Gennytt 15. oktober 2007

Nr. 18 - 2007, årgang 9.

 

* Fare for akutt mangel på fôrsoya i Europa

 

* Svenske Jordbruksverket seier ja til GMO, under tvil

 

* GMO-raps på ville vegar i Japan


 

 

Sverige/Europa: GMO-reglar kan gje akutt fôrmangel

 

EU-kommisjonen åtvarer mot at dei auka prisene på fôrsoya kan råke svin- og kyllingproduksjonen hardt frå 2009 fordi både Brasil og Argentina då vil dyrke meir GM-soya som ikkje er godkjent av EU.

 

Også i Sverige, som i dag importerer store kvanta GMO-fri soya frå Brasil, er det stor uro over utviklinga. Det er EU si nulltoleranse mot ikkje godkjende GMO-sortar som vil føre til dette, skriv svenske Lantbruk.

 

Spor etter slike GMOar smyg seg inn i dei fleste godkjende sendingane av både GM-fôr og anna fôr. Ein slik vekst er den nye genmaisen Herculex, som ein har funne spor av i fleire parti importert frå USA. Difor er maiseksporten frå USA gått drastisk ned og dette har råka kjøtprodusentar i mellom anna Spania og Portugal. Problemet med innblanding er venta å spreie seg til andre sortar i takt med at dyrkinga av stadig nye genspleisa sortar aukar, både i Nord- og Sør-Amerika.

 

Svenskane importerer sin GMO-frie soya frå Brasil. Men ikkje ein gong denne soyaen er garantert 100 prosent GMO-fri. EU-reglane tillet ufrivillig innblanding av GMO så lenge innhaldet held seg under 0,9 prosent, vel og merke om det gjeld ein GMO som er godkjent av EU. Ikkje godkjende GMOar, som Herculex, er det nulltoleranse for. Men det er venta at Herculex vert godkjent av EU-kommisjonen i løpet av oktober.

 

Mange EU-land har i dag ein omfattande import (mellom 70 og 80 prosent), av genspleisa mais- og soyafôr.

 

http://www.lantbruk.com/Article.jsp?article=34725


 

 

Sverige: Vil tillate GMO trass negative miljøeffektar

 

Dyrking av genmodifiserte plantar vil minske det biologiske mangfaldet og motverke målet til både Sverige og EU om å få ned bruken av kjemiske middel i landbruket, skriv Jordbruksverket i ein rapport. Likevel rår dei til at glysofatresistente plantar skal få dyrkast i Sverige.

 

- Den einaste rimelege konklusjonen på dei fakta som kjem fram er at vi må lære av feila frå andre land og ikkje introdusere denne teknikken i Sverige, seier Peter Einarsson, som har granska rapporten på vegne av Ekologiska Lantbrukarna. Det einaste argumentet for desse plantane er at ein kan byte ut dagens kjemikaliar med det noko mindre skadelege glysofat.

 

Ekologiska Lantbrukarna kritiserer også Jordbruksverket for feilaktig eller ufullstendig informasjon på fleire punkt i rapporten.

 

SJVs rapportutkast ligg på http://tinyurl.com/2j6r38 , Ekologiska Lantbrukarnas svar på

 

http://www.ekolantbruk.se/naringspolitik/genteknik/remissvar/


 

 

Sverige: Fri flyt av GMO-fakta

 

Greenpeace burde ikkje fått ut dokument om genmodifisert mais, hevdar EU-kommisjonen.

 

Det svenske Jordbruksverket gav Greenpeace informasjon om Monsantos genmodifiserte fôrmais hausten 2005. I følgje EU-direktivet om GMO burde Monsanto fått avgjere om dokumenta skulle offentleggjerast, hevder EU-kommisjonen som no krev ei forklaring frå Sverige.

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=42825&Handlingar%20om%20gmo-raps%20borde%20inte%20l%E4mnats%20ut



 

Danmark: Miljøvinst med GMO er skjønnmaling

 

Ny forsking frå Københavns Universitet knuser løfta frå regjeringa og bioteknologiindustrien om at bønder vil sprøyte mindre med genspleisa matvekstar som er resistente mot sprøytemiddel. Dei 36 bøndene som er intervjua vil slett ikkje bruke mindre kjemikaliar om dei startar med dyrking av GMO, viser forskingsrapporten.

