Gennytt 15. september 2007

Nr. 16 - 2007, årgang 9.

 

Ein ny genspleisa risplante som treng lite vatn skal møte klimaendringane.

 

Fleire utviklingsland er lei av dominansen til Monsanto, og utviklar sine eigne GMOar. Hamnar dei då i lomma til andre frø- og kjemikaliegigantar?

 

Motstanden mot GMO i EU aukar med auka kunnskap.


 

 

Mutantgen gir superris

 

Eit internasjonalt forskarteam arbeider med å lage ein genmodifisert risplante som klarer seg med mindre vatn og er meir motstandsdyktig mot tørke.

Ris er ein av dei viktigaste matplantane i verda, meir enn halvparten av menneska i verda har ris som hjørnestein i kosthaldet sitt. Men ris er ressurskrevjande, og bruker opp til tre gonger så mykje vatn som mais og kveite. Nærare ein tredel av det ferskvatnet som går med til produksjon av matplantar, vert nytta til ris. No meiner det tverrfaglege prosjektet, som involverer forskarar frå USA, India, Indonesia, Israel, Italia, Mexico og Nederland, at det vert mogleg å dyrke ris på tørrare stader.

 

Dette kan bety mykje for matvaresituasjon i verda, skriv forsking.no.

 

http://www.forskning.no/Artikler/2007/september/1189498034.5


 

 

Danmark: Veksande motstand mot GMO

 

I Danmark syner ei omfattande fersk studie at 67 prosent ikkje vil ha GMO i næringsmiddel. Berre 12 prosent har ikkje teke stilling. Lektor i næringslære ved Köpenhamns Universitet Jesper Larsson seier at dette viser at danskane er svært opplyste når det gjeld genmanipulerte organismar. Mange ynskjer likevel meir informasjon.

 

Dei aller fleste kvinner er imot bruk av GMO, blant mennene er også over halvparten motstandarar, syner undersøkinga, som er laga av Synovate for Landbrugsraadets blad Food Culture.

 

http://www.bt.dk/article/20070909/pcindland/709090331/



 

EU: Sju av ti mot GMO

 

Heile 70 prosent av innbyggjarane i EU er imot genmodifisert mat, syner ei fersk undersøking. Det sa Professor Patrick Cunningham, på ein konferanse om landbruksvitskap i Irland denne helga.

 

- Dette kan vi ikkje ignorere. Samstundes gjev vitskapelege forsøk overveldande prov på at mat frå genspleisa plantar, eller frå dyr som er fora med GMO, er heilt trygg å ete, sa Cunningham.

 

http://www.irishexaminer.com/irishexaminer/pages/story.aspx-qqqg=business-qqqm=business-qqqa=business-qqqid=42629-qqqx=1.asp


 

 

Sverige: Fysj så ekkelt

 

Skogforskarar i Umeå arbeider med å utvikle ”ekle” tre ved hjelp av genteknologi. Trea skal bli så illesmakande at snyltedyr ikkje vil gnage på dei.

 

http://www.skogligsamverkan.se/index.php?option=com_content&task=view&id=124&Itemid=1


 

 

England: Utbreidd bruk av umerka GM-olje

Det engelske mattilsynet har avdekka at fleire matleverandørar bryt lova med omsyn til GMO-varer. Ein aksjon i Yorkshire og Humber has avslørt at kring ein firedel av leverandørane bruker matolje frå genmanipulerte plantar i matlaginga, utan å fortelje kundane om dette. Mattilsynet vitja kafear, takeaways, pubar, restaurantar og hotell for å kartlegge omfanget av bruken av GMO-olje, og om dette eventuelt var merka på menyane. Berre 6 prosent av dei som nytta GMO-olje informerte kundane sine om dette. Dei fleste som vart konfronterte med at dei bryt lova, valde å byte til GMO-fri olje.

http://www.thenorthernecho.co.uk/news/newsbyedition/northyorks/display.var.1668314.0.gm_probe_catches_out_traders.php


 

 

Noreg/Zambia: Samarbeid om mangfald

 

Noreg har saman med Zambia invitert til internasjonale konsultasjonar om koleis land kan sikre rettane til i samband med det plantemangfaldet dei forvaltar. Eit stort mangfald av matplantar representerer ei forsikring og er ein av dei viktigaste miljøfaktorane for bønder på landsbygda i utviklingsland.


