Gennytt 15. januar 2007

Nr 2 - 2007, årgang 9.

- Genmodifiserte matvekstar er inga løysning på matmangelen i verda, er konklusjonen i ein ny rapport utarbeidd av Friends of Earth.

 

- I 2006 innrømte landbruksdepartementet i USA for første gong at GMO-artar ikkje gjev større avlingar enn dei konvensjonelle artane.

 

- Ved å gje oppdrettslaks eit ekstra kromosom vert den ikkje kjønnsmoden, og er dermed ikkje ein fare for villaksen. Men norske forskarar, som sjølv har vore med på å utvikle sterile oppdrettslaks, er skeptiske.

 

 

Genmat løyser ingenting

Genmodifiserte matvekstar kan ikkje hjelpe på verken svelt- eller fattigdomsproblema i verda. Derimot aukar kommersiell dyrking av slike vekstar bruken av sprøytemiddel, er konklusjonen i rapporten Kven tener på genavlingar offentleggjort 9. januar av Friends of Earth.

 

- Dyrking av GMO-vekstar løyser ikkje utfordringane bønder står overfor i dei fleste land, seier Lars Haltbrekken, leiar i Norges Naturvernforbund. Rapporten syner at motstanden i EU mot genmat, både blant bønder og forbrukarar er like stor, og stadig fleire område i Europa erklærer seg som GMO-frie.

 

Kommersiell dyrking av genvekstar aukar bruken av sprøytegifter, og gjev heller ikkje større avlingar enn vanlege artar, dei gagnar ikkje miljøet og dei vil over tid verte stadig mindre bærekraftige, slår rapporten fast.

 

Bomullshausten i delar av India er ein katastrofe i år, og også globalt er skepsisen stor. Ikkje ei einaste genplante på marknaden i dag har noko å tilby oss forbrukarar verken når det gjeld pris eller kvalitet. Fram til i dag har desse vekstane slett ikkje letta svelt- og fattigdomsproblema i Afrika eller andre stader, seier den nigerianske naturvernaren Nnimmo Bassey, som registrerer at stordelen av genavlingane vert nytta som dyrt dyrefôr for å forsyne rike land med kjøt.

 

Rapporten Who Benefits from GM crops? An analysis of the global performance of genetically modified (GM) crops 1996-2006 er utarbeidd av Friends of the Earth, det største nettverket i verda av medlems- og grasrotbaserte miljøorganisasjonar, der Norges Naturvernforbund representerer Norge.

 

http://www.naturvern.no/cgi-bin/naturvern/imaker?id=98930

 

http://www.financialexpress.com/fe_full_story.php?content_id=150830

 

 

Steril, deformert oppdrettslaks

Ved å gje oppdrettslaks eit ekstra kromosom vert den ikkje kjønnsmoden. Men forskarane bak denne metoden vil ikkje tilrå den.

 

På grunn av dei omfattande rømmingstala frå norske oppdrettsanlegg i fjor, har Norges jeger- og fiskerforbund og Verdens villmarksfond (WWF) bede om sterilisering av all oppdrettslaks innan utgangen av 2007. Miljøvernminister Helen Bjørnøy har varsla eit program med sikte på å utvikle ein steril, konkurransedyktig laks.

 

Men tidlegare forskingssjef ved Akvaforsk på Sunndalsøra, Terje Refstie, som var med på å forske fram steril oppdrettsfisk på 70- og 80-talet frårår metoden.

 

For det første kostar det mykje pengar, metodane fører til redusert vekst og ikkje minst; dei medfører ein del deformitetar, seier Refstie, som meiner at det beste ein kan gjere er rett og slett å hindre at fisk rømmer.

 

Metodane som Refstie og hans kollegaer kom fram til, som i hovudsak innebar å gi fisken et ekstra sett kromosom, vart aldri tekne i bruk.