 

- Dette vil endre seg når GMO-avlingane for alvor får innpass og bøndene får meir systematisk rådgjeving, meiner Bruno Sander Nielsen i Landbrugsrådet.

 

http://ing.dk/artikel/82285


 

 

Noreg: GMO i statsbudsjettet

 

Arbeidet med genmodifiserte organismar (GMO) får ei vesentleg styrking ved at tilskotet til Genøk - Senter for biosikkerthet, vert dobla frå 4,7 til 9,4 millionar kroner i 2008. Under Direktoratet for naturforvaltning er det lagt inn eit nytt tilskot på ein million kroner til styrka kompetanse på GMO.

 

http://www.sv.no/partiet/regjering/miljoverndepartementet/pressemeldinger/dbaFile151988.html


 

 

USA: Uforklarleg rismiks

 

Etter 14 månader har Jordbruksdepartementet i USA avslutta utgreiinga om korleis genmodifisert ris vart blanda med konvensjonell ris. Dei har ikkje klart å finne ut korleis dette kunne skje.

 

Dokument, som kunne ha hjelpt til med å finne årsaka til at Bayers genmodifiserte ris LL rice 601 hamna i laster med konvensjonell ris, har rett og slett forsvunne eller vorte øydelagde, skriv Washington Post. Utan prov for kva som skjedde kan heller ingen haldast ansvarleg.

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=42830&USA%20kan%20inte%20f%F6rklara%20rismix



 

EU: Brysam potet

 

EU-landa har ikkje klart å bli samde om ein ny type genspleisa potet frå BASF skal godkjennast som dyrefôr. Sia juli har biotekindustrien venta på avgjerda i EU. Dei fleste EU-landa røysta imot ei slik godkjenning, medan berre Storbritannia, Bulgaria, Tsjekkia, Estland, Finland, Latvia, Nederland, Slovakia, Spania og Sverige gjekk inn for godkjenning.

 

Rådet frå EFSA er at det er usannsynleg at poteten kan vere til skade for helsa til menneske eller dyr, eller for miljøet.

 

Poteten har eit gen som gjer at den produserer meir stivelse, som har fordelar i produksjon av papir, lim og tekstilar. Den er samstundes resistent mot ulike antibiotikatypar. BASF ynskjer i tillegg å bruke skalet og resten av planten til dyrefôr.

 

http://www.micromedex.com/pressroom/news_feeds/?story_ID=141169&category=1


 

 

Italia: Kampanje mot GMO

 

Nærare 30 italienske organisasjonar som representerer bønder, forbrukarar og miljøvern har starta ein landsomfattande underskriftskampanje mot genmodifisert mat. Målet er å samle inn minst tre millionar underskrifter.

 

http://rawstory.com/news/afp/Signature_campaign_in_Italy_against_10032007.html


 

 

Japan: Genmodifisert raps gror vilt

 

Genmodifisert oljeraps er funne viltveksande over store område i Japan. Ein reknar med at frø har spreidd seg under transport og lossing. Nouminren Food Analysis Center har funne planten, som er utvikla av Monsanto og Germany's Bayer CropScience, i 11 fylke.

 

Japan importerer mest genspleisa raps frå Canada for produksjon av matolje og dyrefôr.

 

http://www.micromedex.com/pressroom/news_feeds/?story_ID=140743&category=1


 

 

India: Lovar mot bioterrorisme


 

Det er oppdaga ei rekke sjukdomar og skadedyr som ikkje har vore registrert i India tidlegare.

 

Indiske ekspertar forlangar at regjeringa tek biotryggleik på alvor og set i gang tiltak for å takle problemet og i tillegg hindre nye skadedyr og sjukdomar, som tidlegare har vore ukjent i India, frå å kome til landet, skriv Financial Times.

 

http://www.micromedex.com/pressroom/news_feeds/?story_ID=140765&category=2


 

 

Sverige: Blogg om GMO

 

Sveriges lantbruksuniversitet SLU startar den første forskarbloggen i landet. Dert skal forskarar, lærarar og doktorandar kunne kommentere korleis media rapporterar om vitskap, mellom anna om GMO, og delta i debattar om forskingas vilkår.

http://forskarbloggen.slu.se/


 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Ren Mat har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for oktober 2007.

 

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no