Gennytt 15. mai 2007

Nr. 10 - 2007, årgang 9.

Miljøverndepartementet skal vurdere import av genspleisa raps mellom anna til oppdrettsnæringa. Men det er uråd å få eintydige råd.

 

Regjeringa vil overlate styringa av norske patentavgjerder til EPO.

 

Etisk tvilsamt, meiner mellom andre Utviklingsfondet.

 

Genspleisa oljeplantar for biobrensel skal hindre global oppvarming, meiner FN s klimapanel.

 

Både Sverige og Danmark opnar opp for meir GMO


 

 

ET DELIKAT PROBLEM: GM-raps til Norge?

 

Et bredt sammensatt debattforum i Oslo klarte ikke å bli enige om en anbefaling eller en fraråding angående import av genspleisa oljeraps til Norge.

 

Miljøverndepartementet vurderer om de skal tillate import av GM-raps til dyrefôr. Det blir stadig vanskeligere for oppdrettsnæringen i Norge å skaffe fôr som ikke inneholder genmodifiserte ingredienser.

 

De forskningsetiske komiteer arrangerte tidlig i mai et todagers seminar der mange ulike interessegrupper var representert. De klarte ikke å bli enige om en konklusjon til departementet.

 

- Det er ekstremt vanskelig å bli enige i en så komplisert og kontroversiell sak bare gjennom et par dagers diskusjon, sier Bell Batta Torheim, programkoordinator i Utviklingsfondet og en av deltakerne.

 

- Men debatten viste at det er viktig å ta andre hensyn enn bare til de økonomiske interessene til GMO-produsentene. Selv om vitenskapen ikke har klare bevis for at GMO kan skade helsen til mennesker eller dyr, er det en rekke andre forhold som tilsier at GMO ikke bør godkjennes, for eksempel hensynet til framtidige generasjoner, genforurensing til andre bønder, og utviklingsland. Dette tar også den norske genteknologiloven høyde for, ved at GMOer bør ha samfunnsmessig nytteverdi og være egnet til å fremme en bærekraftig utvikling for å bli godkjent, sier Bell Batta Torheim.


 

 

NOREG: Gjev frå seg patentstyring

 

Regjeringa foreslår å overlate norske patentavgjerder til Den europeiske patentorganisasjonen EPO. Forslaget inneber at det ikkje lenger vert det norske Patentstyret som skal godkjenne eller avslå patentsøknader på planter og dyr, og at Noreg må godta alle patent som vert gjeve i EPO, skriv Nationen 8. mai.

 

EPO har allereie godkjent patent på fleire konvensjonelle plantar, og er ein pådrivar for å utvide patentering på genmodifiserte plantar og dyr til også å gjelde konvensjonelt foredla plantar. Dette kan innskrenke retten norske bønder har til å bruke eige såfrø .

 

http://www.nationen.no/distrikt/article2756961.ece

 

Utviklingsfondet skriv i eit høyringsnotat til Næringskomiteen at det er etisk tvilsamt å patentere liv, det er i strid med våre internasjonale miljøpliktar og det svekkar rettane til bøndene. Når ein plante er patentert, er det forbode å spare såvare frå avlinga til bruk neste år. Kva for konsekvensar dette kan få for bønder i Noreg kan ein tenkje seg ved å sjå til USA, der patenterte plantar har vorte dyrka lengst.

 

I 2005 vart det rekna ut at Monsanto hadde saksøkt over hundre bønder og eit titals små bedrifter for brot på sine patent. Det er ein Davids kamp mot Goliat: Monsanto har eit årleg budsjett på 10 millionar dollar og 75 tilsette som berre jobbar med å undersøke og saksøke bønder.

 

Utviklingsfondet oppmodar Næringskomiteen til å avvise forslaget frå regjeringa. Norske bedrifter vil framleis kunne søke om patent i EPO slik andre selskap kan, og styresmaktene kan heller vurdere å kompensere bedrifter for auka utgifter ved eit ikkje-medlemsskap. Les meir på http://www.utviklingsfondet.no/.


 

 

FN's KLIMAEKSPERTAR: GMO skal hindre global oppvarming

 

Dyrking av genmodifiserte oljevekstar til produksjon av biobrensel er ei av løysingane på klimaproblema, i følgje FN s klimapanel IPCC.

 

- Lat atomkraft og GMO løyse den globale oppvarminga, heiter det i rådet frå klimaekspertane, som meiner at dette er heilt naudsynte metodar dersom verda skal takle klimaproblema. Dette kjem fram i den tredje delrapport frå FN om klimaendringane.


 

 

SVERIGE: Aksjonar og ny lov om sameksistens

 

I førre veke vedtok den svenske regjeringa ei ny lov om dyrking, transport og anna handtering av genspleisa avlingar, som trer i kraft 1. august. Men lova tek ikkje opp ansvarstilhøve.

 

- Vi har skapt eit vern for dei som vil dyrke GMO, men kanskje mest for dei som ikkje vil dyrke GMO, seier Stefan Källman i Jordbruksdepartementet.

