Gennytt 16. august 2007

Nr. 14 - 2007, årgang 9.

 

Minimal uavhengig forsking på GMO og eventelle skadeverknader i Noreg

 

Dansk miljøvernminister meld til politiet

 


 

 

Bukken og havresekken?

 

Seniorrådgjevar Jan Husby ved GenØk (Norsk Institutt for genøkologi) meiner at det er svært uheldig ar forsking på GMO og skadar på helse og miljø nesten er fråverande. I dag er det berre bioteknologiindustrien og ”deira” forskarar som legg fram datagrunnlaget for å vurdere tryggleiken til GMO.

 

- Og det gjer dei på ein svært mangelfull måte, skriv Husby i ein kronikk i Dagbladet 7. august.

 

http://www.dagbladet.no/kultur/2007/08/07/508133.html


 

 

Danmark: Minister meld til politiet

 

Danmarks miljøminister Connie Hedegaard er politimeldt av Greenpeace. Miljøorganisasjonen meiner ho braut dansk lov då ho godkjende bruk av den antibiotikaresistente maisen MON 863.

 

- Ho har brote lova om ministeransvar, seier Dan Belusa frå Greenpeace.

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=41684&a=Greenpeace%20polisanm%E4ler%20minister

 

Også Per Clausen frå Enhedslisten har tidligare påpeika at godkjenninga er i strid med dansk lovgjeving.

 

- Det er pinleg at det er naudsynt å melde miljøministeren til politiet, fordi ho nektar å følgje dansk lov, som klart forbyr antibiotikaresistente GMO-produkt. Saken viser at ministeren let omsynet til EU og dei store kjemikalie- og matkonserna gå framfor omsynet til helsa til danskane, seier Clausen til dansk TV2.

 

http://nyhederne.tv2.dk/politik/article.php/id-7516570.html


 

 

EU: Trygt å ete GMO-fôra dyr

 

Det er ikkje funne GMO-restar i egg, mjølk eller kjøt frå dyr som har ete fôr som inneheld genspleisa plantar, seier EFSA, EU's food safety agency. Greenpeace overleverte i februar ein million underskrifter til støtte for merking av produkt som kom frå dyr fôra med GMO.

 

Fram til i dag har ei rekke forsøk ikkje vist fragment frå GMO i produkt som kylling, svinekjøt, mjølk eller egg, skriv EFSA i ein rapport og viser til 19 uavhengige forskingsrapportar.

 

http://www.thepoultrysite.com/poultrynews/12487/no-gmo-from-feed-found-in-meat-or-eggs-eu-agency


 

 

Irland: GMO-forbod raserer lokal matproduksjon?

 

Prisen på dyrefôr kan auke med 25 prosent dei neste to åra dersom ikkje EU godkjenner genspleisa mais, åtvarer Northern Ireland Grain Trade Association (NIGTA) Dei er redde det vi gjere matproduksjonen i EU lite konkurransedyktig.

 

Innbyggjarane vil dermed ikkje lenger kunne velje mellom importert og lokal mat, fordi den sistnemnte vert mykje dyrare, seier presidenten i NIGTA, Robin Irvine til Belfast Telegraph.

 

http://www.belfasttelegraph.co.uk/news/local-national/article2831987.ece


 

 

Finland: Protestar mot GMO i svinefôr

 

Kring 50 demonstrantar i Forssa protesterte i byrjinga av august mot at LSO Foods har fått løyve til å importere grisefôr som inneheld genspleisa soya. Hannes Tuohiniitty, talsperson for kampanjen mot GMO, seier at dei fekk støtte frå forbrukarar som ikkje ynskjer slike svineprodukt på marknaden. Saman med The Finnish Association for Nature Conservation oppmodar ho til boikott av svinekjøtprodusentane HKScan og Järvi-Suomen Portti, begge kundar hjå LSO.

 

http://newsroom.finland.fi/stt/showarticle.asp?intNWSAID=16384&group=General


 

 

Australia: Minister vil satse på GMO

 

Regjeringa i Australia meiner at bønder burde satse meir på dyrking av GMO. I ein ny rapport som er gjort på oppdrag frå regering i Australia vert ei rekke føremonar med GMO trekt fram.

 

Det er førebels berre i delstaten Queensland som tillet GMO-dyrking. Fire andre vurderer no forbodet, og jordbruksminister Peter McGauran ber delstatane om å fjerne forbode så snart råd er, slik at det vert mogleg for fleire bønder å dyrke GMO, framfor alt oljevekstar, skriv nyheitsbyrået AAP 13. august.


 

 

GMO-arealet i verda aukar

 

Auken i areal med GMO held fram med uminska kraft. Kring ein firedel av all dyrka mais er no genmodifisert, og arealet omfattar meir enn 100 millionar hektar. Berre frå 2005 til 2006 er auken i det dyrka arealet på 13 prosent.

 

Den utbreidde skepsisen i Europa har så langt hindra store GMO-areal. I Spania vert det dyrka kring 50.000 hektar med Bt-mais, medan land som Frankrike, Portugal, Tsjekkia, Tyskland og Sverige dyrkar til saman knappe 10.000 hektar med GMO. Men det er forventa ein stor auke i åra framover, særleg av genspleisa mais.

 

Det amerikanske landbruksdepartementet har rekna ut at marknadsverdien av GMO-frø som vart nytta i verda i 2005, utgjorde 5,25 milliardar dollar, det er 18 prosent av verdsmarknaden for såfrø.

 

15 prosent a pesticidforbruket i verda vert nytta på genmanipulerte avlingar.

 

http://www.maskinbladet.dk/article/article_view.php?id=20158


 

 

Monsanto får konkurranse

 

Med ein ny metode til å genmodifisere plantar går frøfirmaet Pioneer HI-Bred til åtak på gengiganten Monsantos suverene dominans.

 

Til no har Monsanto nærast hatt monopol på området, men med ein ny teknologi og patenterte gen forventar Pioneer å ha dei første genmodifiserte frøa på marknaden i 2009 under namnet GAT. Auka konkurranse kan presse prisane på GMO-såfrø ned, skriv Maskinbladet.

 

http://www.maskinbladet.dk/article/article_view.php?id=20157


 

 

Nei til GMO, ja til reglar for sameksistens

 

- Eg ser ingen grunn til å nytte GMO-frø i Noreg. Eg ser ingen dokumenterte fordelar verken for produsentar eller forbrukarar, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen, som likevel vil ha reglar om sameksistens mellom GMO på den eine sida og økologiske og konvensjonelle vekstar på den andre sida. Forslag til norsk regelverk om slik sameksistens, skal vere ferdig i løpet av hausten.

 

Kvar tredje nordmann trur det er lov å dyrke GMO i Noreg.

 

- Norske matplantar er ikkje genmodifiserte, forsikrar Riis-Johansen. Så mange som 32 prosent av dei spurte trur at det er tillate å nytte genmodifiserte organismar i Noreg, i følgje ei undersøking MMI har utført for LMD.

 

- Ein viktig strategi for at bønder og forbrukarar skal kunne velje GMO-fritt også i framtida er å søke og stimulere potensielle samarbeidspartnarar i aktuelle U-land til å dyrke GMO-frie varer som soya og mais mot ein anstendig pris. Slik kan vi bistå U-land og samtidig sikre tilgang på produkt av ønska kvalitet, seier ministeren.

 

http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/dep/Landbruks-_og_matminister_Terje_Riis-Joh/taler_artikler/2007/Norske-matplanter-ikke-genmodifisert.html?id=477194


 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Ren Mat har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for august 2007.


 

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no