, skriv Fiskaren.

 

Direktør for matpolitikk i FHL, Henrik Stenwig, seier at på eit eller anna tidspunkt må ein byrje å bruke fiskefôr basert på GMO-råvarer.

 

Norsk laksenæring har til no sakt nei til GMO, det same har kollegaene i Irland og Skottland.

 

- Vi er klare når som helst til å nytte råstoff frå GM-plantar, seier Hans Abrahamsen, toppsjef i Skretting og styreleiar i bransjegruppe havbruk i FHL.

WWF i Noreg meiner derimot at det er lurt av den norske laksenæringa å halde seg unna GMO-fôr, ikkje minst på grunn av omsyn til omdømmet til næringa.

 

http://www.intrafish.no/norsk/nyheter/article149386.ece


 

 

EU: GMO-merking ei tapt sak?

 

Ei dansk avhandling konkluderer med at EU står svakt med kravet sitt om merking av GMO-mat, dersom land som USA, Canada og Argentina skulle velje å gå til sak for å få erklært merkereglane i strid med WTO-avtalen og fri flyt av varer.

 

Post.doc. Lars Bracht Andersen frå Handelshøjskolen ved Aarhus Universitet, forsvarte avhandlinga ”Markedsføring af genmodificerede fødevarer - den EU-retlige regulering og samspillet med WTO” sist veke.

 

http://www.asb.dk/about/news/archive/2007/lars_bracht_andersen_gmo.aspx


 

 

Tvilsam bioteknologisk blanding

 

Kjetil Rommetveit etterlyser ein breiare debatt om utfordringar bioteknologiske framskritt vil føre med seg.

 

- Bioteknologisk forsking vert drive fram av tvilsam blanding av politiske, økonomiske og vitskapelege interesser, sa Kjetil Rommetveit ved Senter for vitenskapsteori på konferansen om bioteknologi i Bergen førre fredag. Skuffande få hadde funne vegen til konferansen.

 

- Vi lever i ei tid der teknologisk framskritt ikkje lenger er sjølvsagt. Demokratisk deltaking i avgjerdsprosessar som gjeld ny teknologi er i ferd med å bli eit viktig verkemiddel for å skape tillit hos folk. Dette opnar for større grad av usemje kring kunnskap og teknologi. Ei viktig utfordring vert å lære å leve med slik usemje, sa Rommetveit.

 

http://meldinger.uib.no/nettavis/?modus=vis_nyhet&id=38611



Frankrike: Tryggleiksstudie og sveltestreik

Frankrike har formelt innstilla all kommersiell dyrking av GMO fram til 9. februar, då det skal vere klar ei tryggleiksstudie kring dyrking av genspleisa plantar.

 

http://uk.reuters.com/article/environmentNews/idUKL068875312007120

 

Den franske bonden og politiske aktivisten Jose Bove er på nytt i søkelyset. Han er dømt til fire månader i fengsel for å ha rasert eit jorde med genspleisa vekstar i 2004. No går han til sveltestreik saman med 10 – 15 andre aktivistar for å forlenge forbodet mot GMO i Frankrike, skriv Reuters.

 

http://uk.reuters.com/article/environmentNews/idUKL1011368420071210


 

 

Tyskland: Hevar forbod

 

Tyskland har heva forbodet mot den omstridde maisen MON810, etter at Monsanto gjekk med på ekstra streng overvaking av dyrkingsfelta. Maisen vart forbode i mai, og sjølv om EU har erklært den genspleisa maisen for ufarleg, har fleire europeiske land nedlagt forbod mot dyrking.

 

Tyske bønder planta 2,680 hektar med GM-mais for kommersiell bruk i 2007.

 

http://www.reuters.com/article/environmentNews/idUSL0691615920071206


 

 

USA: Bot for ulovlege GMO-forsøk

 

Det amerikanske firmaet Scotts Co må betale 500 tusen dollar i bot etter å ha gjennomført ulovleg forsøksdyrking av genspleisa gras, motstandsdyktig mot Roundup. Forsøka vart gjort i 21 delstatar utan tilstrekkeleg buffersone og reingjering av reiskapar.

