Gennytt 15. november 2007

Nr. 20-2007, årgang 9

* Norsk GMO-regelverk gjeld ikkje biodrivstoff

 

* Maiskamp i EU-toppen

 

* Latterleggjering av russisk forskar


 

 

GMO på tanken?

 

Regjeringa vil tillate GMO i drivstoff når oljeselskapa vert pålagt å blande biodrivstoff i bensin og diesel frå nyttår, skriv Nationen 8.11. I forslaget til forskrifter ligg ingen restriksjonar mot bruk av genspleisa plantemateriale som råstoff.

 

Sjøl om Noreg har den strengaste genteknologilova i verda, vert ikkje import av det som ikkje er levende - sukker, feitt, olje og liknande, regulert av denne lova, sjølv om desse varene inneheld GMO.

Seniorrådgjevar Roar Gammelsæther i SFT kan ikkje svare på om spørsmålet om GMO vert teke med i regelverket dei no utarbeider om biodrivstoff. Heller ikkje landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen kam svare eintydig, og seier til avisa at det er skilnad på å putte GMO i mat og i drivstoff.



Småbrukarar mot GMO

 

Havbruksnæringa i Noreg vil opne for genmodifisert fôr og har søkt om godkjenning av 25 genmodifiserte planteråvarer.

 

Nyvald leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag Ole Anton Teigen møtte 13. november Stortingets Energi- og Miljøkomité, der han la fram fleire konkrete krav, mellom anna om GMO i fôr og jordvern. Småbrukarlaget ber komiteen om å bidra til at det ikkje vert nytta GMO-fôr verken i havbruksnæringa eller i jordbruket.

http://www.smabrukarlaget.no/tema/statsbudsjettet/071113_teigen_med_klare_krav.html



EU: Maiskrangel på toppen

Miljøkommisjonær Stavros Dimas går sterkt imot godkjenning av at to maissortar skal kunne dyrkast i EU. Syngentas Bt11 og Pioneers 1507 er begge genmodifiserte for å vere både insektresistente og pestisidresistente. Dei er allereie godkjende både som mat og dyrefôr.

 

Kommisjonærane for jordbruk og handel er sterkt usamde med Dimas.

 

EU-kommisjonen skal handsame kva framtid dei to maissortane skal få i EU den 28. november.

 

Samstundes er president Sarkozy er heilt på parti med Dimas, og har sett foten ned for all vidare dyrking av GMO i Frankrike inntil vidare. Det skal vere klar ein rapport om risikoen ved dyrking av genmais før vekstsesongen startar neste år.

 

Kring 1,5 prosent av det samla maisarealet i Frankrike er genmais

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=43253&Strid%20om%20gmo-majs%20inom%20EU


 

 

Storbritannia: Uro i hønsegarden

 

Det er stor uro blant dei britiske kyllingprodusentane over GMO-reglar for kyllingfôr. Dei strenge EU-reglane gjer at dei berre kan nytte GMO-fritt fôr i kyllingproduksjon. Dermed er britane redde for å bli utkonkurrerte av brasiliansk kylling, som kan gomle i seg så mykje GMO-fôr dei berre vil.

 

Sjølv om Brasil er den største produsenten av GMO-fri soya, står fjørfeindustrien i landet fritt til å importere genspleisa fôrmais frå Argentina, og så eksportere kyllingen til Storbritannia.

 

- GMO-politikken til EU fører til fullstendig kaos og gjev konkurransefortrinn til andre land. Ingen fôrimportørar tør å ta risikoen med å garantere at fôret dei kjøper for vidaresal er heilt fritt for genspleisa innslag, sa Trevor Campbell på ein konferanse for egg- og fjørfeprodusentar.

 

http://www.fwi.co.uk/Articles/2007/12/07/108125/eu-gm-policy-hands-advantage-to-overseas-poultry-producers.html


 

 

Italia: 3 millionar GMO-protestar

 

Meir enn tre millionar italienarar har underteikna eit protestbrev mot GMO, seier talsmann for underskriftskampanjen Mario Capanna til AFP. Den GMO-frie koalisjonen omfattar dei største bondeorganisasjonane, forbrukargruppene og miljøvernorganisasjonane i Italia og har eit samla medlemstal på over 11 millionar.

 

Så langt har 14 av dei 20 regionane i Italia erklært seg for GMO-frie.

 

http://afp.google.com/article/ALeqM5ilYy-BSyF-ciEmZqLEElugFoX5pg


 

 

Portugal: Første GMO-frie område

 

Portugal har fått si første offisielle GMO-frie sone, melder landbruksdepartementet i landet. Lagos ligger sør i Portugal, og erklærte seg for GMO-fri allereie i juni i fjor.

 

Her kan du sjå dei sjølverklærte GMO-frie sonene i Portugal (grøn) og den eine godkjende (rosa): http://db.zs-intern.de/uploads/1194339734-GEfreePortugal.gif]

 

http://www.agroportal.pt/x/agronoticias/2007/11/05.htm


 

 

Filippinane: Subsidierer GMO-mais

 

Landbruksdepartementet vil ta i bruk delar av eit 5 000 hektar stort område i provinsane Sarangani and Sultan Kudarat til subsidiert dyrking av den kontroversielle maistypen Bacillus thuringiensis. Utplantinga vil starte til våren.

 

Programmet, som oppmodar bøndene til å satse på denne GM-maisen, har som målsetting å auke produktiviteten i maisproduksjonen i landet.

 

- Vi ynskjer at bøndene skal maksimere profitten og samstundes løyse problemet med svolt og fattigdom, seier Dennis Araullo, sekretær for programmet.

 

http://www.mindanews.com/index.php?option=com_content&task=view&id=3273&Itemid=50


 

 

USA: Dyrt eksperiment, og Bayer skuldar på Gud

 

Risskandalen i USA i fjor forårsaka skade for meir enn 1,2 milliardar dollar, har Greepeace rekna ut. Hundrevis av bønder og firma har gått til sak mot Bayer for å få dekka tapa sine etter at store parti ris var ureina med ulovleg GM-ris. Men Bayer skuldar på Gud, ureininga med ulovleg ris var ein ”Act of God”, hevdar Bayer...

 

http://www.reuters.com/article/asiaTopNews/idUSIndia-30351820071106



 

Skitne triks mot GMO-skeptisk forskar

 

Den russiske forskaren Dr. Erina Ermakova fekk stor merksemd for forsøka sine med genmodifisert soya og rotter. Den anerkjende seniorforskaren ved Russian Academy of Sciences la tidlegare i år fram forskingsresultat som viste at rotter tek skade av å ete genspleisa soyabønner.

 

I siste nummer av tidsskriftet "Nature Biotechnology” vert ho i følgje den sveitsiske vekeavisa WOZ både håna og latterleggjort utan at ho fekk høve til å forsvare seg.

 

Måten artikkelen er skriven på er ein miks av intervju og eksaminering frå fire andre forskarar som deskredittere forskingsarbeidet, utan at ho fekk høve til å ta til motmæle.

 

Intervjuet utvikla seg til eit skandaløst forsøk på å øydelegge og latterleggjere arbeidet til Ermekova, skriv avisa.

 

http://www.woz.ch/artikel/inhalt/2007/nr44/Wissen/15584.html
  (for tyskkyndige)

 

http://www.i-sis.org.uk/Science_and_Scientist_Abused.php

 

............................................................................

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. UTVIKLINGSFONDET har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for november og desember 2007.