Gennytt 15. mars 2007

Nr. 6 - 2007, årgang 9.


Det er påvist store helseskadar på rotter som har ete genmais, viser franske forsøk. Fleire europeiske parti og organisasjonar ynskjer no forbod mot maisen, som er utvikla av Monsanto.

 

Indiske kyr dør av genspleisa bomullsplantar.

Kugalskap og andre store matskandalar er årsaka til den store skepsisen mot genmanipulerte vekstar i Europa, meiner amerikanske professorar.

Makta til bioteknologiindustrien gjer at amerikanarane godtek genmat.

Nye løyve i USA for dyrking av plantar spleisa med menneske-gen

 

EU: Påviste helseskadar av genmais

 

Den genmodifiserte maisen MON863, som vart godkjent for import i EU i fjor, gjev helseskadar på rotter, syner forsøk i Frankrike.

 

- Dette er første gong i historia at ein motekspertise kan bevise at genspleisa mais påverkar helsa, sa professor Gilles-Eric Séralini frå universitet i Caen då han la fram resultata på ein pressekonferanse i Berlin 13. mars. Det franske vitskapsrådet CRII-GEN meiner det umiddelbart må kome eit forbod mot denne maisen. I forsøket, som gjekk over tre månader, fekk rottehoene auka vekt og utvikla unaturleg stor lever. Hannane tapte vekt, og utvikla skadar på nyrene.

 

Monsanto har tidlegare gjort dei same forsøka utan å finne skadeverknader på dyra.

 

Monsanto er kritiske til den franske analysen, og seier at den slett ikkje er objektiv då den er tinga av Greenpeace. Bioteknikkansvarleg Mattias Zetterstrand i svenske Monsanto held fast på at maisen er ufarleg.

 

- CRII-GEN, som gjennomførte forsøket er ein anti-GMO-organisasjon. EFSA og andre forskingsinstitusjonar og ekspertar frå EU har vurdert materialet frå våre forsøk, og har konkludert med at MON863 er like sikker som vanleg mais, seier han til Svenska Dagbladet.

 

Både miljøvernorganisasjonar og ei rekke parti i europeiske land forlangar no eit forbod.

 

- Genspleisa mais skal vekk frå den danske marknaden dersom det er rett at den skadar forsøksdyr, meiner både Socialdemokraterne og Enhedslisten, som dessutan vil ha endra prosedyrane for GMO-godkjenningar i EU. Det svenske Miljøpartiet har kravd importforbod, men styresmaktene i Sverige stiller seg førebels avventande. Det er og søkt omsettingsløyve for denne maisen i Norge.


 

 

Norske naturvitarar vil forske på GMO

 

Det må forskast meir på genmodifiserte organismar her i landet, seier forbundsleiar i Naturviterforbundet, Finn Roar Bruun. Han er redd Norge vert ståande passivt på sidelina og berre kjøpe dei gode produkta andre har utvikla slik vi gjer i dag.

 http://www.smabrukarlaget.no/tema/miljo/070306_konferanse_GMO.html


 

 

GMO i Norge om ti år

 

Genmaten er i rask utvikling internasjonalt og vil presse seg fram også i Norge om kort tid. Da vil norske bønder tape i konkurransen, meiner professor. Hilde-Gunn Opsahl Sorteberg ved Universitetet for miljø og biovitskap på Ås.

 

- Om to år har styresmaktene trulig godteke genmodifiserte ingrediensar i prosessert mat, seier ho til Aftenposten, og legg til at gensortane kjem til å utkonkurrere tradisjonelle matvarer på pris. Norske bønder vil vere dei første i landet som vert positive til genmat, slik det har vore i andre land.

 

http://www.aftenposten.no/english/local/article1665590.ece


 

India: Kyr forgifta av genbomull

Kyr som har beita på innhausta bomullsmarker i Gudihatnoor i India vert sjuke. I løpet av to månader er 200 kyr døde, og Husdyrdepartementet har slått alarm etter som talet på sjuke dyr med klassiske forgiftingssymptom stadig aukar.

 

http://www.hindu.com/2007/03/02/stories/2007030208990400.htm


 

 

GMO inn bakdøra via uland

 

Den multinasjonale genteknologilobbyen bruker uland som bakdør til det europeiske marknaden, sa den kenyanske forskaren Mercy Kamara på ein konferanse om genteknologi i København i byrjinga av månaden.