 

 

Meir om arbeidet med Farmers rights

 

Konsultasjonane i Zambia denne veka (18.-20. september) vil førebu diskusjonane under dette temaet på møtet i den internasjonale traktatens styrande organ, som skal møtast seinare i år. Noreg tok i 2006 initiativ til at rettane til bønder vart sett på dagsorden i denne samanhengen.

 

http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/aktuelt/nyheter/2007/Sept-07/Planter-Plantemangfoldet-forsvinner.html?id=480931


 

 

Tyskland: Minsteavstand 150 meter

 

Den tyske landbruksministeren Horst Seehofer, har endeleg bestemt seg for nye reglar når det gjeld avstand mellom GMO og konvensjonelle dyrkingsareal. GMO-mais skal i framtida ha ein minsteavstand på 150 meter til konvensjonell mais. Dersom den er økologisk, vert grensa dobla.

 

Når det gjeld erstatningsansvar vert reglane i hovudsak uendra, og det er venta mindre strenge reglar for merking av GMO i matvarer i Tyskland.

 

http://www.gmo-safety.eu/en/news/579.docu.html



EU/Australia: Smekk for GMO-fri sone

 

EU-domstolen har stadfesta at det var ulovleg av ein australsk region å erklære seg for GMO-fri. Domstolen avviste appellen frå Upper Austria og den australske regjeringa, som ynskjer å forby all bruk av bioteknologi i matproduksjonen i denne regionen.

 

- Dette er godt nytt for bøndene i Upper Austria, som no kan velje å bruke GMO om dei ynskjer det, seier Johan Vanhemelrijck, generalsekretær i General EuropaBio.

http://www.eubusiness.com/Agri/europabio.7-09-14/



EU: Nye genspleisa produkt til debatt

EU-ministrane og nasjonale ekspertar vil truleg godkjenne ein ny genmodifisert sukkertype denne månaden, trass i stor usemje om bruk av genteknologi. Kring ti nye produkt, for det meste mais, men og bomull, soyabønner og potet, skal handsamast på ulike nivå i EU dei neste månadane.

Den nye sukkertypen heiter H7-1, som er utvikla av Monsanto og det tyske selskapet KWS SAAT AG, er resistent mot plantegift som inneheld glysofat, skriv Reuters.

 

http://uk.reuters.com/article/scienceNews/idUKL0774936120070907


 

 

Filippinane: Mellombels forbod

 

South East Asia Regional Initiatives for Community Empowerment (SEARICE) har saman med Greenpeace fått medhald i retten for eit mellombels forbod mot dyrking av genmodifisert ris på Filippinane.

 

http://searicepgr.multiply.com/



 

Mosambik: Utviklar sin eigen GM-cassava

Mozambiks Nasjonalinstitutt for Landbruksforsking (IIAM) har med finansiell støtte frå the United States Agency for International Development (USAID) presentert ein ny type genspleisa cassava-frø som er resistente mot rotsjukdom. Dette er ein del av eit toårig prosjekt der over 50 tusen småplantar av denne rotveksten skal distribuerast blant småbrukarar i den nordlege provinsen Nampula.

 

http://www.apanews.net/apa.php?page=show_article_eng&id_article=40840



Brasil: Utviklar sin eigen GM-soya

I løpet av fire år skal det bli mogleg for bønder over heile verda få plante brasiliansk GM-soya. The Brazilian Agricultural Research Corporation og det tyske kjemikalieselskapet Basf vil med dette få slutt på dominansen til Monsanto i Brasil. Dei vonar i tillegg å kapre mellom 10 og 20 prosent av den globale marknaden for genspleisa soya.

 

http://www.anba.com.br/ingles/noticia.php?id=15845


 

 

Frølager på sju språk

Nettsidene til Svalbard Globale frøhvelv er no tilgjengelege på sju språk: Arabisk, engelsk, fransk, kinesisk, russisk og spansk - i tillegg til norsk. Men kvar?

 

http://www.frohvelv.no/


 

 

Ny bok: Genenes gåte

 

Dag O. Hessen og Thore Lie har gjeve ut ei informativ bok om genteknologiens historie på Spartacus forlag. ”Genenes gåte” gjev, i følgje Trond berg Eriksen i ei bokmelding i Morgenbladet, ei verdifull orientering om utfordringane innan gen- og bioteknologien.

 

http://www.morgenbladet.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20070914/OBOKER/709140051/0/ABONNEMENT


 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Ren Mat har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for september 2007.

 

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no