 

http://www.sa.no/Innenriks/article2508191.ece

 

http://www.nordlys.no/nyheter/Innenriks/article2508191.ece

 

 

USA: Mais - frå mat til drivstoff

Den uendelege trongen for meir energi, særleg i USA, kan føre til at det vert mangel på mais til produksjon av dyrefôr. Nye, genmodifiserte maissortar skal gje større avlingar når konkurransen om mais aukar, meiner Monsanto, som jobbar med feltforsøk med dei nye sortane. Energipolitikken til USA oppmuntrar bønder til å byrje dyrke mais for etanolproduksjon. Etterspurnaden er så stor kjøtprodusentar er urolege for tilgongen, skriv Financial Times.

 

http://www.nytimes.com/2007/01/05/business/05ethanol.html?_r=1&oref=slogin

 

 

Danmark/England: Skepsis mot genfôr

Engelskmenn vil ikkje ete kjøt frå svin som har fått genmodifisert for. Slakterigiganten Danish Crown er difor no på jakt etter GMO-fri svin.

 

Det er særleg engelske kundar som spør etter svinekjøt frå gris som garantert ikkje at innteke genmodifisert for. Det danske konsernet arbeider no for å få svinebønder i Danmark til å levere GMO-fritt svinekjøt.

 

http://www.madogsundhed.dk/?page=visnyhed&id=2785

 

 

Sri Lanka: Strenge merkereglar

Sri Lanka strammar inn regelverket for import av genmat.

 

Reguleringar er vorte etterlyste av miljøvernarar lenge. Frå og med 2007 skal all mat som inneheld GMO merkast.

 

Regjeringa prøvde å forby all genmodifisert mat i 2001, men vart pressa av mellom anna nokre utanlandske ambassadar til å late det vere, skriv internettavisa Colombopage.

 

http://www.colombopage.com/archive_07/January2141629SL.html

 

 

Pakistan lanserer sin eigen genbomull

Ministry of Food, Agriculture and Livestock (MINFAL) planlegg å starte dyrking av ein nyutvikla bomullsplante Bacillus Thuringiensis som er insektresistent. Den er utvikla ved National Institute for Biotechnology and Genetic Engineering (NIBGE) i Faisalabad og skal settast i kommersiell produksjon førstkomande vår for å auke produksjonen både til heimebruk og eksport, skriv The International News.

 

http://www.thenews.com.pk/print1.asp?id=37722

 

 

Prionfrie kyr?

Ved å fjerne genet som produserer prion, han japanske og amerikanske forskarar skapt kyr som ser ut til å vere immune mot kugalskap (BSE). Hjernevev frå prionfrie kyr har synt seg å vere motstandsdyktig mot BSE-smitta prion. Dei tolv genkyrne vart fødde friske for to år sia, og det vil enda ta eit par år før resultatet av forsøka er klare, skriv nettidsskriftet Nature Biotechnology.

 

http://www.medilexicon.com/medicalnews.php?newsid=59949

 

 

Soya største GMO-produktet

Ti år etter at Monsanto lanserte sin genmais er 60 prosent av all soyadyrking i verda genmanipulert. Det er særleg i USA (94 %) og Argentina (99 %) at gen-soyaen har fortrengt den konvensjonelle. Over 70 prosent av verdens GMO-dyrkning i større skala skjer i desse to landa. Brasil er ein annan stor soyaprodusent som venteleg går over til GMO etter lovendringar.

 

http://www.lantbruk.com/Article.jsp?article=32056

 

 

Om skrekkfilm til slutt...

Genmanipulerte sauer med ein sterk trong til å ta hemn over bonden sin, skal skremme årets publikum under Tromsø Internasjonale Filmfestival som startar 16. januar.

 

I humorgrøssaren Black Sheep er det menneskeetande sauer som har hovudrolla

 

Grøssaren Black Sheep er regissør Jonathan Kings debut som regissør og manusforfattar. Sjå filmtrailer her:

 

http://www.worstpreviews.com/trailer.php?id=638&item=0

 

 

................................................................................................................................

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Norsk Landbrukssamvirke har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for januar og februar 2007.

 

Send gjerne GENNYTT videre til andre du synes bør motta nyhetsbrevet.

 

GENNYTT legges også ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no