 

Utviklinga og utbreiinga av genmodifisert mat i Kenya er driven fram av gjevarane, mellom anna danske Danida, og ikkje ut frå eit reelt behov, seier ho til den danske avisa Information.

http://www.madogsundhed.dk/?page=visnyhed&id=2653



 

EU: Fordelar med GMOfritt jordbruk

 

Miljøvennleg jordbruk vil skape fleire jobbar og gjere EU meir konkurransedyktig enn eit jordbruk basert på genteknologi, viser ein rapport frå Friends of the Earth Europe.

 

Organisasjonen meiner at EU-parlamentet må revurdere resolusjonen som promoterer GMO-avlingar, fordi den ikkje tek omsyn til føre var-prinsipp og ignorerer rapportar som viser at genmodifiserte plantar ikkje har levd opp til forventningane.

 

http://www.foeeurope.org/publications/2007/FoEE_biotech_MTR_midlifecrisis_March07_execsum.pdf


 

 

EU/USA: Vart vi skræmt?

 

Amerikanar og europearar har heilt ulike haldningar til hormonfylt og genmanipulert mat. To amerikanske professorar meiner at dei mange matskandalane i Europa på 90-talet må ta ein stor del av skulda for skepsisen.

 

Diahanna Lynch og David Vogel ved California University peikar også på den store makta til forbrukarorganisasjonane i Europa, i motsetnad til USA. Der er derimot den bioteknologiske industrien svært mektig.

 

http://www.madogsundhed.dk/?page=visnyhed&id=1590


 

 

USA: Ris med menneskelege gen

 

I Kansas har Ventria Bioscience fått prøveløyve til å dyrke ris spleisa med gen henta frå morsmjølk og spytt, fortel The Independant. Verksemda planlegg å bruke risproteina i m.a. drinkar, dessertar og yoghurt, men forsvarar det nye produktet med at den kan nyttast som diarémedisin i den tredje verda.

 

Amerikanske forbrukarorganisasjonar og forskarar fryktar også for dei langsiktige konsekvensane av at bioindustrien no byrjar å tukle med byggjesteinane i menneskekroppen. Dei peikar mellom anna på at dei nye produkta kan skape allergi hos enkelte av brukarane.

 

http://www.newscientist.com/article.ns?id=mg19325942.900&feedId=opinion_rss20


 

 

Supertomat for gravide

 

Ei B-vitaminbombe av ein gentomat inneheld 25 gonger meir folinsyre enn ein vanleg tomat. Den kan minke talet på nyfødde med ryggmarksbrokk, meiner amerikanske forskarar.

 

http://www.healthfinder.gov/news/newsstory.asp?docID=602416


 

 

Forbod mot alfa-alfa

 

Ein føderal domstol i Kansas har nedlagt forbod mot sal og dyrking av ein genmodifisert type alfa-alfa etter 30. mars. Ei gruppe bønder, miljøvernarar og forbrukarar gjekk til sak fordi dei påstod at denne genplanten kunne vere øydeleggjande både for økonomien og miljøet. Det er første gongen at ein føderal rett har overprøvd den nasjonale godkjenninga i USDA.

 

http://abcnews.go.com/Business/wireStory?id=2945464&Business=true


 

 

Russland: Merkeordning klar i juli

 

Første juli i år vil Moskva introdusere eit frivillig system for merking av matvarer som viser at produktet ikkje inneheld GMO-ingrediensar.

 

Russiske Greenpeace seier at i dei fleste russiske regionar er mellom 10 og 20 prosent av maten ureina av GMO, og i enkelte byar utan regelmessig kontroll opp mot halvparten. Meiningsmålingar viser at 95 prosent av russarar som har høyrd om GMO ikkje ynskjer å kjøpe matvarer som inneheld genmodifiserte komponentar.

 

http://en.rian.ru/analysis/20070301/61435735.html



 

Gen-konferanse i Brüssel

 

GMO-frie regionar, plantemangfald og distriktsutvikling er tema på den tredje europeiske genkonferansen, som vert arrangert i Brüssel 19. og 20. april. Meir enn 170 fylker og regionar, over 3 500 kommunar og titusenvis av bønder og matprodusentar over heile Europa har erklært seg sjølv som GMO-frie. Det vil seie at det er forbode med all bruk av genmodifiserte organismar i dyrking og mat på dette territoriet er forbode.

 

http://www.gmo-free-regions.org/


 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Norsk Landbrukssamvirke har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for mars 2007.

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no