 

http://www.miljoaktuellt.se/2.1845/1.135525


 

 

Thailand: GMO og allergikarar

 

Folk med matallergi vert råda til å ta ein medisinsk test før dei et noko som inneheld GMO.

 

- Så langt har vi ikkje nok informasjon til å slå fast at mat med GMO ikkje utgjer ei helsefare for menneske, sa Dr David Hill ved Royal Children's Hospital i Australia, på ein verdskongress om allergi i Bankok i førre veke.

 

http://www.micromedex.com/pressroom/news_feeds/?story_ID=146653&category=10


 

 

EU: GM-ris ingen helserisiko

 

Den genspleisa risen LLRice62 er neppe noko trugsmål mot helsa til menneske eller dyr, slår EFSA (European Food Safety Authority) fast. Bayer CropScience har søkt om å få selje risen som mat og fôr, men ikkje om å dyrke den i EU. EU-kommisjonen skal ta endeleg stilling til søknaden frå Bayer.

 

http://www.foodnavigator.com/news/ng.asp?n=81842-efsa-bayer-gm-rice-import


 

 

Kina: GM-durra på tanken

 

Botanisk Institutt ved Det kinesiske viskapsakademi (DAS) og ein laboratorium i Singapore (TLL) skal saman starte arbeide med å utvikle ein energi-intensiv genspleisa durra for biodrivstoff.

 

http://news.xinhuanet.com/english/2007-12/11/content_7230871.htm


 

 

Sverige: Ulovleg kinesisk ris

 

Det svenske Livsmedelsverket har i funne spor etter det kinesiske genspleisa ristypen Bt63 i eitt av 18 kontrollerte risprodukt. Risen er ikkje godkjent i EU. Også andre EU-land har funne spor av denne ulovlege risen i råvarer.

 

http://www.webfinanser.com/site/artikel.asp?pmid=671947



 

Usikker kunnskap og gradering av risiko

 

- Det er uetisk å være einsidig kritisk til en bestemt teknologi utan å sjå risikoaspekta i ein større samanheng og i høve til alternativa, sa Knut G Berdal frå Veterinærinstituttet og medlem av Vitenskapskomiteen for mattrygghet på eit frukostmøte i regi av Forskningsetiske komiteer og Teknologirådet førre onsdag. Han var særleg oppteken av risikokommunikasjon i høve GMO.

 

- Dobbeltrolla til ekspertane, som formidlar av kunnskap og med bindingar til dei som gjev midlar, er også eit dilemma, sa Berdal.

 

http://www.etikkom.no/Etikkom/Nyheter/2007/12/32/


 

 

Florø-kvinne tek doktorgrad

 

Wenche Johansen frå Florø disputerer tysdag 18. desember for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med ei avhandling om genmodifiserte plantar. Avhandlinga har namnet “Studies of transgene-induced RNA silencing in Arabidopsis thaliana. The use of viral proteins to suppress post-transcriptional gene silencing”.

 

Tema for doktorgradsarbeidet er studie av molekylærbiologiske mekanismar som leiar til inaktivering av transgen i genmodifiserte plantar og korleis spesifikke gener frå plantevirus kan nyttast for å hemme denne inaktiveringa.

 

http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article3168617.ece


 

 

Japan: Protest mot Australia

Japanske forbrukarar har skrive protestbrev til dei to delstatane Victoria og New South Wales i Australia, mot avgjerda om å gje løyve til dyrking av GMO.

 

http://cujtokyo.wordpress.com/2007/12/12/protest-against-decision-to-cancel-the-gm-moratorium/


 

 

Verdskongress og framtidas landbruk

 

Planet Diversity arrangerer verdskongress om framtida for mat og jordbruk i Bonn 12. – 16- mai 2008. Gjennom fem dagar vert det mellom anna debatt om GMO og korleis bønder, forbrukarar, matprodusentar og lokalsamfunn kan jobbe saman for å forbetre og beskytte artsmangfald.

 

http://www.planet-diversity.org/


 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. UTVIKLINGSFONDET har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for november og desember 2007.