 

Den som dyrkar GMO skal informere bønder i nabolaget om kva som vert dyrka kvar. Jordbruksverket skal avgjere kor stor avstanden skal vere til andre dyrkingsfelt.

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=40454&Ny%20lag%20om%20GMO-odling

 

I Sverige har det vore fleire aksjonar mot utsetting av genspleisa potet den siste veka, men fleire stader har bøndene venta med utplantinga, skriv Kristianstadsbladet.

 

Motstandarane kjem til å melde verksemda Plant Science Sweden, som står bak GM-poteta, til politiet så snart utplantinga skjer.

 

Det er uklart om det er veret eller demonstrasjonane som har hindra Plant Science Sweden å sette ut potetene førebels.

 

http://www.kristianstadsbladet.se/apps/pbcs.dll/article?AID=/20070512/OSTRAGOINGE/1051210


 

 

DANMARK: Slakkar på krava

 

Miljøminister Connie Hedegaard (K) har gjeve produsenten av genmodifisert mais, Monsanto Crop Sciences Denmark, lov til å slakke på tryggleiken i forsøk på ope mark. Selskapet får halde fram med forsøket ein ekstra månad, fram til 20. oktober, for å betre kunne vurdere resultata.

 

Miljøministeren viser til Skov- og Naturstyrelsen, som meiner at det er trygt nok fordi mais mognar seint i Danmark, og løyvet inneber at Monsanto går grundig etter med lukejernet etter nye maisplantar dersom nokon rekk å spire, skriv danske TV2.

 

http://nyhederne.tv2.dk/article.php/id-6962709.html


 

 

TYSKLAND: Strammar inn GMO-lovverket

 

Tyskland har innført nye og strenge reglar for sal av genmodifiserte maisfrø, skriv Der Spiegel. Stadig fleire tyske bønder legg om til økologisk, og motstanden mot GMO aukar.

 

Dei nye reglane kan bety at avlingar som allereie er planta ikkje kan haustast.

 

Brandenburg-bonden Jörg Piprek seier til Der Tagesspiegel at dei nye lovane er absurde:

 

- Vi har allereie sådd, dei kan ikkje kome etterpå og seie at det er ulovleg.

 

http://www.spiegel.de/international/business/0,1518,481952,00.html


 

 

INDIA: Flyttar grenser

 

Indias Høgsterett fjerna i førre veke forbodet mot forsøk med genspleisa matplantar, men dyrkinga skal gjennomførast under strenge kontrolltiltak for å hindre spreiing, skriv Reuters. Løyvet gjeld ris, sennepsfrø, tomat, potet, blomkål og jordnøtter. Til no er bomull den einaste genmodifiserte veksten som vert dyrka kommersielt i India.

 

http://www.reutershealth.com/archive/2007/05/08/eline/links/20070508elin015.html


 

 

USA: GMO-motstand veks

 

Nærare halvparten av folk i USA er motstandarar av GMO, syner ei undersøking som vart offentleggjort på ein bioteknisk konferanse i Boston 6. mai. Protestaksjonane i samband med den fire dagar lange kongressen vart langt mindre enn forventa, skriv danske Ingeniøren.

 

http://ing.dk/article/20070507/BIO/70507004

 

Monsanto Company er skuffa over at retten i Nord-California har forbode bønder å dyrke genmodifisert alfalfa Roundup Ready fram til landbruksdepartementet har laga nasjonale reglar. Alfalfa som allereie vart planta i mars kan bøndene likevel hauste og selje som fôr.

 

http://monsanto.mediaroom.com/index.php?s=43&item=486


 

 

THAILAND: Tener på GMO-fri ris

 

Riseksporten frå Thailand vil auke formidabelt i år på grunn av GM-risskandalane i USA og Australia og ulike naturkatastrofar i Vietnam, Indonesia og på Filippinane, skriv Bangkok Post. Risproduksjonen i USA og Australia vil gå kraftig attende i 2007 som følgje av importrestriksjonar mellom anna i Europa. Dette er godt nytt for Thailand, som allereie er det største riseksportlandet i verda.

 

http://www.bangkokpost.com/breaking_news/breakingnews.php?id=118698


 

 

OG TIL SLUTT: Vaksinebanan

 

I staden for å få ei sprøyte med hepatittvaksine kan du kanskje ete ein banan i framtida.

 

A Bapat og Atomic Research Center i Mumbai forskar på genmodifisert frukt som inneheld vaksine mot Hepatitt-B, og presenterer resultata av forskinga si i juninummeret av tidskriftet Biotechnology Progress.

 

I delar av Afrika og Asia er 10-20 prosent av befolkninga smitta med Hepatitt-B.

 

- Kvifor kan dei ikkje prøve å gjere eksisterande vaksine rimelegare framfor dette, som ligg ti til tjue år fram i tid, seier Catherine Johnsson i Leger uten grenser til Dagens Medicin.

 

http://www.dagensmedicin.se/nyheter/2007/05/02/morgonens-nyheter-bananer-/index.xml


 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Ren Mat har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for mai 2007.

 

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no